Moglunten/6

Fra Wikikilden
Olaf Norlis Forlag (s. 73-83).
◄  V.
VII.  ►

Det såg mest ut til at det skulde bli ein liten verglytt i dag. Det var i allfall ikkje slik oppgang i hamna.

Mest heile den store fiskarflåten løyste. Dei skøytene som hadde vore inn-på igår hadde fiska så usturteleg godt. Det såg mest ut til at fisken var i oppsig, — som vel var. Men karane fekk snart sanne, at stormen hadde nok ikkje gjort frå seg endå. Han var kann hende eit strek meir sørleg. Men han var nok likså tung inn-på, var det likt til.

Ikkje så snart stakk båtane utom oddane, så bar det til å stange og stampe i storbåra; det vart eit hardt slet med å kome seg til seglings.

Sneseglåttringen hans Kristian og hans Johan kom tøygjande noko langt att-i skria. Dei var i seinaste laget idag, endå dei hadde mått’ reiste utan kaffe. Det var Johan i Vika sin kokkdag, og han hadde lite på det var trygg landlege; det hadde kvine så fælt i omnsrøyra heile natta.

Så hadde dei lege trygge til dei andre tok til å fure på jollan’; då bar det avstad i eit vanvet. Some fekk tid til å stikke ein kavring i lomma; andre ikkje. Og vart det slik i dag som dei andre dagane dei hadde vore ute, så vart det vel lite bruk for kavringen. Ein hadde anna å gjere enn å sitte og ete inn-på havet, slikt brot og forferdels’ det var.

Han Kristian tøygde seg så lang han var i atterromet. Båten var så forbaska tung i dag; han sette seg mest til å ri’ på kvar båreryggen.

— Vi kann ikkj bli liggand her i bakevja. Det var høvesen som såg som snarast frametter båten. Gluntane bøygde ryggen og la seg skikkeleg fram-i. Det hjelpte. Sneseglåttringen tok att den eine etter den andre. Han kom til sist opp på sida av storfiskaren i Kleiva. Han hadde ein gamall kuvnasa bindaling, lett for årane og god under segl.

Men han Jonas Jensa likte seg ikkje i år. Det hadde vore betre han ikkje hadde reist til Lofoten. Såpass gamall høvesmann han var måtte han då vite korleis det vart når ein skulde ro fiske med utsveitta kallkrokar og gørr-ungar.

Han Kristian Moa såg fram endå ein gong på karane. Og gluntan skjøna kva det galdt: Å slå storfiskaren i Kleiva. Dei sette årane godt fram-i, og for samse taktfaste tak seig nyåttringen framom den gamle bindalingen. — Hels fram! ropte han Iver Jensa forarga i det same. Det skulde vere siste året han rodde med faren, dersom det ikkje vart anna mannskap å få. —

Sneseglåttringen la seg straks til å mastre. Og straks etter fór han harvande austetter. Han var så snar og lett til å vende, at dei trong ikkje såleis ligge å slite seg landfri som råseglkarane. Han Iver såg misunneleg etter åttringen. Det var mest pokker’n til seglar. Og snesegl så hadde han no ein ved roret som kunde perse han. — — — —

Og, det var sant — sneseglåttringen vart pint og persa. Han låg stundom mest skinnflat. Men han reiste seg alltid. Og så bar det til att med ausekaret. Han Edvart Larsa stod krøkt alt i eitt over det i bakromet. Det var berre så vidt han vann halde båten lens.

Det begynnte godt i dag og. Nett same ville leiken som elles. Det var så frøset og drevset stod over båten. Dei snakka om auvatn; det var så det forslog, dette.

Men ein kunde bli lei det, når det vart så jamt, mest dagleg.

Det gjekk på livet laust. Visst var båten både stor og god og bergeleg. Det var eit under kva han greidde.

Men det var galmannsverk å kappast med skøytene inni havet kvar einaste dag, slik som dei no hadde gjort i lenger tid.

Det gjekk godt ei tid. Men når dei såleis dagleg reint la vinn på å segle seg rundt, måtte eingong ulykka hende.

Det var nok bra å ha stort fisketal. Og dei kunde vel rose seg av å vere beste åttringsbåten i været. Slik pris det var på fisken i vinter, vart det rett pengar.

Men liv og helse var no betre enn pengane. Og ein kunde ikkje vente at det sku’ gå godt på denne måten.

Det var ikkje nok dei skulde ligge her og hauke og krysse i sjø og ver som ingen annan åttringsbåt herdest med. Men det skulde vere slik ovsegling. Alltid seglet så høgt det berre gjekk an; alltid slik at livet hang i ein tråd. Det var tider då du ikkje rett visste anten du låg i lause sjøen eller sat i båten. —

Men snakke med høvesen om det vanvittige og farlege i dette, nei, det nytta aldri. Han berre flirte vinterkaldt og hardt, og la så endå verre i veg. Det var nett som han var forherda i vinter. Han var ikkje attkjennande frå vintrane før. Han var reint besett. — — —

Båten reid atter over ein stor søraustsjø, la heile sida nedåt og reiv inn så det fossa over ripa. Han var visst i ulag idag, åttringen. Han reid og reiv så besett.

