Side:Aasen - Ervingen.djvu/25

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent
27

Bjørkelunden fekk standa i Fred. Her er den vænaste Staden, som eg heve seet i Dag, og her tykkjer eg, at eg minnest Barndomen best. Aa, kor alt i Verdi er umskiftelegt! — Men der ser eg ei Gjenta koma gangande, og det er den same fagre Gjenta, som var med oss her i Stad. Kvar skal eg tru, ho kann vera ifraa? Ho heiter Inga, høyrde eg, og det er det einaste, som eg veit. Ho kjem denne Vegen; ho ser vist ikkje meg. Men no skal eg daa sjaa til aa møta henne likevel.

Niande Koma.
Inga. Aamund. (Sidan) Hermann).
Aamund.

God Kveld paa nytt! Det var eit godt Møte. Men lat meg no ikkje skræma deg, som eg gjorde, fyrste Gongen i Dag. Eg tenkjer du er rædd meg endaa.

Inga.

Nei, langt ifraa!

Aamund.

Nei, det er sant; me er kjent Folk no, sidan me heldt paa aa stevjast i Stad.

Inga.

Ja, men det vardt so litet av den Leiken; det var berre som eit litet Tiltak, og so vardt det ikkje meir.

Aamund.

Nei, det hadde vordet større Moro, naar det hadde vart noko lenger.