Moglunten/4

Fra Wikikilden
Olaf Norlis Forlag (s. 47-65).
◄  III.
V.  ►

Det gjekk som han tenkte. Kvar kjeft i bygda kom til å undrast på at Bakkefolka torde sleppe dotter si mørke kveldane og nettene ilag med ein Moglunt. Det var altfor lettsindig gjort. Visst hadde dei ikkje hittil noko serleg å utsette på den yngste Moglunten i så måte. Men han var vel ikkje så mykje betre enn dei andre Mogluntan. Han syntest tvertimot vere ein forherda skapning — med flir til alle ting, — så ein kunde aldri vite! Han var no og just i den farlege alderen. Ein skulde i allfall aldri freiste eit menneskje såleis. — — — — —

Han Kristian kunde så godt merke at ho Maria hadde fått høyre folkesnakket. Ho prøvde nok av all makt å løyne det; ho gjorde seg no og då sterk og freista le lystig og lett som før. Men det vilde så lite nytte. Ho fekk det ikkje til. Folkesnakket pinte og plaga henne, og gjorde henne tunglynd og sturen.

Han syntest på ein måte synd i henne. Men han kunde ikkje la vere å flire og erte. — Ho var då vel no endeleg fornøgd av heile roren. Det var lita moro å trø dansen når ein hadde slik fæl meddansar. Ein skulde aldri gjere det så at ein skjemte seg ut for levetia. — — —

Men ho var trossig og argsint nok. Ho heldt ut kveld etter kveld.

Det var berre innbilling dette snakket hans, bles ho. Folk undrast ikkje meir på Mogluntan enn på andre. Ho reiste på nakken og lest som ingen ting var i vegen.

Så vart det uver nokre dagar. Og då det letna oppatt kom ho ikkje. Han skreva opp til Bakken og vilde høyre korleis det var — om det vart meir ror.

Merkelig så stilt i Bakkestua idag. Berre så vidt det let i dei når han spurde.

Det måtte nok vere slutt med sputroren no, fra deira side, svara han Jens på Bakken. Sjølv var han lemster endå, som kvar kunde sjå. Han gjekk her med denne handa og fikta i fatl. Det grodde ute og rotna inne, var det likt til. Og no var ho Maria blitt sjukleg; ho hadde vel vætt seg på føtene. —

Så godt det kunde ha vore og fått endå meir agn, så fekk det nok vere med det som var. Det var dessverre inga råd med det. — — —

Han Kristian sat og småflirte og hadde vondt av dei. Det var greitt å sjå at dei hadde late seg skræme.

Ja, kva skulde han seie. Han bad dei helsa ho Maria takk for laget, og smatt så ut. Det var då ikkje anna dette enn han hadde venta. Men likevel gjorde det så vondt. Det sette seg til ein knute ned for bringa.

I denne sorga og harmen lova han seg sjølv, at her etter skulde han annleis trosse seg fram. No vilde han prøve å kome folk skikkeleg inn på livet. Søndag vilde han på ungdomsfesten og høyre på «Samaritanen». Sjølvsagt hadde han tak i siste «skandalen».

Det var nok mange som kvakk då dei såg han Kristian Moa kome stigande inn i ungdomshuset. Han var ikkje sjåande der kvar dag. Og at han no vilde kome! Han munde vere meir enn freidig og fræk. — — Men kann hende var det ei høgare makt som dreiv han dit. Ingen kunde vite. —

«Samaritanen» hadde eit langt åtvarande stykke til sine unge, om ikkje å misbruke fridomen, så han kunde bli til freisting og fall. Vist var det så at alt var reint for den reine. Dei var komne over frå døden til livet. Men dei måtte hugse på kva verd dei levde i og kva namn dei bar.

Når det som den seinare tid hadde hendt at enkelte kvinnelege medlemer hadde slege lag med slike som ein visste vandra i mørket, og gitt seg i deira vald nattetider, måtte «Samaritanen» så alvorsamt kan kunde rope ut, at slikt var farleg. Det var å leike seg med elden. Ein kunde og burde ikkje teie til slikt; ein skulde formane sin næste så lenge ein var med han på vegen, så ein kunde sleppe å svare for dei fråfallne på den store og forferdelege dommens dag.