— Segltøngda e vesst før stor, våga han Edvart Larsa seg til å seie. Å gå med toppa segl i dag, det var altfor mykje. Men høvesen lest ikkje høyre noko. Han var dauv for alle ord.

Det kom to skøyter gåande rett mot. Dei låg så til at det vilde bere ihop med dei og åttringen, om ingen firte.

Det var ikkje godt å vite om han Kristian såg fram. Han sat i allfall like frosen og tilstengd. Auga flaug kalde og sjøgrøne utover frøsande bårebròta, alt med’ han persa båten så hardt oppåt han kunde. Han var nok ikkje tenkt å fire.

Visst hadde dei rett hals; men trudde han verkeleg at skøytene firte? Det hadde vel aldri hendt. Dei heldt seg nok for store til å fire for ein båtskarv. Så fekk ein bruke vetet som hadde det.

Han Sivert og han Johan hadde to gonger varskudd frå halsen om skøytene; det bar meir og meir i hop; dei kom akkurat til å møtast. — Ja vel, var alt han Kristian hadde svara. Det syntest liksom leppene rørde seg; han lo visst innvendig. Vårherre visste kva han lo til idag. Det var ikkje så dyrt livet just. Sjøen auka fort vekk; han toppa seg og braut rundt kringom. Den som ikkje var fødd igår måtte sjå kva sjøver det vilde bli, slik som han tjukna og tetna til innover Sørfjordane. Han kom venteleg til å bli stor-grov.

Kallane skjøna nok altfor vel dette; den eine åttringen etter den andre hadde sloppe han unna, og for no firande for romt segl oppetter mot land. Og dei gjorde rett i det; for kva nytte var det å gå og banke og braute i timevis, når ein mest var viss på at ein ikkje kunde drage, når ein endeleg ein gong vann seg til endane. — — —

— Di fir ikkj! ropte han Johan i Vika attover; han var bleik og forarga. Skøytene var no mest inn på dei. Det kunde bere ihop kvar augeblinken.

Han Kristian såg fram, — hardt og kaldt. Og han Edvart syntest munnen drog seg til ein stygg flir. Då var han viss på at det inga firing vart. For det såg mest ut til at høvesen alltid gjorde tvertimot det som han Johan vilde. Og kunde han få Vikaprinsen til å bleikne, då først likte han seg. Det var visst den einaste gleda han hadde. — — —

Skøytene skjøna vel til slutt at det inga firing var å vente av sneseglåttringen. Og så måtte dei i siste liten dra unna, endå så fortærannes det kjendest å vike for ein åttring. Det var just så vidt dei slapp fri kvarandre; eine skøyta snerte mest att-i åttringsstyret.

Gluntan’ letna etter den fæle spenninga, dei hadde vore eit forlis nær. Og det var ikkje godt å vite om dei hadde kome med livet frå det, slik sjø det var i dag. Skøytene kunde likså godt ha knust dei i det same dei hogg over båten. Det hadde hendt før slikt. Men kjeltringane kom oftast lett frå det; åttringskarane vart i siste liten redde og firte, endå om dei hadde rett hals. Og då vart dei den tapande parten.

Han gjorde rett, han Kristian i det, at han heldt fram på streket, når han ikkje hadde firt i tide. Men han munde vere hard og kald som ein stein innvendig, når han såleis roleg kunde segle døden og undergangen imøte, tenkte han Edvart Larsa, der han stod og heldt seg i vantet etter eit stritt ausand.

Han Johan vart så frisk fram på halsen då spenninga var over. Han truga skøytekarane med neven.

Då drog han Kristian atter på fliren; sette så åttringen midt opp i ein brotskavl, så båten stod mest ende opp og ned. Halskarane drog etter anden, og sjøen silte av dei då skavlen var over.

Det vart meir og meir stusslegt; følgjet minka etterkvart, og sjøane vart så tunge å klare.

— Da e ikkj ein einaste åttring å sjå på heile have, våga han Johan seg til å seie. — Da ser mest ut til at også skøyten legg se tel å spekuler på ka di skal gjer. — —

— E du redd? Det var han Kristian som skjekte så stygt fram etter båten.

Gluntan’ tok til å murre. Han Edvart Larsa tala høgt om, at hadde some på båten noko dei vilde gjere opp med einannan, fekk dei gjere det på land. Her skulde ein bruke vetet. Han for sin part reiste ikkje ein dag meir på sjøen, dersom det skulde vare ved på denne måten. Det var så utrivelegt og nivst det kunde bli.

Han Sivert stemde i med. Rekneskapen sku’ gjerast opp på landjorda og ikkje her der dei alle sat med livet i nevane.

Han Kristian flirte berre kaldt. Mukka ikkje. Det var liksom ikkje det heile vedkom han.

