Side:Aasen - Ervingen.djvu/18

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent
20

Olav.

Det kann so vera; men daa høyrer du berre Læta; du høyrer ikkje eit Ord av Songen.

Aamund.

Men bruka dei ikkje aa stevjast sume Tider, naar dei er so i Lag i Bygdi.

Olav.

Aa nei, det er ikkje slikt no som fyrr; for me hava so myket annat til aa gjera no, maa vita. Me skal røda um Regjeringi og um Tingmennerne; me skal døma um ymse Diktarar og Diktarverk og um alt det, som stend i Avisom; me skal vera med i ymse Bulag elder Samlag og læra oss til aa halda Talar og drikka Skaaler og meir slikt. Ja — det er sant: d’er reint galet dette, at me ikkje hava nokon Drykk fyre Handi her; for naar Rett skulde vera, so skulde me ikkje tala eit viist Ord, fyrr me hadde eit Bord framsett og ei Kanna med Puns uppaa, so heit, at det rauk upp med øyrom; daa fyrsta skulde me faa upp Maalet.

Aamund.

Eg tykkjer no so, at eg tenkjer og talar best, naar eg ikkje ser nokon Drykk.

Olav.

Daa er du lik meg. — Aa nei, du Gunnild, eg kann ikkje segja, kor glad eg er .... (Avsides). Hyss, der hadde eg so nær forsnakket meg. (Høgt). Men me røda um aa stevjast. Det skulde vera Moro aa freista det no med same, naar berre Kvendfolki vilde vera med.

Aamund.

Ja, det skulde vera det gildaste. Daa heve det