Nordmannen

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Se også Nordmannen (peker)
P. T. Mallings Forlagsboghandel (s. 6-7).

(Tone: Dei vil alltid klaga og kyta.)

 1. Millom Bakkar og Berg ut med Havet
hever Nordmannen fenget ſin Heim,
der han ſjølv hever Tufterna gravet
og ſett ſjølv ſine Hus uppaa deim.

 2. Og han vandeſt til Vaagnad og Møda,
der han laut vera herdig og ſterk;
og han høyrer med Hugnad ei Røda
um ſtor Manndom og dugande Verk.

 3. Fram paa Vetteren ſtundom han tenkte:
Giv eg var i eit varmare Land.

Men naar Vaarſol i Bakkarne blenkte,
fekk han Hug til ſi heimlege Strand.

 4. Naar han kom paa dei rikaſte Leider,
ſaag han tidt, at han litet var kjend;
men han visſte ein Vyrdnad og Heider,
ſom kan bu i den armaſte Grend.

 5. „Lat deim hava den Æra, dei kunna
og ſin Rikdom og Styrke dertil,
naar ſom berre dei meg vilja unna
at faa raada min Arv, ſom eg vil.“


PD-icon.svg Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.