Han Johan manna seg opp og sa, at så vidt han visste hadde han ingen ting å gjere opp med høvesen. Hadde han visst det skulde bli slikt kleint rolag, hadde han aldri gått med. Han syntest berre at som kar på båten og parthavar, måtte han ha lov til å seie si meining, når han såg han som sat med styret ikkje brukte vetet. — —

— Ja, tia e vel nu komen då du kann innfri løfte dett. Va da ikkj du så sku sett me a så høvesmann?

Han Kristian var stygg å sjå på. Håret stod sjøvått og villt til alle sider, og andletet var steinhardt og bleikt. Han sat som ei katt ferdig til sprangs.

Det kom ikkje ord frå han Johan. Han var bleik og ulykkeleg.

Han Kristian let no båten falle litegrand av, så segla vart fyllte. Og åttringen rennte avstad som ein piska hund bortetter dei rishøge brotskavlane. Nedi døkke båredalane var det så stusslegt og stillt som i grava.

Segla hang slappe og slong. Men kvar gongen sjøen stakk under og båten hivde seg på skomkvite båretoppen, vilde stormen tå sundt alt.

På den måten bar det lenger og lenger inn mot blåfjorden og ville veret.

Det syntest som om høvesen var komen til meir ro. Han seglde finare, og passa godt kvar sjøen, så båten reiv ikkje lenger så mykje inn.

Dei harde andletsdraga hadde slakna ein grand. Han sat og jaga med volen og skautet, og auga søkte ut og innetter det stormande havet.

Det var ikkje godt å vite kva han tenkte på. Han visste det vel snautt sjølv. Han kjende berre at det var ei lise å gå her og baute seg att og fram millom brytande brotskavlar mot å trø bugolvet dagen lang. Der var det Vikaprinsen som var herre. Han visste alltid å få det så til som han vilde ha det. Ein vakker dagen kom han vel til å fortelle det høglydt i bua, det som han no kviskra ut kringom i været, at det var Kristian Moa si skyld, at ho Maria på Bakken feitna så! Og folk syntest tru det; tru det spikarfast. Når Vikaprinsen fortalde det, var det vel ikkje å tvile på. — —

Jau, han spela sine kort godt. Dei var vel sjølvsagt av same meining heim-i fjorden som her.

No trudde vel Vikaprinsen at han skulde gjere endå eit kup: Få heile herredømet over nybåten. Og dermed sette Moglunten i bakhanda. Men han har forrekna seg litegrand. Visst skal han få båten, endå han er altfor god til ein slik styrar. — — —

Han Kristian Moa såg varmt frametter sneseglåttringen, som nett steig ein stor sjø. Han stønte ein grand, løfte så halsen og sette i veg som ein galen unghest bortetter den bakkutte blåmyra.

Ein slik nordlandsbåt vart ikkje bygd kvar dagen. Og det var mest vondt å skille seg med han. Men vilde du fram i rett tid, fekk du bruke dei nye måtane å ta deg fram på. Livet var no ein gong ikkje annleis.

Det hadde alt lenge stått klart for han Kristian, at han gjorde eit skitarbeid i fjor då han kjøpte seg sneseglåttring istadenfor skøyte, endå slik god og bergeleg båt han fekk. Men då han tinga båten ifjor hadde han set så lite av desse motorane. Og skøyte utan motor, nei, det var å gi seg stilla og vergudane altfor mykje i vold. Det hadde han set nok av ifjorvinter, då det var blankstilla i mest 14 dagar. Skøytekarane låg då jamt att i havet og rak, med båtfolket herja og hespa som best på felta. Kallan’ kunde no då dei gjekk så oppøste og argsinna gjerne tenkje litt på kven som då måtte nøgje seg med stubban’ og svart-snøret. Og istadenfor å skjelle og smelle og rive seg i håret no då den nye roaren var komen, som mest kunde trosse ver og vind og alt, skulde dei skynne seg med å ta han i bruk. — — — —

Han Kristian såg harm innetter havet. Motorskøytene var alt komne åt endane, og låg no og bakka og drog. Det vart sakte drag-ver i dag; vinden hadde spakna ein grand. Men sjøen gjekk endå høy og tung. Det gjekk seint med å vinne seg innover. Ein fekk slik avdrift i denne tunge motsjøen. — — —

Moglunten såg mest arg på båten når han ikkje kunde få sette slik i veg imot sjøen og veret som han ønskte.

Slik var det å lirke seg fram. Det dugde ikkje. Det var så fortærannes. Og ein vart stødt i bakleksa då. — — — —

Jau, Vikaprinsen kunde få åttringen. For godt kjøp. Han var forresten passeleg sundlea no. Og så kunde Vikaprinsen innbille seg at han følgde så forgale godt med tia. — — —

I kveld den kveld vilde han sikre seg den nye motorskøyta, som han hadde havt på hand ei vekes tid. Så kunde Vikaprinsen ligge her og lure og lirke seg fram millom sjøane, og ta ut berre når han fann himlen klår nok. — — — —