Det var kyrkjestilt under opplesinga. Mange auga søkte golvet. Men andre såg frimodige ut og opp i taket. Det var eit ord i rett tid, dette, som nokon kvar hadde godt av å høyre, ikkje minst dei skyldige. Dessverre var nok berre den eine tilstades. Men han var no og den skylda mest måtte tynge på. Var han ikkje ein forstokka syndar, måtte dette gjere han liten og mjuk.

Men han munde vere komen lenger nedi synd og forherding enn nokon trudde, såg det ut til. Sat han der ikkje så hard og kald og trossig som haustdagen ute. Skjemdest ikkje det grand. Stirde djervt og stivt på opplesaren og andre utan så mykje som å blunke.

Du skulde sjå dei fekk rett, som meinte, at den yngste Moglunten vart den verste. Dei hine brørne torde ikkje eingong sette sin fot innom herrens hus. Og dei kunde bøygje sit hovud i skam. Men den yngste, han som fuste fram så fort og stort og som det sagdest skulde reise Monamnet, — han flirde ein midt opp i syna, kor sterke enn formaningsorda lydde.

Medgangen hadde vel gjort han ovmodig. Han meinte seg visst før til å kunne styre alt slik som han vilde. — — Men han som sat deroppe og såg alt, han visste vel å stagge ovmodet og gjere han retteleg liten. Det var nok djupare og større meining i dette enn folk flest syntest tru, at ikkje Moglunten fekk mannskap til nybåten. Det var ikkje godt han fauk høgre no. Nedi støvet måtte han, sku’ det vere bergingsvon for han. — — —

Han Kristian sat møtet ut. Han Johan i Vika kom svingande framom. Og blid og blåøygd kom han og helsa. Heile andletet smilte. Det var rett gildt å sjå slike framandfolk i ungdomshuset, og tok så han Kristian i handa. Kor gjekk det med nybåten; hadde han fått segla sydde? Verre var vel å få fullt mannskap, så langt på året det leid. Men kven vilde ikkje ro på nybåt, og det ein slik nybåt, med snesegl. Det var ikkje å tvile på, at snesegla var betre og meir letvinte. Dei høyrde framtia til. Han var framsynt denne gongen. Det kom nok snart fleire sneseglåttringar til fjorden. — —

Orda rann så visse og vaksne, at han Kristian vart sittande og gape. Det var pokker’n til utkropen kar, den Vikaprinsen, var alt han tenkte.

Men enn om han no for ein gongs skyld overgjekk Vikaprinsen i å vere kjepphøg, og spurde om han vilde ro med. — — — Og nett så snart han hadde tenkt det var det sagt. Det skulde vere eit slag i andletet på Vikaprinsen. Ikkje rettare han Kristian visste skulde han Johan ro med morbroren, han Anders i Vika — — i år som elles. Aldri hadde han tenkt seg å få han på sin båt. Han måtte flire no det var sagt. – – –

Men han Johan i Vika smilte blidt og rolegt, og såg utover forsamlinga.

– — Ja-a, det var ikkje reint umuleg, dette han nemnde. Han var laus og ledig å kalle, no då eldste son hans Anders var komen heim fra Sulitjelma og tenkte seg til Lofoten. Du veit han fekk alltid sitte i det gamle romet sitt, om han absolut vilde. Men det kunde vere gildt å prøve andre høvesmenn ein gong. Han Anders vart gamal og varsam nok no for ein ungdom. – – –

Han Johan slutta med å seie, at han skulde verkeleg tenkje på det han Kristian hadde orda frampå om. Kunde ikkje høvesen sjå innom til han ein dag i veka, så skulde han få svar. — —

Nei, overgå Vikaprinsen og sette han fast, det skulde der noko til! Men vil de han bryte seg så små og ro med han, Moglunten, så måtte ingen tru at han sa nei. Redd var han då gudskjetakk ikkje. — —

– – – – – –

Han fekk auga på ho Magnhild; ho var med i festnemnda og for folkemillom og baud fram kaffe, kvitklædd og søndagsstill.

Ho kom ogso bort til han. Ho vart rau med det same, og handa skalv då ho skjenkte kaffien. Men ho vann snart over si uro, og vart trygg og stø som vanleg. Ho såg på han vårmildt og stort og spurde kor det stod til. Det var no så fælt lenge sidan han hadde stansa heime noko tid. Ho prøvde skjemte; — det var alltid så, — some var for mykje heime og andre for lite. – – –

Han visste ikkje rett kva han skulde legge i dette. Han såg også at ho hadde meir å seie; ho vilde vel gratulere med nybåten, ho som dei andre. Men ho syntest vel ikkje det passa. Og så tok ho det i seg att.

