Hopp til innhold

Side:Aasen - Ervingen.djvu/24

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
26

og so er eg daa ikkje verre komen, en at eg kann finna meg ein Heim paa ein annan Stad.

Olav.

Ja, men du tenkjer daa vel aldri aa sleppa det fraa deg soleides vanfreistat?

Aamund.

Det var visst det klokaste; so fekk daa kvar hava sitt i Fred. Men eg er nokot tvihugad. D’er vondt aa skilja seg fraa Fødestaden og; d’er mange Minne der, som draga Hugen heimatter.

Olav.

Ja det trur eg vel! D’er ingen Heim slik som Barneheimen. Og so er det no ikkje verre, en at du kann retta paa mangt og myket. Du kann spara ymse unge Tre, som renna upp; du kann taka nye Tre og setja deim, kvar du vil; so heve du Moro av aa sjaa kor dei veksa. D’er ikkje liten Hugnad det! — Og difyre vil eg no, at du skal standa paa din Rett og inkje sleppa honom, fyrr en du ser Log og Dom fyre det.

Aamund.

Eg lyt freista paa det og sjaa, um der er nokor Von fyre meg.

Olav.

Det var godt aa høyra; det skal du hava Takk fyre. — Men det er sant: eg heve ei Ærend til ein Mann, som eg hadde so nær gløymt. Far vel so lenge. Me finnast vel snart atter. (Gjeng).

Aamund (aaleine).

Nei, her lyt eg standa ei Stund til og sjaa paa dei gamle Bjørkerna. Det var saa vel, at denne