Gamle Norig

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
P. T. Mallings Forlagsboghandel (s. 5-6).

 1. Gamle Norig, nørdſt i Grendom
er vaart eiget Ættarland.
Der er Hav, ſom heilt aat Endom
leikar um den lange Strand.
Der er Vikar og Votn og Øyar,
tuſund Fjordar og tuſund Fjell,
Snøydor, der ſjeldan Snjoen tøyar,
Dalar, der Fosſen diger fell.

 2. Leid er vel den lange Vetter,
endaa grøn vaar Granſkog ſtend,
og naar Lauv i Lidom ſpretter,
fagre Liter fær vaar Grend.
Store Dagar og ſtutta Næter
lida lett um den ljoſe Jord;
Strand og Fjord og Fjell og Sæter
ſkiner av Sol fraa Sud og Nord.


 3. Born av deim, ſom bygde Landet,
er paa Tuftom endaa til;
Garden ſtend i gamle Standet,
bygd og bøtt ſom Bonden vil.
Van til Møda, meir en til Kjæla,
leikar Lyden paa Land og Sjo.
Giv han ſitje med Sømd og Sæla
trutt paa Tuftom i Trygd og Ro!


PD-icon.svg Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.