Moglunten/3
Det var liv og rørsle i bygda då det ein dagen spurdest at sputen[1] endeleg var komen. Han hadde drygt så lenge i år, at karane tok til å frykte for at han hadde gjort svenske av seg.
Men han var berre litt forhefta. No var han komen, og det både stor og feit — som venteleg var, så seint på året.
Kvar karen som åtte båtskapels og ikkje var altfor krøkjen og kald, måtte på fjorden. Det galdt å få seg lofotagn. For ein gjorde lite i Lofoten utan agn. Det åt seg elles opp. Ein kunde då likso godt ligge heime. Det hadde ein tydeleg nok set den tid det ingen sput var.
Sputen var elles god å ha om ein ikkje trong lofotagn. Ein stod ikkje fast hos han Per, når ein hadde sputgor. Han tok meir enn gjerne imot det. Han skulde tene storveges til pengar ifjor på sputgorhandelen. Rett kor mykje var det ikkje mange som visste. Men småtteri var det nok ikkje. Han hadde gamalfembøringen søkklasta. Og det vart ein pris folk ikkje kunde minnest.
Å jau, han var ikkje brei om bringa av ingenting, Neskongen. — — — Han Kristian Moa vart roande åleine på gamalfæringen. Men båtskarven var sålelek. Ausekaret fekk ikkje kvile, om båten skulde halde seg oppe. Det var både ufyse og forargeleg å ro på ein slik måte. Men ein fekk ta verda som ho var.
Så var det ein kvelden han kom drivande framom han Jens på Bakken. Han var og åleine. Men han hadde ein mest ny saltværing.
Då han fekk sjå han Kristian ropte han: – Nei no trur e da e best at vi to hauan slår oss ilag.
Ja, han Kristian Moa hadde ikkje noko imot det. For han Jens på Bakken var ein triveleg gamling. Og så var han innflyttar, han og, endå det var lenge sidan han kom til fjords. Han skulde vere halvt svenske fødd.
No var han opp i 60-åra, og snau i skolten. Men forlivande frisk i tale og arbeid. Kjeften stod ikkje på han, når han fekk prate om sitt eige, — om båten, som fløytte seg, slik som ingen annan båt, om hesten som tråva så lett og ledig som ei katt og om dottera, ho Maria, som var så framifrå i alle måtar.
Han Kristian hadde ingen ting imot at kallen snakka om ho Maria. Ho var jamaldring med ho Magnhild i Kleiva og han, og ho hadde alltid vore så lettliva og gild. Men no hadde han ikkje snakka med henne heller på aller så lenge.
Bakke-kallen fortalde, at ho hadde nok blitt med på fjorden, om han berre hadde nemnt eit ord. Ho rodde som ein kar, og var så snop og snedig i båten, at han Ola, sonen, ikkje gjorde henne det etter. — Men du veit kor da e me dessa skjørtan. Å kvinnfolkan e nu ikkje nett skapt tel å sett i båten. Å nå e så kunn få ein slik kamerat så du, så kann e spar henn denna gongen. Kallen prata og lo så hjarteleg, at han Kristian Moa måtte le med.
Dei rodde seg godt ihop, dei to. Han Kristian Moa, som sjølv tala lite, kom til å like betre og betre denne snakkelystne og skjemtesame kallen.
Og han Jens Bakken måtte fortelle kven han møtte om den gjævingen, han Kristian Moa. Det var både kars tak og manns mot i den karen. Saltværingen fekk skyss oppetter fjæra, når Moglunten tok i.
Men dette samværet skulde ikkje vare så lenge. Han Jens var uheldig nok til å skamfare den eine fingeren. Og då han ikkje akta på såret, sette det seg til å svelle, så han vart storlemster.
Der stod han Kristian atter åleine — midt i sputfisket.
Det var vel inga anna råd — han fekk skuve ut gamalfæringen endå ein gong. Men først laut han inn på Bakken og snakke med han Jens.
