Hopp til innhold

Side:Aasen - Ervingen.djvu/23

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
25

Nei, det er dog sandt, hvad jeg nylig læste etsteds: Naar en dannet Mand skal bo i en Afkrog og blot omgaaes med udannede Folk, saa vil han om nogen Tid blive ganske rustificeret: ja ganske rigtig; han bliver rustificeret, ganske forrustet ligesom gammelt Jern. (Gjeng).

Aattande Koma.
Olav og Aamund.
Olav.

Ja, det er leidt nog; eg heve harmast pag, det stundom, eg og.

Aamund.

Eg kann ikkje annat en harmast, naar eg ser, kor Garden er tilstellt. Eg hadde gledt meg til aa sjaa atter den fagre Skogen og dei grøne Vollarne; men det vardt ikkje stor Fagnad med di. Det er so myket, som er umsnutt og umskapat, at ein inkje kann kjenna det atter; og so er det berre slik Umskapnad, som ikkje er nokot Gagn i.

Olav.

Ja, du veit, kor det er med slike Folk: d’er no altsaman galet, det som me hava gjort, og so skal det daa verda umskapat, maa vita. Og so ser eg, det vil ikkje verda nokon Framgang med di; det verd oftare berre Stakkarsdom.

Aamund.

Eg maa segja, eg likar det so illa, at eg er mest lika glad anten eg fær nokot av denne Garden elder ei. Det er ikkje den Heimen, som eg hadde i Hugen;