Hopp til innhold

Moglunten/5

Fra Wikikilden
Olaf Norlis Forlag (s. 66-72).
◄  IV.
VI.  ►

Det vart ein uversvinter, ein av dei verste folk kunde minnest. Sødausten piska på dag etter dag, veke etter veke, så det braut og bura ute i hamnegapet, som om alle havsens ville makter var lausslopne. Og fisken stod heilt innpå egga, minst to mil frå land. Nøgda av fisk mund’ der vere. Jo det var mange som meinte, at slik fisketyngd hadde det ikkje vore frammed Lofoten sidan i 94 og 95, då folk søkklasta båtane dag etter dag, lasta med dei kund’ flyte.

Det var så fortærannes som det kunde bli, dette. Gå her på land og tørste og svelte og vite, at inne i fjorden stod fisken i tette stimar.

Kallan’ reiv seg i håret og var i ulag. Some morska seg opp og lyste og banna, så det var fælt.

Andre resta på haue og formana. Tenkte ein seg rett om, så hadde nok både den og hin set han like grov. Han Anders i Vika kunde fortelle, at ein gong i gluntdagan’ hadde dei ikkje kome på sjøen i heile februar, åtfallvinden peiste på dag og natt utan stans.

Men då sjøen ein gong stillna, så var fisken komen heilt opp-i fjæresteinan’. Det vart eit brotfiske i mars, og dei reiste heim med fine lottar. — Kann hende var det nett denne harde og langvarige åtfallvinden som trongst til å skysse fisken lenger oppåt. Vårherre som styrde ver og vind, og ikkje gløymde nokon av sine, hadde vel ei meining med dette og, meinte han Lars i Dalen, den gamle halskaren hans Jonas Jensa. Det var berre om ein hadde tru og tålmod til å vente til hans tid kom. Det hadde mang ein gong set likså mørkt ut som i år, men det hadde likevel blitt ei råd. Å ga og banne seg svart og sjuk på veret, slik som mange vetlausingar gjorde, det var å legge synd på synd. Reknskapen vart tung nok å klare på den store dagen om ein ikkje bar seg såleis åt. For banna ein veret og vinden, banna ein også Vårherre som stod attom og skifte alt etter som han fann best og mest tenleg for menneskja. Men det var ikkje anna å vente enn synd og galskap når folk tok til å gå ledige og slenge, slik som ungdomen no så gjerne vilde i landlega. Når det ikkje var sjøver, var det anten å slite på koitela, reke på været eller daske med kortstokken. Noko handarbeid såg dei ikkje på. lkkje så mykje dei sette seg ned og smia seg eit par klompar ein gong.

Gud bevare oss for ei slekt som vaks opp! sukka han Lars i Dalen der han sat og stakk på småsildgarnstrengen.

Men elles måtte jamvel han vedgå, at det no var så mykje verre enn før å ha ro på seg til å sette seg ned med eitkvart handarbeid. Før i tia var det alltid så, at når ein låg i koia og høyrde vinden suse kring bunovene, kunde ein trygt blunde vidare.

Ein visste då at det ikkje var sjøver. Og drista ein seg oppå Gløshågen og såg sjøen bryte kvit ut for oddane, så var ein no reint sikker. Ikkje ein mann fann på og røre seg. Folk og båtar låg trygge. Ein kunde gi seg tid til å steikje og brase og sette seg i ro med handarbeidet etterpå. Og ingen fann på og banne Vårherre og veret og vinden. Det vart nok godver ein gong, no som alltid, trøysta ein seg med. — — — —

Men det såg ut til å vere slutt med den gode, gamle tid. Det var ikkje lenger fred å få, same kor det om morgonen ruska og reiv i buene. No var det alltid einkvan som styrte og sjaua ned på hamna. Og sette heile været på ende. Ingen kunde lenger i ro og mak tøygje han utetter morgonen, endå om ein var mest viss på at det ikkje var sjøver.

Det var å kome seg i hyret og ut og sjå i han. Stundom bar det i båtane og heilt ut i hamnegapet. Der vart ein liggande å andøve og baske til ein fekk båten halvfull av brot og skavl. Så var det å snu stamnen mot hamna og legge båten i tauan att. Men freden var spillt; det vart ikkje ro til noko slag.