— Da e berre skjit me me, sa kallen og såg ulykkeleg ut. — E kjem nok ikkj på fjoren så snart. Men derså du ikkje lei a hopehave, så kann du få hall fram me ein ann’n kamerat. — — Han såg så lur og skjemtefull ut, kallen.
Han Kristian såg bort-på han Ola, som sat attmed bordet og las på leksene. Det var ein staut glunt i 14-årsalderen. Det gjekk sakte an å ro ut på heimfjorden ilag med han.
— Nei, da e sist åre hass, så e vel ikkj han skal forsøm skola. Men du veit han har sakt sprengmot nok tél å vær med, sa han Jens.
Han Kristian lurte så på kven kameraten hans så skulde bli.
Då kjem ho Maria seglande inn gjenom døra. Ho ansa ikkje han Kristian før ho var midt framme på golvet. Då vart ho både rau og opprådd. Men det varde berre ein liten augeblink. — E slekt fremmendfolk ut å går. Ja vesst e da dagan sia sist. — —
— Her har du roar’n din. E du førnøgd me byte? spurde han Jens skjemtefull. — —
— Trur du han Krestian Moa vel ha slekt krek i båten. Anna må dar nok tel åt ein slik drivar. — — Ho kasta med nakken og gjekk innar til bordet og sette seg. Bakke-kallen såg varmt på henne og meinte på, at der nok var kleinare krek på fjorden enn ho. Vilde ikkje han Kristian vere fornøgd med henne, så hadde ikkje han noko råd. Kallen syntest kome ut av lag ved tanken på, at der var nokon som ikkje fann dotter hans god nok.
Han Kristian Moa vart litt brydd. Sjølvsagt kunde han ikkje ønskje seg betre rolag, forsikra han. Og på ein måte var han storfornøgd med dette nye rolaget. Det var nok mange gutar i bygda som hadde ønskt seg det som han no kom dettande opp-i. For ho Maria på Bakken var både vakker og tidig. Det hadde ho alltid vore. Og no hadde ho vore i byen ei tid og fått slik sving og sveis på seg. Ho kunde gjere ein mann galen, slik at han gløymde seg.
Det gjekk heitt gjenom han Kristian då han såg kor ho sette seg — med eine foten ovanpå den andre, og med skjørtet heilt oppå knea. Han var så uvant med slikt. Han hadde knapt vore ilag med gjenter på år og dag. Han hadde havt anna å leve for. Det tok han difor så underleg dette, at han fekk seg ikkje til å prate. Han sat og såg til sides, ut mot vinduet. Og avgjorde i ein fart rolaget. Gjekk så ut – i bleike og blåe oktoberkvelden. Det kjølte så godt herute. Han var så varm. Det skulde bli gilde kveldar på fjorden no utetter!
Visst kom folk til å gjere store auga. Han visste så altfor vel, at det med ein gong kom til å gå bygda rundt, at ho Maria på Bakken låg på sputfjorden i lange, mørke kveldar ilag med han, Moglunten. Det vart noko å undrast på og prate om, det!
Men når ho sjølv og foreldra vilde det, så måtte han vere ein stor tosk om han sa nei. Vilde ein ha noko av livet. fekk ein ta det — eller i allfall ta imot når det baud seg fram. – Elles vart ein snytt for alt. Og han var ikkje tenkt på å la seg snyte.
Det brusa så sterkt og stort i han, då han gjekk heim etter. Han gjekk verkeleg og småplystra ut mot stjernehimlen. Så mange stjerner hadde han ikkje set på lenge. Og slik som dei lyste!
Dei blinka og skein og lyste som levande auga. — — — Kvi pokker’n gjekk ein og sytte og sørgde når det var slik livsens rikdom rundt ikring, og slik moro å leve! — — — —
Han stansa ved eit steingjerde under lia. Det var for tidleg å gå inn og legge seg ein slik kveld — og med slik brand i blodet.
