Side:Aasen - Ervingen.djvu/15

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent
17


Lat det merkast i meir en i Ordi,
at me halda den Arven i Stand,
at naar Federne sjaa att paa Jordi,
dei kann kjenna sitt Folk og sitt Land.

Aamund.

Takk skal du hava. Du kann tru, det gjerer godt aa høyra atter dei gamle Tonarne, naar ein heve voret nokre Aar burte. Hadde me voret fleire saman, so vilde eg, at me skulde setja oss til og kveda gamla Visor, so lenge til me vart trøytte. Eg vardt ikkje litet glad, daa eg gjekk fram med Leikvollen her i Stad og høyrde ei Fela; eg tykte, det drog meg, at eg skulde burt i Leikstemna og dansa. Men eg laut halda meg fraa denne Gongen; for skulde Folk sjaa, at eg er heimkomen, so hadde eg vordet so kringsett av gamle Kjenningar, at eg fekk ikkje snu meg; og no heve eg ikkje Tid til aa røda med deim endaa; for eg heve ymse Ærender, som det hastar med.

Olav.

Det er ventande det, at du heve mange Ærender no baade hjaa Smaafolk og Storfolk, og so gjeng det vel ikkje fort med di helder; det stend ikkje alle ferduge til aa taka imot deg; det kann ganga, som Guten song, daa dan gjekk og kravde Pengarne sine: Ein Gong gjeng han og tek seg ein Tur, daa er han for full av Tankar; ein Gong ligg han og tek seg ein Lur, og daa fær du Skam, um du bankar; ein Gong sit han og et’ si Steik, og daa kunde Feittet stinnast[1]; ein Gong sit han i Femkort-Leik, og daa kunde Drykken linnast[2].


  1. stivne, strøkne.
  2. slappes, dovne.
Ervingen
2