Presten paa Vøss

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Det norske Samlags Forlag (s. 47-48).

Dæ va ei Gong ein Prest paa Vøss, eitte – ja no ha e gløymt taa, ko Presten eitte; men e trur Klukkaren eitte Jæger. Detta lyist no alti ut te vera eit rart Navdn før ein Klukkar, men e trur skjele han eitte dæ lell.

Dena Presten hadde Svartekunstboke, o dæ skull vøre Kar so jamble brukte ho mæ. Men ei Gong hadde Døtte hass faatt fat i Boke o las o løyste hin Mann, ve Presten sto paa Predikstole o la ut ein Synndag. Han kjende dæ paa se, at ikji alt va, so dæ skulde vøre, skunda se sa Amen mitt i Talun si, gauv paa Døre o hylte heimatt, so den Vonde sjøl ha vore i Hælo paa hono. Ølmugin sto atte paa Kyrkjibakka o sprovde o stirde; dei hadde kji noko gjera i Kyrkjun, ner Presten va burte. I Gange i Prestgardsbygnae møtte han Bøyge. Daa han fekk Auga paa Presten, sporde han trast ette Arbei. „Du ska leggje Reip taa Sand nepaa Fjøven her, den lange Rækkel du æ!“ svara Presten. Ja, han to te leggje, o Presten to te binde. Men no hadde han gjort noko gale Presten, so han hadde kji gjort gøtt atte fere, o dugde so ikji noko, so Styggen vilde te blia stygg ve Presten. So laut han sende Bø ette Klukkare. O ja, han kom o dæ trast, før kodan Klukkar æ dæ, so kji kjem, ner Presten skjikka Bø. „Du ha ogso tent me“, sa den Stygge te Klukkare. Jaha, de æ sant dæ, dæ æ sant dæ, min Mann, dæ ha e gjort; men inkji, ner e kji ha vøre nøygde te“, svara Klukkaren. „Jau, du ha støle“, sa Styggebøygen atte. Ja e stal tvo Skjiling; men dæ gjorde e, taa di e va svøltin“, sa Klukkaren atte, „o so stal e seksta Skjiling taa Mor minnar; men før dei kjøfte e me ei gudele Bok“. Ja, detta va sannt, o mea Klukkaren sto reiv Kjaft mee heno Manne, hadde han vore go te faatt stilt se te hatt Helda attpaa, so han inkji gaadde dæ før ette sia.

PD-icon.svg Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.