Så sette han seg ned på gjerdet. Dingla med føtene og let kjenslene bere han, ut og bort gjenom alle blånar.
Han kom til å sjå tilsides; på steinane som låg der. — Han hadde sete her ein gong før — for omlag 3 år sidan, då han første gongen skulde seie farvel med fjorden, på tur til Lofoten.
Minna tok til å tale. Han vart så alvorleg. så høgtidstemt og still. Ho Magnhild hadde følgt han hit. Kor det hadde bore til visste han ikkje. Var det berre eit tilfelle at ho stod utanfor bislaget då han kom ut frå han Jonas Jensa, der han hadde vore og fått kaffe ilag med hitt manskapet, etter at dei var ferdige med innskipinga?
Ho snakka visst om at ho skulde ut til Bakken, til ho Maria. Men ho gjekk lenger. Ho tala lite, slik som ho alltid gjorde. Trippa så lett og stillt ved sida i luggar. — — —
Dei hadde sett seg her på gjerdet. Ho hadde bede han skrive litt frå Lofoten, og fortelle korleis det gjekk. For det vart langsamt no når han reiste. Det kom ikkje til å bli det liv i leiken som det var ifjor.
Så hadde ho med store og draumtunge auga stirt ut og opp mot himlen, der nordlyset og stjernene skimra og skein. Ho hadde vist han si stjerne. Ho var ikkje stor, men ho lyste slik som inga anna. Ho lyste tvert inn gjenom både vinduet og gardinet.
Det var mest solvarme i denne stjerna. Ho hadde sikkert ein gong vore ei sol. Men så var ho blitt utstøytt. Einkvan vond engel badde vel snakka vondt om henne. Men Gud vilde visseleg snart sjå, at ho var uskyldig. Og så vilde ho bli sett inn på sol-plassen sin att. — — – – – – –
Han mintest enno kor rolegt og stillt alt vart medan ho Magnhild sat der og tala, med tørklædet halvt framover panna. Det seig slik ein forunderleg fred inn over han. Han gløymde reint at han var Moglunt, og fredlaus i bygda. Fjorden susa og song så stillt og varmt som ein fager somarkveld, endå det var sist i januar og isen låg kvit og kald i kvar vika. Og når han såg på denne stjerna hennar, syntest han greitt at det var sant som ho sa; slik varmeglans i ei stjerne hadde han aldri kjent..
– – – – – – – – – – – – – – – – – – – –
Då dei skildest hadde ho teke han i handa og set stort på han. Lenge syntest han kjenne varmen av den lubne små-handa. Ho kvilde så trygt inni neven hans, vermde og gjorde godt.
Da han gjekk heim syntest han det var søndag i fjorden og kyrkjeklokka ringde så vent og varmt millom fagre fjell. Folk stansa i jaget, knepte andaktsfulle hendene og såg leitande opp mot høgda og himlen etter hjelp til å gå den tunge på tronge vegen til endes.
– – – – – – – – – – – – – – – – – – – –
Forbaska og! Her sat han og drøymde som ein liten gutunge, og vart sorgtung og rar. Ein kom ikkje langt på den måten. Livet kravde noko anna. Og kva hadde han i grunnen med ho Magnhild i Kleiva å gjere? Det var vel lita von til at han nokon gong kom til å snakke med henne. Ikkje gjekk han og trødde ut dørene til ho Maren missionsforstandar, som skinhellig krossa seg i kvart kvinneforeningsmøte over Mogluntan’.
— Ho Magnhild var ju med på møta no. Og det var helst truleg at ho var einig med mor si og dei andre foreningskvinnene i, at Mogluntan’ var det ikkje råd med. Dei laut segle beinvegen til avgrunns, — slik som det vistnok var av Gud herren fastsett. — — —
Han prøvde å arbeide seg opp i tross og sinne mot dei hug-mjuke minne, slik at han av fullt hjarta kunde gle’ seg til dei herlege kveldane som no stod føre. Men det vilde ikkje rett lykkast.
