Side:Aasen - Ervingen.djvu/27

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent
29

Inga.

Ja, men han er so inderlege snild til aa snakka med.

Hermann.

Stakkels eenfoldige Barn! De største Skjelmer kunne ogsaa være snilde at snakke med. Veed ikke du hvem han er, saa ved nok han hvem du er.

Inga.

Nei, han veit ikkje kven eg er; det var det han spurde um no sidst, og so fekk eg ikkje Tid til aa fortelja det.

Hermann.

Naa, det har han ogsaa villet indbilde dig! Jo, det maa være en rigtig Lurendreier. Aa! det var da en ulykkelig Time, da det Menneske kom her paa Land.

Inga.

Men kvat skal no alt detta hava paa seg? Kvat kann det vera, elder kvat heve kan med oss?

Hermann.

Stakkels Barn! Jeg kvider for at sige dig det. Du faar tidsnok vide det. Vi faar nok alt for god Leilighed til at kjende den Mand, baade jeg og du, desværre. (Gjeng).

Inga (aaleine).

Nei, no veit eg daa aldri meir, kvat eg skal tru elder tenkja. Eg heve mest kunnat merka, at det var nokot, som ikkje var rett voret. Men kven kunde no tru, at ein Mann kunde vera so snild og endaa vera ein Skarv? Nei, so galet kann det no ikkje vera helder; for daa vilde ikkje han Olav og ho Gunnild hava so god Kjennskap med honom. Men nokot galet maa