Hopp til innhold

Prøver af Landsmaalet i Norge/46. Friaren under Glaset

Fra Wikikilden
45. Gagnet av Heimssogo Prøver af Landsmaalet i Norge
46. Friaren under Glaset[1]
av Ivar Aasen
47. Hus-Livet
etter Shakespeare


Han lær aat Saar, som aldri kende Saar. -
Men hyst! – Kvat Ljos er dat[2] dar upp i Glaset?
Dat er i Aust, og Julia[3] er Soli.
Sprett, fagre Sol, og tyn dan Maane-Skjegla,[4]
som alt er sjuk og bleik av berre Ovund,[5]
at hennar Taus er fagrar’ en ho sjølv.
Ver inkje hennar Taus; dan Ovundsykja,
so sjukleg grøn er hennar Jomfru-Klædnad;
d’er berre Narr, som ber han. Sleng han av!
Ja, d’er mi Fru, d’er dan eg held i Hugen;
aa, giv ho hadde vist dat, at ho er dat!
Ho talar, utan Ord. Kvat skal ho med dei?
Ho tala kann med Augom; – eg vil svara.
Eg er for djerv; d’er inkje meg ho ser paa,[6]
d’er tvo av fegste[7] Stjernom dar paa Himlen,
som gekk ei Ærend, og fekk hennar Augo
te blinka i sin Stad, til dei kem atter.
Enn um dei var dar sjølve Augo hennar.
Kinn-Ljosken hennar hadde skemt dei Stjernor,
som Dagsljos skemmer Lampen; hennar Augo
hadd’ straatt so bjart eit Ljos i Himmels Høgdi,
at Fuglar song og trudde, dat var Dag.
Sjaa, kor ho hallar Kinni lint paa Handi.
Aa, giv eg var ein Vott paa denna Handi,
at eg fekk strjuka Kinni dan. – Ho talar. -
Aa tala meir, Ljos-Engel, med du lyser
so klaart i denne Natti kring mitt Hovud,
som naar dat kem ein utfløygd[8] Himmels Sending
mot Folk, som keika[9] seg og stira beint upp
med undrarsame kvit-snudd’Augo mot han,
naar han skrid um dan seinleg-sigand’ Skyi
og siglar yver høge Himmels Barmen.

  1. Fra Engelsk, efter Shakespeare, i “Romeo and Juliet,” anden akt, anden Scene
  2. Ordene “da” (det) og “kva” ere her udfyldte til “dat” og “kvat”.
  3. Julie, Pigens Navn. Det er hendes Elsker Romeo, som taler.
  4. den skelende eller misundelige Maane. Maanens Navn betragtes i det Engelske som Hunkjønsord og omskrives altsaa med “she,” d.v.s. hun.
  5. Misundelse.
  6. 6 Egentlig: taler til, med Øinene
  7. fagreste.
  8. Eller fljugand’. Egentlig bevinget.
  9. bøie sig bag over.