Gong på gong steig biletet av ho Magnhild i Kleiva framfor han. Og han syntest hennar auga vor så sorgtunge, at han fekk vondt samvet. Han kjende slett ikkje lenger noko glede ved tanken på samværet med ho Maria. Ja, det vore nok best om han kunde sleppe det. — —
– – – – Han måtte tenkje på han Johan, som det sagdest no hadde sin gang inne i Kleiva, og han måtte banne høgt, før han kunde få fred for dei tærande tankane, som gamle minne hadde vakt. — — —
Næste kveld låg han på fjorden ilag med ho Maria. Han laga det såleis at dei vart liggande utanom tettaste båtslaia, liksom for seg sjølv. Det vart vel tidleg nok bisn når folk fekk sjå kven han hadde til andøvar. Han passa difor på og be henne tøygje litt unna, når einkvan båten dreiv inn på dei.
— Skjemmes du a lage? spurde ho ertande.
— Nei, men e vild skån de frå å bli utstøytt a ungdomsforeninga å de helliges samfunn, svara han. — Du veit vel kem du e ilag me?
E trur da. Ho såg att på han og lo. Det var neimen ikkje greitt å bli klok på henne.
Det kom ein båt drivande heilt inn på dei. Og då han Kristian såg at det var han Johan i Vika og han Edvart Larsa, var han ikkje i tvil om at det var med vilje gjort. Dei stirde rett som det var fram under lykteskinet; det var nok om å gjere å få greie på kven han hadde sittande på framtofta.
Ho hadde drege tørklædet lenger framover panna, så det ikkje skulde vere så lett å få kjensel på henne.
Altså likevel redd, tenkte han. Men no skulde ho få den herdselen ho vilde ha. Han rørte ikkje ei år for å tøygje unna. Vilde ho bort frå desse karane, kunde ho sjølv gjere det. Ho sat no der med årane.
Men ho vilde vel helst vere så nær Vikaprinsen som muleg. Han hadde ifjor sjølv gått ute i Lofoten og skrytt av, at ho var så forhippen etter han. Ho hadde jamvel kome ombord i båthuset til han. — — —
Det var nett som han endå såg den feite smilen til Vikaprinsen då han fortalde dette.
Men han Johan i Vika var kar som kunde snu seg. Han skulde no vere vald til næstformann i den kristelege ungdomsforeningen. Og der dyrka dei han som ein liten gud. — —
Med’ han Kristian sat og tenkte på dette får han høyre eit plask; ho Maria hadde lagt åra til skrås på sjøen og drevsa til, så spruten stod han Johan midt opp i syna. — — — — Ka e da slags storsput du har frami båten? spurde han Johan i Vika. — —
— Da e vesst ein så ha slopp før de, flirte han Kristian Moa.
Men Vikaprinsen var nok ikkje den som vart svar skyldig. Han sa så høgt det kunde høyrest på mange båtar:
— Nå, da e slekt mannskap Moglunten skal mann’ nybåten me. Velbekom!
Det vart kniv og lått rundt kringom.
Endå eit spik vilde Vikaprinsen gjere Moglunten; i det same dei tøygde framom krøkte han Johan ein krok i framstamnen på båten hans Kristian. Og så til å ro villt bort etter fjorden.
Han Kristian passa juksene og ansa ingen ting før båten var i full fart. Han hespa inn juksene og sette seg til å lage nytt agn på drallen. — Da e ikkj allti ein får slik skyss for ingen ting, sa han høgt og flirte likesælt.
Ho Maria hadde lagt inn årane og sat der overgjeven. Han kunde sjå at ho likte seg ikkje. Ho kneip leppene hardt i hop, og auga stirde stivt att på han. Mest som ho vilde spørre: — Er du den karen som vil la deg dragse på denne måten bortover havet?
