Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/101

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
— 93 —

vart til ein varg. Skade tok ein eitr-orm og feste uppyvir andlite til Loke; or den draup eitr. Sigyn, kona til Loke, sat der og heldt ei skaal under eitre. Men naar skaali var full, bar ho eitre ut. Imedan draup eitre paa Loke. Daa kipte han seg so hardt at all grunnen skalv; dette er no kalla jordskjelv.




1. Gudane er i lag hjaa Æge (sjaa v. 3), og Loke kjem og vil vera med. Ute raakar han Elde (eld-mann, kokk), tenaren til Æge.

3. Æge (namne tyder „hav“, angels. eagor[1]) er ein havrise, gift med Ran. Grimn. ogso nemner at æsine er samla hjaa Æge, like eins (seinare) Hymeskvida. At han er rise tykkjest vera gløymt, sidan han er godven med gudane.

6. Lopt, namn paa Loke, han som fer gjenom lufti. S. Bugge meiner at namne hev komi utanfraa, ved paaverkning fraa kristelege forteljingar om fljugande djevlar.

9. Blod-blandingi (og fostbrorskapen) millom Odin og Loke meiner S. Bugge hev upphave sitt i kristelege truir um Lucifer, at han fraa fyrsto var ein av dei kjæraste englane til Gud.

15. Benkje-pryde, sml. gaata fraa Telemork: „bruri er det som pry’r i salar.“

16. Idunn (ho som gjev uppatt-nying), ukjend i Danmark og Sverige. Tjodolv fraa Kvine fortel i Haustlong at Loke røva ho og førde ho til risen Tjasse, men laut hente ho att der. Ho var gift med Brage. Nokon gamall guddom tykkjest ho inkje vera. Bror hennar kjenner me inkje.

Med ynskjesønir til Brage, skaldeguden, maa ein helst tenkje paa diktarane.

19. Til Gjevjon kom møyar etter dauden; dei svor ogso ved henne. Skalden Brage fortel at ho drog land fraa Gylve og dermed auka Danmark. Og Snorre segjer at dette lande var Sjælland, som ho pløgde ut der Mælaren no er.

Mange trur at G. tråa fyrsto er eit anna namn paa Frigg.

20. Sveinen ljose. Snorre kallar Heimdall den kvite aas, og sume meiner at han ogso er meint her. Sylgja skulde daa vera brisinga-mene, som H. ein gong drogst med Loke um.

22. Same slag skuldingar mot Odin i Haarbardsljod og Sone-tape av Egil Skallagrimsson.

23. Loke var mangfeld, fisk, fljugande, ku, merr, kvende. Hyndleljod 41 fortel at han vart med born.

  1. Æge-dør er det upphavlege namne paa elvi Eideren. Ægissida gardsnamn paa Island; kanskje ogso i Hobøl, Austf., no Isi.