<poem> aldri slikt utjo kom til aasa-sønir, all er du, sugga, søylut.“
- Daa kom Tor; han kvad:
57. „Tegje deg, tvitoling![1] trudhamaren min, Mjølne, skal mæle ditt døyve; eg herd-kletten[2] slær av halsen paa deg, og daa mun live ditt lide.“
- Loke kvad:
58. „Sonen til Jord no inn er komin, kvi staakar du soleis, Tor? mindre vaagar du voni, naar du vargen møter og han svelgjer Sigfader heil.“
- Tor kvad:
59. „Tegje deg, tvitoling! trudhamaren min, Mjølne, skal mæle ditt døyve; upp eg deg hiv og burt i austerveg, sidan ingin deg ser.“
- Loke kvad:
„Austferdir dine, deim, storkjempa, føre du ingin for øyra; i hanske-kraai du krøkte deg inn, daa tottest du ’kje Tor vera.“
- Tor kvad:
61. Tegje deg, tvitoling! trudhamaren min, Mjølne, skal mæle ditt døyve; Rungnes bane berja[3] deg skal so det støkk i bein og bunur.
- Loke kvad:
62. „Liva og etlar meg langan alder, um du med hamaren hotar; seige tottest deg Skrymes reimar, og nista du inkje naadde; daa svalt du mest heilt i hel.“
- Tor kvad:
63. „Tegje deg, tvitoling! trudhamaren min, Mjølne, skal mæle ditt døyve; Rungnes bane beinast deg sender
nedum naa-grindi.“