Då drog han munnen til den vanlege fliren, som han hadde lagt seg til. Stakk så årane ut og sette dei djupt att-i, spennte i tofta og tok tak. Det knast og small i båten. Og det skein av fine moreldstrimer bort gjenom sjøen, der årane stod bøygde som bogar.
Båten stansa, litt om senn. Til han stod still. Då begynnte kappinga.
Ein kunde sjå på. han Kristian at han ikkje berre var nøgd med så gjort. Han lurte nok på å få båten den vegen han vilde. Han sette årane nedi til skauta, og tok nye spenntak så det kvitna for knuvane.
Men han Johan og han Edvart kunde heller ikkje godt gi seg; der var for mange som såg på kappinga til det. Det gjekk høgt frå båt til båt, at no kappast Vikaprinsen og Moglunten på heite hardingen. Og det hadde mange hug til å sjå kor det vilde fyke av. — — —
Det var dei som våga hovudet sitt på, at Moglunten vilde vinne over dei begge. Og greitt syntest det ikkje bere attover med han Johan og han Edvart. Aller så lite. Men då vart det ein høg smell; eine åra hans Kristian sprang, langt oppå lomen.
Då ikkje han Johan gav seg no heller, sprang han Kristian fram gjenom båten som ei katt og kutta slæpetoget. Hivde så kroken etter han Johan og takka for skyssen.
Det vart stillt i båten etterpå. Ho sat og duppa med årane og andøvde, og glytte no og då atter på han. Det var synleg at ho venta han skulde tale. Men det var så rart når han hadde møtt han Johan i Vika; det var då som han klaka og fraus der inne. Og allting syntest floke seg til.
Det var toskut slikt. Kunde ikkje Vikaprinsen gå sin sigersveg for han — så mykje han vilde. Når folk vilde ha slike englar som han, så dei om det.
Men han var nok endå ikkje komen lenger enn at småstikka hans Johan gjorde vondt. Fortærande og! Han harma seg over dette. Han kneip leppene til og dreiv på og drog sput, liksom han ikkje tenkte på anna. No og då kunde auga søke utetter fjorden, der småbåra glitre-skein i måneglansen som skimrande sølvsnorer.
— Du e misfornøgd med rolage, sa ho. —
— Nei kor kann du tru da. —
— Du snakka ikkj. —
— Mogluntan e allti fåmælt, veit du.
— E syntes du kunn ver litt hyggeli nå du har kvinnfolk me de.
Ho såg dristig att på han. —
— Ein Moglunt kann aldri ver hyggeli, flirte han.
— Å du kann nok. Men da e ikkj da rette selskape, erta ho. — Da skull vel ha vor ei anna så sat her. Men du får skjynn de då. Elles så kjem du før seint. Du e ikkje åleina dar. — —
— — — — —
Han såg opp. Det var altså sant at Vikaprinsen gjekk på friarføter til Kleiva.
Han hadde slik hug til å spørre ho Maria ut om dette og mangt anna.
Ho hadde truleg god greie på alt. Men ho sat der så forgale lur. Hadde han visst til narr. Og syntest nok han var ein stor tosk. — — —
Han lurte så på om dei var likså gode vener som før, ho Maria og Magnhild. Det høyrdest mest slik ut at der var komen ein knute på tråden. Det var vel Vikaprinsen dei slost om. Han hadde nok begge i si makt. — — — —
Munnen laga seg til ein stygg flir. Det kunde vere hund’n så morosamt å sjå kor lett ho som sat fram-i båten var. Kanskje kunde han erte Vikaprinsen ein grand med det. — — —
Han såg fram på henne. Ho hadde lagt årane inn og heldt på og fingra og fanta med ein drall. Ein og annan sputen vart hengande med. Det var eit sørgelegt leven for kvar gong han skulde over ripa. Ho let han mest alltid få tid til å sprute. Og fekk så strålen midt i syna. — — Men ho gav seg ikkje. Ho syntest visst alt var slik moro. Ho prata og lo omkapp med sputfrøset.