Ho måtte vidare fare, smilte ho. — — — Ja, da e nok mang så venta på de, fekk han seg til å seie. Han var både rau og brydd han og. Og det han sa var liksom så tonlaust og rart. Men han kjende at han måtte seie eitkvart. Han kunde ikkje berre sitte der og stire på henne, endå det var ingen ting han hadde slik hug til.

Så vaksen og ven hadde han aldri set henne. Og dei havtunge auga, som alltid hadde drege han med slik forunderleg makt, hadde aldri syntest han så rike og draumtunge som idag. Dei skein i blått og stor stille, som fjorden ein fullfin somardag når han spegla av skogklædde bjørkeli. — —

Dei kunde nok eggja. desse auga, men det var på ein slik vakker måte. Du vart varm og kjensletung, men samstundes kjende du deg så helga og rein berre ved den minste blenken. — — —

Han sat i løynd og følgde henne med auga og drøymde oppatt sine dyre draumar, så han ansa ikkje at han kvelvde kaffien utover klæda sine.

Der kom han Johan i Vika og baud seg til tenest; han skulde bere koppane, så kunde ho skjenke kaffien i. Han spøkte og lo og smilte så sælt og sigervisst.

Han Kristian kjende det slite og rive vondt og sårt i inste og djupaste hjarterot, slik som så mang ein før han har kjent det når andre nærmar seg den kvinna ein elskar og ein ikkje sjølv er viss på å eige henne.

Han var så uviss som han kunde bli. Han hadde aldri nemnt noko til henne; aldri med eit ord. Det var i grunnen reint merkeleg at han for alvor kunde få seg til å drøyme om henne. Det var gjerne toskut. Og nyttelaust. Men det var som han gjekk etter ei løynd indre røyst og vona på, at ho skulde føre han fram til det store lengselsmålet. — —

Ho Magnhild hadde truleg høyrt på bladet, og visste nok mykje meir enn der stod. Ho trudde vel han var den verste fanten på jord. Kor skræmeleg måtte ikkje alt stygt kjennest for henne, ho som var rein som snøen og høg som himlen, og ven som vårens fagraste rose!

Og så hadde ho Vikaprinsen til kvar tid gåande der og smeiske og smile attmed seg.

Jau, vonene for han, Moglunten og syndaren, som «Samaritanen» måtte ta seg av, dei var nok små. Han laut nok vere glad han fekk glytte på henne ein gong kvart året. Det er ikkje alle gitt å kome inn i Kanaan, veit du. — Men endå lyt du leve, — prøvde han å trøyste seg med.

Dei gjekk hardt på han, både han Sivert og han Edvart Larsa og kravde, at no måtte han sjå til å få fullt mannskap; elles gjekk dei ifrå. Dei gjorde ikkje stort tre mann på den store båten. Og det rasket til mannskap, som ein — om lykka var god — kunde slumpe til å få ut i Lofoten, det let dei seg ikkje lite med. Dei måtte no få vite visst om han Johan i Vika vart med. Han var vel den beste karen som det var von om no. Fekk dei han måtte dei vere sjeleglade. Og dei fekk då prøve turen, endå dei skulde vore fem mann. Der var mindre båt der sat fem mann i. Men det kunde ju vere at dei ofte fekk litt hjelp av snesegla; dei var så kringe å ta til. Ein slapp å ligge og ro seg til vinds, slik som det var med råseglbåtane. Men vart det ein godversvinter med mykje stilla, då fekk dei jammen nok å gjere fire mann.

Han Kristian hadde halvt tenkt på ein halvkar. Og det kunde nok hende at det endå fanst gluntar som vilde til Lofoten. Men det var berre skrapet igjen no. Og kva skulde han med eit lite forsvulte armodsting, som kanskje ikkje vann løfte årane! Det vart berre til å ligge i vegen og sjå seg harm og lei på.

Å nei, det fekk greie seg med fire mann. Han trudde slett ikkje båten var så tungrodd som folk meinte.

Når berre han Johan no vilde seie ifrå. To gonger hadde han vore borte i Vika og leita etter han. Men aldri var han heime.

