Side:Nye testamente (1889).djvu/326

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

kalla den, som dei ikkje hava trutt paa? og kor skulo dei tru paa den, dei ikkje hava høyrt um? og kor skulo dei høyra utan der er Nokon, som forkynner?
15 og kor skulo dei forkynna, utan dei verta utsende? som skrivet er: „Kor fagre Føterne deira ero, som forkynna Fred, som bera godt Bod!“
16 Men ikkje alle lydde det gode Bodet; for Esaias segjer: „Herre, kven trudde Bodskapen vaar?“
17 So kjem daa Trui av Høyringi, men Høyringi ved Guds Ord.
18 Men eg segjer: Hava dei daa ikkje høyrt det? Jau til Vissa: „Røysti deira gjekk ut yver all Jordi, og Ordi deira til Heimsens Endar.“
19 Men eg segjer: Var Israel daa uvitande um det? Fyrst segjer Moses: „Eg vil gjera dykker aabrydne paa det, som ikkje er Folk; paa eit uvitugt Folk vil eg gjera dykker harme.“
20 Og Esaias vaagar seg til aa segja: „Eg vart funnen av deim, som ikkje søkte meg; eg synte meg fyre deim, som ikkje spurde etter meg.“
21 Men um Israel segjer han: „Eg rette all Dagen mine Hender ut til eit ulydugt og gjenordigt Folk.“

11te Kapitlet.

 Eg segjer difyre: Heve Gud daa utskotet sitt Folk? Langt derifraa! for eg er og ein Israelit, av Abrahams Ætt, av Benjamins Ættgrein.
2 Gud heve ikkje utskotet sitt Folk, som han fyreaat kjende. Elder vita de ikkje, kvat Skrifti segjer um Elias? korleides han stig fram fyre Gud imot Israel, segjande:
3 „Herre! Profetarne dine drap dei, og Altari dine reiv dei ned, og eg vart aaleine atter, og dei standa meg etter Livet.“
4 Men kvat segjer det guddomlege Svar til honom? „Eg leivde meg sjau Tusund Mann, som ikkje bøygde Kne fyre Ba’al.“
5 Soleides er daa og i denne Tid ein Leivning etter Naadens Utval vorten atter.
6 Men er det av Naade, so er det ikkje lenger av Gjerningar: elles vert Naaden ikkje lenger Naade; og er det av Gjerningar, so er det ikkje lenger Naade: elles er Gjerningi ikkje lenger Gjerning.
7 Kvat so? Det Israel traattar etter, heve det ikkje naatt; men dei Utvalde hava naatt det; dei Andre ero forherde;
8 som skrivet er: „Gud gav deim ein Dauvskaps Ande,