Han Kristian som jamt pla gå så opp i arbeidet sitt, at han ingen ting anna ansa, måtte sjå på henne alt i eitt. Og han levde så med i hennar prat og leven, at han gløymde stundom å passe juksene. Sputen reinska drallen gong på gong. Då kunde ho le så ertande mot han: — Pass de. Lat aldri kvinnfolkan heft de bort.
— Men dess meir ho erta han, dess meir oppsett vart han på og kome henne nærare inn på livet. — — —
Det var så han snautt kunde halde seg frå og stige fram til henne. Han kjende seg så ør og vill som han aldri hadde gjort. Det var godt han sat slik, at ikkje lykteskinet fall på andletet, eller hadde ho vel merka noko på han. Og det var så rart — han skjemtest igrunnen. Han var så uvant med den kjenslebranden som no tok til å loge opp, og som han lite vann styre. — — — —
Dei dreiv og smårak utetter fjorden, unna straumen og landvindsgråen. Timane kom og gjekk umerkande fort. Det leid alt over midnatt. Båten tok til å ligge tungt i sjøen, visst midt oppe i ripbordet, så vidt han Kristian kunde skjøne. Det var visst ikkje verdt dei pinte sputen lenger no. Han vart så lei og larven; låg berre og stal og hogg bort-i drallen av og til, utan å bli fast.
— E mein vi tek tel å kar oss i lann. Vi har eit godt tøygjand. Ka mein du? spurde han og glytte fram på henne.
Ho sat som ei hulder fram-i båten — eller kanskje likna ho ei havfru. Ho hadde kasta tørklædet, håret var losna, og det hang gult og glinsande utover akslene. — Slutt ikkj feskje før mi skjyll; e held nok ut endå ei ti. Da va så morosamt å ligg her å driv. — —
— Ja, men du veit ein skal slutt me leikene best. Å ein skal ro såleis at ein kann ro ein gong tel. Vi ha vor tapper i kvell; vi e mest siste båt på fjorden. Kallan e leng sia kommen på lann å ligg nu pænt ved sia a kjerringan å be om fotvarm, skjemta han. — Men ka skal di stakkaran gjer så inga kjerring har? skaut han til.
— Få se ei.
— Da e lettar sagt enn gjort. — Ein kann ikkj vent at kjerringa skal dett opp i fange på ein. Men da e vel såleis du vel ha da. Ho såg atter ertande på han og lo så hjarteleg godt. —
— Da va nok best om ein kunn få da såleis, svara han. Det tok til å bruse så stort der inne. Det var mest likt til ho sat der og hadde han til narr, fordi han var så lite for seg. Han Johan i Vika var nok anna til kar, skulde ein tru det han sjølv skrytte av. — — —
Enn om han viste henne, at han heller ikkje var så reint til å spøke med, når det bar til?
— – Du e vel bra våt i kjoksan din? spurde han då han hadde sylt opp juksene og teke lanterna ned.
— Ikkj da slag.
— Enn på føt’n?
— Di e både tør å go.
— Da skal e våg, sa han tvilande.
— Trur du ikkj me så kom å kjenn, svara ho. Han syntest atter at ho lo så ertande og innfeitt, viss på at det ikkje var så pass mannsmot i han at han torde.
— E tek de på ore, sa han. Og skreva i det same framover lihlromet. Han sette seg på heten rett imot henne, bøygde seg og tok kringom leggen hennar nedmed skoen. Først. Men handa gleid liksom uviljes lenger oppetter. Han kjende kor leggen runda seg og vaks under den stramme hosen, som var litegrand våtsiggen nede men tørr lenger oppe.