No hadde han forsvare, at han gjekk ikkje dit oftare. Han gjekk ikkje og tagg Vikaprinsen om å vere med. Det heile var vel berre narreskap. Det kunde likne han. — —

Men han Sivert og han Edvart forsikra, at det visseleg var Johan sitt rame alvor, at han vilde bli med. Han venta berre på at høvesen skulde kome og avgjere rolaget, hadde han sagt ein kvelden inn på krambua. Han hadde ikkje høyrt eit ord frå han Kristian Moa sidan hin samtalen i ungdomshuset, så han trong han vel ikkje— eller kann hende han ikkje vilde ha han. — — —

Han Kristian klådde seg i hovudet. Pokker’n visste kva Vikaprinsen tenkte på. Det var mest utenkjeleg at han vilde sitte som kar i hans — Moglunten —, sin båt. Han måtte ha ein baktanke med det. Men kva var det?

Det kunde elles vere det same.

Visst hadde han ikkje større hug til å ha Vikaprinsen i båten. Nokon serleg gild og hyggeleg vinter vart det nok ikkje. Det kjende han på seg. Men ingen måtte tru at han var redd for å ha Vikaprinsen med seg. Og når han Edvart og han Sivert stod på sitt og var så oppsett på å få han Johan med, så kunde han sakte endå ein gong traske inn over til Vika. Den høge herren måtte vel ein gong vere heime; han låg vel ikkje altid inni Kleiva. — — — —

Han møtte Vikakjerringa sjølv idag ute i kjøkkenet. Ho ropte over seg at slikt framandfolk var ute og gjekk. Det var no dag og år si’ han sist sette føten’ innom dør der. Men han hadde ju bala og brøtest som ein kar desse åra. Og no var han blitt båteiar og høvesmann. Det var merkeleg kor greitt og lett det gjekk for some å kom’ seg fram.

Ho var nok like flink til å prate no, som før, tenkte han Kristian. Men han vilde gjere seg fort ferdig der. — Om han Johan var heime. Han vilde talt eit par ord med han, dersom det var råd.

Jau, visst var det råd til det. Han Johan sat oppå salen. Han hadde visst nokre frå ungdomsforeningen hos seg. Dei hadde jamt så mykje å stå i med. Han kunde vere glad som slapp det strevet og kunde ta seg til noko meir nyttig. Men han Johan var no ein gong slik ein godfjott, at han aldri kunde seie nei, når dei bad han om eitkvart. Og no hadde dei ikkje gitt fred før han vart med. — — — Men no skulde ho varsku han Johan om, at han fekk sjå. • ned til ein av gamlekjenningane. — Dokker va nok ikkj så lit ilag den ti dokk gjekk på skola. Men da e sant så dar står, at allting forandres ved tid og ved år, siterte ho Elen i Vika sukkande og fór ut.

Han Kristian vart sittande inne i storstua, dit han var blitt losa. Han kjende seg igjen her; det var sant. Det var dei same skilderi og søndagsord på veggene, no som den tid han fekk vere med han Johan inn her og syntest det var himmerike på jord å få lyde på alt det han hadde å fortelle. — — — Men tidene skifter; ho hadde rett i det Vikakjerringa. Han hadde no endeleg vakse seg ut av den trollringen, som batt han så lenge. Og no sat han her og skulde høyre med prinsen, om han vilde vere hans lofotkar.

– – – – –

Han hadde nok ikkje slik fæl hast med å kome ned, han Johan. Men så hadde han vel også sellskap som han likte, var det likt til.

Han Kristian vilde ikkje tru sine eigne øyra. Men det var nok så likevel, — det var ho Magnhild og ho Maria som gjesta Vikaprinsen idag.

Dei hadde det visst fælande morosamt; ein og annan gongen lo dei så det lydde gjenom heile huset.

Det høyrdest ut til å vere han Johan og ho Magnhild som førde ordet. Ho Maria var så lågmælt; berre no og då kunde han høyre ein liten klunk frå henne. Ho var nok skikkeleg vengeskoten; ho hadde vel teke Vikaprinsen og «Samaritanen» sine formaningstalar retteleg til hjarta, og gjekk no og sørgde og skjemdest over at ho nokon gong hadde vore så dum og galen, at ho hadde gitt seg ilag med den verste av alle Mogluntan’. — —

Det kunde også hende at ho bar på ei anna sorg. Han hadde no sine tankar.

Den som levde fekk sjå. — —

Langt om lenge kom han Johan vakker og verdig slengande inn gjenom døra, helsa roleg og smilande. Nå, det var han som var ute og gjekk. Mora hadde ikkje fortalt kven som sat nedi stua, elles hadde han vel set til å kome ned før. — — —

Han tok langpipa ned frå veggen, tende på og sette seg godt tilrette.

