Prøver af Landsmaalet i Norge/47. Hus-Livet
46. Friaren under Glaset | Prøver af Landsmaalet i Norge 47. Hus-Livet[1] av Ivar Aasen |
48. Barne-Minne→ |
Dar som dat harde med dat linne
og sterkt og mildt er saman inne,
dar giv dat jamt so god ein Klang.
Di[2] skal ein, fyrr ein bind seg, prøva,
um Hjarta kann til Hjarta høva.
En Draum er kort, ein Harm er lang.
Prydeleg i Brudar-Lokkor
glimar Møyarkransen frid,[3]
naar dei klaara Kyrkjeklokkor
bjoda Folk til Bryllaups Tid.
Men vaar største Fest i Livet
dræg[4] med Blomstren av vaart Liv;
naar som Pyntet fell av Vivet,
burt dan blide Draumen[5] driv.
Ja, Fysno[6] fær Slut,
men Elsken maa hemdast;[7]
og Blomen døyr ut,
men Frukti maa fremdast.[8]
Mannen maa ut, i Vaas[9] og i Møda,
og syta til Føda,
maa pløgja og plukka
og freista si Lukka,
maa vaaga og trøyta
og Tiderne nøyta.[10]
So koma Guds Gaavor i Garden i Lengdi,
dat aukast i Budi dan munarleg’ Fengdi;[11]
og Bingarne veksa, og Buri seg tøygja
og heime dar styrer dan hæve Husfrøya,
dan Moder til Borni;
so visleg i Lyden[12] ho fører Stjorni.8[13]
Ho vaktar Smaaguten, ho lærer Smaa-Kella;[14]
dei trottuge Hender ha’ stødt nokot stella.
Ho aukar sin Vinning
med skipande Minning;
med Skattar ho fyller dan daamlege Hylla,
med Traad ho si snurrande Snelda mun fylla;
ho sankar i reinslege blenkjande Skrin
dan slikjande Ulli, dat snøkvite Lin.
Ho kviler aldri; ho legg dat som fagnar[15]
til dat som gagnar.
(etter Schiller)
- ↑ Fra Tydsk, efter Schiller. Af Klokkesangen (Das Lied von der glocke). De her indførte Stykker af det Tydske findes alle i Autenrieths tydske Læsebog, nemlig No. 44 Side 210, No. 45 Side 304, og No. 47 Side 287 (i Anden Udgave).
- ↑ derfor.
- ↑ smuk.
- ↑ farer bort.
- ↑ Egentlig: den skjønne Indbildning.
- ↑ den lidenskabelige Elskov.
- ↑ holde sig, trives. (Brugeligt i Søndfjord).
- ↑ have Fremgang.
- ↑ Strabadser.
- ↑ benytte Leilighederne.
- ↑ Fangst, Erhvervelse.
- ↑ Familien.
- ↑ Styrelsen. (Stjorn har lukt o, Born har aabent o).
- ↑ Pigebarnet.
- ↑ behager, fornøier.