Med’ han sat slik og let runde leggen verme, kom han atter til å tenkje på det som han Johan hadde kytt av, og det som ho hadde erta han for. Kjenslebranden auka så det svimra for auga. Han let handa gli endå lenger opp og kleip til, så ho skvatt opp og kvein.
— E du galen!
— Ikkj rekti.
— Va e ikkj tørr, kanskje?
— E veit ikkj. Du sat ikkj still. Due vesst våtar på anner foten, på den sia du ha dri juksa.
Han rette handa fram etter andre foten hennar. Men no synte det seg at ho ikkje var så dristig som ho hadde tala, eller som han var på og trudde. Først då ho hadde set granskande på han, og drege skjørtet godt nedover, stakk ho foten fram.
— Du e gjønnavåt.
— Da trur e ikkj.
— Skal e vis de da?
— Versgo, derså du vel ha da brye.
Han reima skoen opp og let handa gli’ rundt foten, som var så lubben og liten, at han kunde mest gøyme han i loven sin. Sokken var dyvåt. Han leita i trøylomma si etter noko tørt papir og la ned på solen, før han tok til å dra skoen på att. Skoen vor våt og liten, så det var mødesamt å få han på, slik som han sat — rett imot henne.
— Du lyt gje rom på framtofta åt me.
Båten duva og seig då han sette seg breidd med henne. Det var ikkje meir så han vakte.
— Synest du detta e nokka å reis på sjyen me? spurde han. — I morra skal e ta støvlan hass far på. Går da an?
Ho smilte han opp-i auga.
— Ja, kaffør ikkj. Men han kunde ikkje anna undrast på korleis det skulde gå til å få storstøvlane hans Jens på Bakken til å sittte på dei småe føtene hennar. Det måtte bli eit syn for gudar å sjå henne kome stigande i det hyret! — — —
Han hadde fått skoen på.
Men han vart sittande der likevel, så tett inn til henne, at eit og anna forvilla hårstrå strauk han bort i andletet.
Natta anda stor og still rundt om.
Himlen kvelvde seg haustblå og rein utover fjorden og fjella. Og tallause småstjerner blenkte og skein. Ein liten nymåne seglde blank og fin over fjella i sør; og fjorden drøymde i djup ro med late små nordaustbårer, som kjælne strauk seg langs båtsidene.
Det var to makter som slost om han Kristian Moa i denne stund. Naturen tala med si endelause ro og sin store fred, og bad han vere sann og ærleg, og lyde etter songen i si eiga sjel. Men kvinna som sat ved hans side, full av ungdom og livsvarme, erta og egga og sette hans hug i brand, slik at han gløymde alt anna. Og han prøvde å svæve sitt samvet til ro med å minnest alt det beste som han hadde set og høyrt om og av ho Maria. Ho hadde så mang ein gong sett liv og fart i laget, og alltid prøvt å legge eit soningsslør over det at han var Moglunt. — — Var ikkje ho nett ei som høvde for han? Ho tok gudskjelov ingen ting så høgtidleg og tragisk. Ho var gjerne frigjord og modig nok til å slå lag med ein Moglunt. — — — — —
Han kjende varmen av henne, og det steig slik forunderleg duft av hennar hår og hals. — — — Det var til slutt som hans eigen store kjenslebrand fyllte heile romet; hav og himmel flaut i eitt, og han seglde avstad for stormbør bort gjenom alle blånar.
