Fyrestev

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
P. T. Mallings Forlagsboghandel (s. 3-4).

So ymſe Folk eg kjenner til,
ſom hava Hug til at kveda;
og faa dei nokot, ſom høva vil,
ſo hava dei rett ſi Gleda.

Men ſtrengt om Stevet døma dei,
og Fuſk er faafengt at bjoda;
til klena Viſor dei ſegja Nei,
dei ropa berre paa goda.

————————

„Kom med Viſor, og helſt av deim,
ſom kvika og inkje krenkja;
ſlikt ſom hever vaar eigen Heim,
og ſlikt ſom me ſjølve tenkja.“

„Tenk paa deim, ſom turva Mod,
Som ſtanda i Tvang og Trengſla.
Ei liti Hjelp var fulla god,
naar Hugen ſtend i Stengſla.“

————————

Heppen var den, ſom hadde Dug
at kveda Tanken til Ende,
ſo dei, ſom høyrde, fekk ſame Hug
og ſjølve det ſame kjende.


Heppen den, ſom var ſo hæv,
at ſlik ei Gaava han aatte
og kunde gjera ſo gilde Stev,
at Folket læra deim maatte.

————————

Eg hever freiſtat ſo einkvar Gong,
um ſjølv eg Stev kunde gjera;
men ſjeldan fekk eg ſo min Song,
ſom helſt han ſkulde vera.

Det vantar nokot paa Kraft og Vald.
Um Tanken er varm nog inne,
naar han kjem ut, ſo er han kald;
han feſter ſeg aldri paa Minne.

Difyre legg eg ſo litet fram;
eg vil inkje Tidi ſpilla.
Det ſkal inkje verda so lang ein Glam:
eg vil berre Harpa ſtilla.

————————

Symra[1] teiknar til Sumars Bil;
um Vaaren tidla ho blomer;
men fleire Blomar maa koma til,
naar Kulden or Markom rømer.


  1. Vaarblomſt, (Kvitviſe=Anemone).


PD-icon.svg Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.