Han Kristian bar straks fram målemnet sitt. Det leid no så langt at han måtte vite visst anten han vart med eller ikkje.

Tja-a, det var ikkje så greitt å love seg heller. Han syntest fire mann på den store båten var snautt. Han frykta for at dei still-dagane vart liggande att-i kjølvatnet og drive.

Og så hadde han så smått tenkt på sjølv å ro båt, no når rolaget med farbroren var slutt. Han hadde ju ein mest splinterny halvfjerroring ståande i naustet. To mann til, og han var skipa. Kom fisken oppåt, slik som ifjor, då vilde han gjere det best på småbåt. Ingen hadde ifjor slike lottar som småbåtkarane. — —

Han Johan i Vika tala seint og verdig, som det var Vikafolket si vis å gjere. No og då saug han på langpipa og sende store røykskyer ut i romet. Han hadde hegda det beste til sist: — Det var kanskje kjent for han Kristian, at han Sivert og han Edvart vilde slå lag med han på halvfjerroringen, dersom det ikkje vart fullt mannskap å få til nyåttringen. — — —

Vikaprinsen stansa aller så lite; såg så faderleg på han Kristian og heldt fram, at det var skit det same, sidan dei hadde begynnt å snakke om rolag: Kunde han få part i båten, skulde han slå seg med. Ikkje så at han vilde vere høves; han visste det var slik god kar som kom til å sitte i atterromet, at han på langt nær kunde fylle romet så godt. Men han var no komen såpass langt opp-i åra, at han gjerne vilde ha litt for seg sjølv. Og han syntest ikkje dette kravet var urimelegt heller, når han sjølv hadde båt ståande i naustet og mesta mannskap tinga. — — —

Han Kristian sat og leika med huva på eine kneet, hard og kald og tilstengd. Det var sant; Vikaprinsen spela sine kort godt. Han meinte seg no visst å ha alle trumfane på si hand. Fekk han ikkje no sin vilje igjenom, skulde åttringen bli ståande heime.

Han hadde alt underkjøpt karane hans, høyrdet det ut til. Og det var vel ikkje tvil om at det var så.

Men han kunde ha hug til å varsku Vikaprinsen ein gong for alltid om, at det var ikkje alle han greidde å skræme til botsbenken. — — —

Denne gongen skulde han få sin vilje igjenom; han skulde få lov til å triumfere. I denne kvelden kunde han fortelle heile bygda, at han Kristian Moa hadde ikkje set seg råd med å kome til Lofoten, utan at han gav han Johan i Vika part i båten. Heretter kom det vel ikkje til å heite anna enn nyåttringen hans Johan i Vika. Han, Moglunten, var sett ut or spelet. Men det kunde endå ein gong hende, at den som lo sist lo best. Det kunde vere moro å leike seg ein vinter ilag med prinsen, og sjå om han var slik pokkers kar som han gav seg ut for — og folk trudde, tenkte han Kristian. Han kjende kor trossen gjorde han sterk og stor. Og nye syner opna seg for han.

Han var ikkje så serleg fornøgd med nyåttringen, endå han visste det var den beste og mest tidhøvelege båten som fanst i fjorden. Men det var ikkje nok. Det heldt på og renne ei ny tid. Og den som først skipa seg der etter, kom til å gjere det best, og ligge ovanpå i striden. So kunde dei som no hadde bukta og begge endane, stå der og frøse av vanmakt og sinne. — — –

Han Kristian Moa gløymde mest både han Johan og svaret. Han var midt inne i sine store draumar om skøyte, motorskøyte, ei som kunde trosse både ver og vind, stille og motstraum. Det hadde ifjor, sist på vinteren, vore ei slik skøyte i det været han rodde i. Truleg vart det fleir i år. Visst kom kallan’ til å rase — og protestere; dei begynnte alt med det ifjor. Men det vilde ikkje nytte. — — — — — Han Johan i Vika kremta; han syntest det vart lenge å vente på svaret.

Jau, han kunde sakte få part i båten; det var visst ikkje noko i vegen for det, sa han Kristian, kald og roleg. Men det vilde han ha med i kjøpebrevet, at når ein av partane kravde å bli utløyst, skulde hin parthavaren vere nøydd til å gå med på det.

