Side:Aasen - Ervingen.djvu/26

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent
28

Inga.

Og so trur eg, at det høver ikkje rett til slik ein Sumarkveld; for daa er det so myket vænt og fagert aa sjaa paa Markom, at ein heve ikkje Hug til aa slaa seg til Ro.

Aamund.

Det er rett. D’er Vetterkvelden, som høver best. Og so er det so godt, naar d’er berre gamle Kjenningar saman. — Men det er sant: eg sagde, at me var kjent Folk; men det var no ikkje alt so rett, for eg heve endaa ikkje fenget vita, kvar du er ifraa, elder kvar du heve Folket ditt. Eg spurde honom Olav i Stad; men so kom det nokot i Vegen, so eg ikkje fekk nokor Greida paa det.

Hermann (utanfyre).

Inga! Inga!

Aamund (til Inga).

Aa ja, me finnast vel snart. (Gjeng).

Tiande Koma.
Hermann, Inga.
Hermann.

Hvad Slags Kjendskab er det, du har med denne Person? Jeg saae nok, hvem du talte med.

Inga.

Eg veit ikkje nokot um honom, annat en ho Gunnild sagde, at det var ein av Kjenningom deira.

Hermann.

Og endda kan du gaa og snakke saa fortrolig med ham?