Karane gjekk i ei spenning heile dagen, frå bua til Gløshågen, og frå Gløshågen til bua att, stampa og trødde, småbanna og sputta stort. For langt inne i fjorden[1] låg desse fordømde skøytekarane og rava og reiv på bruket. Og fiska gjorde dei. Vårherre einast visste kor mykje dei fiska på sitt eige bruk. Det var vel ikkje stort anna enn røvarar som rodde på skøyte. Og når dei no låg der for seg sjølv inni havet, der det stod så mykje bruk, kunde ein vite kor dei bar seg åt når dei fekk opp felta. Båtkarane gjorde ikkje stort rekning på å sjå att bruket sitt, når veret ein gong spaktest så dei kunde kome ut.

For båtfolket å halde lag med skøytekarane det var uråd. Det var heller ikkje å vente, at ein på dei små opne båtane skulde kunne ta same sjøveret som på desse skøytene; dei var då mest som farty.

Det hadde blitt fleire og fleire av desse raklefantan’ år for år. I vinter var det stundom 15—16. Og 3 hadde motor. Dei skydde ingen ting. Dei gjekk beint mot sjøen og vinden og veret, kakka og banka, og hamra og osa stygt; så det var eit helvetes spetakkel. Ein kunde høyre dei langan lei. Og fisken som var så skjerr og redd av seg! Dei kom til å skræme kvar fiskmorten frå fiskeplassane. Det gjekk endå an så lenge fisken stod så langt inn-på, der det var djupt vatn. Men lat han no kome oppåt land! Han kom vel elles ikkje nær land i år; han høyrde vel aloen og sjauen. Og vart ståande inni blåfjorden. — — —

Harmen og misnøgjet auka for kvar dagen.

Det gjekk som ei murring over heile været. Og denne murringa vaks for kvar gongen skøytene hadde vore ut-på og drege og fiska godt, med’ heile den store båtflokken låg på land.

Der vart ein kvelden tillyst protestmøte på bedehuset. Kallane møtte mannsterkt fram. Verdig og varm i mælet reiste seg den eine etter den andre og tala mot skøytene, serleg då motorskøytene. Det var ikkje tvil um at dei vilde øydelegge fiska og avfolke landet der nord. Her måtte statsmaktene straks gripe inn. Og drygde dei for lenge vart det inga anna råd enn at fiskarane fekk ta saka i si eiga hand. Dei hadde mått’ gjort så før når dei ikkje kunde bli høyrt. — — — —

Motorane skulde rivast ut ut or skøytene og søkkjast på havsens botnar. Og vilde folk fante med skøyter, på fiske, fekk dei finne seg i å ha eit serskilt hav å fiske på; ilag med båtane sku’ dei ikkje kome.

Ein ung motorsvart ibestadværing reiste seg utar med døra.

Frisk og freidig såg han ut over forsaminga. Han syntest kallan’ var for einsynte og fanatiske no. Det var berre tøv, dette, at motoren skræmde fisken. Motoren var det store eventyret, som folk i lange tider hadde lengta mot og drøymt om, når dei sat ved årane og sleit seg fram dei mange milene. Men no når eventyret tok til å bli verkeleg, no når ein tørr og utkvild kunde sitte ombord i fiskebåten og la motoren bere ein fram gjenom stilla og motvind, no då det sku’ bli ein leik å vere fiskar, no reiste folk seg og protesterte. Var det då så herlegt det livet som fiskarane førde? Ønskte dei det ikkje betre?— — —

Lenger kom han ikkje. Det tok til å murre slik i forsamlinga, at emissær Larsen i eigen person måtte bort og be motorkaren gå sin veg; elles kunde møtet ende i slagsmål og synd. — —

Motorkaren gjekk. Men han fekk høve til å rope ut idet same han for, at om 3 år hadde kvareinaste av dei som no protesterte motorbåtar.

Det heldt på og bli leven ved døra, men han kom seg då ut heilskinna. Og kallane kunde i full fred vedtake ein protestresolusjon, som vart send sør til dei som styrte land og rike. Med så gjort gjekk karane heim til buene, som låg der verslitne og små, langs tronge fjorden, halvt nedsnøa millom hamrar og storstein. Men lenge utetter kvelden gjekk ordskiftet heitt om det store brennande spørsmålet, — om ny og gamall tid.

  1. Vestfjorden. I Lofoten seier ein alltid inni fjorden, fordi det ber mot innlandet.