Presten i Lisslomisprestgarde

Fra Wikikilden
Det norske Samlags Forlag (s. 48-49).

I Svenise si Ti va dæ ein Prest paa Lisslome, eitte Feltmann. Men dæ mæ va ein, so kunna lite vætta meir en eta Kallgraut. Dæ va kji skjele gøtt før Presto heldan i dei Tien, dei voro mest nøygde te ha Svarteboke, dæ va føt mange i Bygden, so kunna enkort Fantrie, maa veta, o dæ gjekk kji an, at ein Prest skulde staa tebakers før nokon Bonde i rara Kunste ell i enkort anna heldan. Difør hadde dei meste Prestadn daa gange Wittenbergskula. O dei so dæ hadde gjort, vøro kji tøye Kara. Ei Gong va Feltmann te Gjesstebøs hjaa Svenise. „Gjer me no eit Spøk paa Heimattvege daa“, sa’n te Svenise, daa han ba vælleva. Ola svara inkji han, berre sto fulgliste ve se sjøl. Ress so dæ va, datt eine Hjule unda Kariole hass, dansa te over Vegabradden o te burtigjøno eit Skogasnar, so Eldfrasen sto ette. Presten ba Skjussguten gaa sta ette Hjulen. Han te yle o bera se ille. So gjekk Presten sjøl ette henne o sette ho uppi Kariolen, smorde paa, o i Vegen bar dæ ifraa eit Bakkeres burtpaa hitt, ifraa ett Synand te dei are skjele so ein Toreskjimt. Daa dei voro komne heimatt, gjorde han den Stygge atti Vegen te Svenise, Svenisen gjorde han atti Vegen te Preste, Presten skjikka hono endaa attende te Sveniso; men daa va han kji go fere blia kvitt hono atte. Dei skull hatt se førnøn baae Karadn daa, før dei fingo bønde han atte.

Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.