Hopp til innhold

Side:Aasen - Ervingen.djvu/17

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
19

mange no som fyrr, so skulde eg fulla havt Hug til det same.

Gunnild.

Aa, du kann vel nokre Stubbar endaa, naar du berre kjem paa deim.

Aamund.

Er dei so trottuge til aa kveda Visor her i Bygdi no, som dei var fyrr?

Inga (avsides).

Han maa vera her or Bygdi.

Olav (til Aamund).

Aa, det er no so ymist med di; det sullar og mullar kvar paa si Viis; for eg skal segja deg: me hava ikkje lært aa syngja etter Notar endaa, som dei gjera burt i Storbygdom; der kann dei inkje syngja, utan dei hava Notar; ja du veit kvat eg meiner: d’er nokot som er uppsett paa Papiir med nokre Tverstrik og smaa Klumpar i Endom, mest liksom det, som me kalla Rovetroll.

Aamund.

Ja, det heve eg seet nog utav.

Olav.

Ja. Og so vil dei ikkje vita av andre Tonar en slike, som er skrivne. Vil du syngja nokot annat en det, som stend paa Setelen, so segja dei, det er Fals og Fusk. Og so skal ein ikkje syngja, utan ein heve nokre fleire med seg; daa skal dei setja i, alle paa ein Gong, og gaula som mest dei vinna.

Gunnild.

Ja, men det maa vera vænt aa lyda paa.