Ja det syntest han Johan i Vika var både godt og greitt. Han smilte feitt og velnøgd. Fullt så lett hadde han ikkje trudd det gjekk. Men Moglunten skjøna vel, at han sat der denne gongen; det var ingen veg for han utanom; han måtte gå med på vilkåret, kor beiskt og tungt det enn måtte kjennast.

Dei skifte nokre få ord om ferda. Tjuend-helga måtte dei vere ferdige til å sleppe laust, om veret var høvelegt, varskudde han Kristian. Så baud han god natt og rusla sin veg, nedover til Neset på krambua. Han var mest glad over det som var gjort. Det vilde bli ein stri vinter. Det kjende han. Men han gledde seg til denne striden.

Han for småplystrande utetter vegen, då han kom frå bua. Mørkt og svart var det. Berre så vidt han kunde halde seg på vegen. Men det var nok folk ute og gjekk likevel. Der kom nokon innetter vegen, imot han. Dei trudde seg visst åleine; for dei tala så høgt. Han Kristian stansa opp. Og då han høyrde at det var Vikaprinsen og ho Magnhild i Kleiva, kunde han ikkje halde seg frå å lyde.

Vikaprinsen fortalde sjølvsagt om det nye som var hendt — på sin måte. Han hadde syntest synd i han Kristian Moa at han skulde bli liggande heime med nybåten sin, drivande kar som han var. Anna gjekk ikkje an å seie.

Men det var no ein gong så at folk hadde ikkje større tru og tillit til Mogluntan. Og ein kunde ikkje fortenkje folk i det. Det var berre rimelegt, at når folk sette seg i lofotbåten, så vilde dei sikre seg at der sat ein vaksen og vaken mann ved styret, som kjende ansvar for seg og sine.

Han for sin part hadde ikkje noko serleg å klage på han Kristian; og han hadde alltid prøvt å syne han venskap og hjelpe og retleide han.

Men han var den seinare tid blitt så stor og ovmodig, at han vilde ikkje ta rettleiing av nokon. Han meinte visst å kunne segle all verda attom seg. Det var likt til at han heilt hadde gløymt han var Moglunt.

Det var forresten ikkje slikt som vedkom han. Men han hadde funne det rettast, no når han skulde i rolag med Moglunten, å sikre seg eit ord med i laget ved å få part i båten. Vart det gale fekk ein sette sjølvrådingen av, lo han Johan.

Ho Magnhild prøvde visst å legge imot, syntest han Kristian høyre. — — — Faren hadde likt han godt, og han brukte ikkje skryte av kven som helst.

Då var han Johan straks ferdig til å stikke i henne, om ho endå gjekk og var forelska i Moglunten.

Ho måtte då visst finne seg i å dele han med ei anna. Dei som låg på fjorden i haust då han Kristian og ho Maria heldt ute, måtte minst tru dei var forlova. Det var ikkje lange stundene millom kvar gongen han var framme hos henne. Dei sat der toft i toft og kosa seg, fortel folk.

Ja, det er dei som vil vite, at dette rolaget skal kome til å syne seg seinare. Er det så, då må ein ha lov til å seie at den yngste Moglunten er god.

Ho tagde ho. Vikaprinsen hadde vel tala overtydande nok. Han Kristian steig i det same fram or mørkret og helsa høgt og hardt. Nevane knytte seg i lomma. Han kunde knapt styre seg; han hadde slik hug til å hamre laust på Vikaprinsen sin syndige kropp; og det såpass dugeleg, at han kunde minnest det lenge frametter.

Men det var ikkje i planen hans, det. Det var best å la spretten renne seg skikkeleg fast. Han kunde ju få den æra og gleda å skryte ay at han hadde rodd ein vinter ilag med Moglunten og lært han folkeskikk!

Det drog seg opp til ein vond og stygg flir i andletet på han Kristian. Han mulla noko om, at han hadde berre ei sjel og ei skjorte, og det sette han gladleg på spel, når han berre kunde få sjå ein viss kar bleikne i fleisen. — —

Med kalde auga såg han utover fjorden, der harde austanvinden taut og song og båra i bratte brot frøste, på veg mot leia og store havet. Der ute skulde dei freiste ein leik. Der kjende han seg annleis sterk og trygg enn her i tronge fjorden, der sleipe kviskretonan’ alltid fyllte lufta.

Jau, Vikaprinsen rodde seg nok godt til. Han var vel sikker i si sak. Men det kunde vere at han hadde forrekna seg litegrand — med mea, — at han ikkje kom fullt så godt ifrå denne roren som han meinte. — — —