Side:Aasen - Ervingen.djvu/16

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent
18

Aamund.

Han heve ikkje spart Humlen, den som bryggjade detta. Ha, Ha! Nei, du Olav, du er daa lika lystig, som du heve voret.

Olav.

Ja-menn er eg so, alt medan ingi Uheppa slær paa. Eg tykkjer, det er stygt, naar eg ser ymse Folk, som hava berre gode Dagar og endaa kunna ganga so grettne og grinalle, som dei vilde skræma alle Folk ifraa seg. — Men det ser eg, at me faa meir Sellskap. (Avsides). Ja, det var no leidt, at ho Inga skulde vera med; for daa faa me ikkje tala um alt, som me vilde.

Sette Koma.

{{sentrert|Gunnild. Inga. Olav. Aamund.

Aamund (avsides).

Nei, kvar kann den Gjenta vera fraa?

Gunnild.

No, so skal me raakast her daa; eg hadde mest ei Von um nokot slikt. No var me tenkte paa aa ganga burt paa Leikvollen. (Avsides til Olav). Men det var galet det, at desse tvau skulde møtast. Skulde ho no spyrja meg, kven han er, so veit eg ikkje kvat eg skal svara.

Olav (til Gunnild).

Det er lika eins med meg. Me faa firma paa nokot til aa venda det av med. — (Høgt). Eg skulde og hava Hug til aa ganga paa Leikvollen; men so hadde eg so myket no til aa røda med denne Mannen, at eg gløymde alt annat. Han sagde det i Stad, at hadde me voret fleire saman, so skulde me setja oss til og kveda gamla Visor; og hadde eg kunnat so