– – – – – – – – –
Han hadde lagt handa kringom henne og drege henne inntil seg. Han kjende kor hennar kinn var mjuke og fine. Og full av bråhug og heitt blod vilde han ta den første kyssen. — —
Då såg ho han inni auga. Stort og alvorsamt, lenge og leitande. Ho vilde vite om han åtte det som gir kyssen sæle og varme. Men ho munde ikkje finne det ho leita etter. For ho vreid seg unna og sa, mest bedande, medan angsten steig henne synleg fram-i auga: Gjer da ikkj Krestian, gjerda ikkj. Da e ho Magnhild du skal gå tel. Da e ho du e gla i, å ho e gla i de. — — Da e synn, detta. — — —
Hennar ord kom som ei kald vassbytte over han. Taka slakna med ein gong og bråhugen dovna. Han vart sittande der ved sida hennar så inderleg skamfull og fekk ikkje ord fram. Han kjende seg i denne stund så elendig låk og liten, at han hadde hug til å spytte seg sjølv i andletet. Han åtte liksom ikkje sjølvvyrdnad lenger. Han hadde meint seg å vere glad i ei gjente som han slett ikkje var glad i. Det var så sant ho hadde sagt; det var ikkje henne han var glad i; det var ei anna. Han likte ho Maria. Men han burde då vite at det er noko anna — og langt større — å elske ei kvinne enn å like henne. Det synte seg at ho Maria stod så mykje høgre enn han hadde tenkt. Han visste ikkje rett anten han skulde takke henne eller laste henne for det. Det var fortærande å bli sett i ei slik knipe; å stelle seg slik at han skulde bli nøydd til å måtte høyre slike ord av ei kvinne. Men det var då jammen bra at ho tok det på den måten,— at ho berga han frå å renne seg reint i uføre. Han skulde vel helst takke henne, fordi ho var så mykje betre enn han. Men det fekk han ikkje til. Han vart sittande med samanknepne lepper og frostblik stire ut i haustnatta. Ho syntest andletet hans vreid seg i eit drag av vanmakt og hjelpeløyse.
Ho tykte synd i han. — Kann vi ikkj ver lik go venna så før?
Han måtte sjå på henne. Kva meinte ho? Vilde ho håne han? Men nei. Hennar auga var så alvorsame og milde. Dei skein visst i tårer. Det gjorde han vondt. — Du veit e e berre ein Moglunt, sa han og freista flire. — Du e beir enn mang å oss anner. Men ver da allti, sa ho, mest bønleg.
Han såg på henne. Vilde ho til å missionere? Men ho såg ikkje slik ut. Då trødde han attover og sette seg til å sprengro mot land. Det var som han måtte ro ei vond mare av seg.
– – – – –
Det var storfjære då dei lende; båten vart ståande langt nedpå sandmelen. Det var just så støvlane hans vakte. — Du får heng de på, om du tør. Han stod attmed framskotten og såg oppå henne.
Ho smilte mot han, og hengde seg på ryggen med armane om halsen, liksom så trygg og tillitsfull. Ingen mælte eit ord. Det var liksom så vondt å tale etter det som var hendt.
Då dei skulde skillest oppå vegen sa han: — Skal e vent de i morra, eller ha du fått nok a rolage?
— E skal nok hall ut feskje. Ha da ikkj vor morosamt i kvell? Ho smilte lett og lystig mot han. — Jau du veit e synest da nok. Da kjem an på ka du synest? Ho kunde sjå kva han tenkte på og plagast med. Ho tok han i handa: — Vi tenkj ikkj meir på da. Den vene munnen lo på vanleg freistande vis; så snudde ho seg og trippa lett oppetter mot Bakken.
Men han sette føtene hardt i frosne vegen og var innvendig forarga, der han for stigande utetter til Moa.
Det var så fortærande å tenkje på, at Vikaprinsen hadde sin finger med i dette. Det var nok det slarvet hans, som frå først av hadde tendt branden i han. Når han kunde plukke livsens blomar på den måten, så måtte det gå an for andre og. Og så hadde han innbillt seg, at det var noko i den branden; at han likså godt kunde ta henne som den andre. Ho vilde då høve betre for han, Moglunten. Han fekk visst aldri noko av ho Magnhild i Kleiva, slik som mor hennar passa på henne. Og så still og missionsvenleg som ho Magnhild sjølv mund’ vere, var det vel lita von til at ho torde slå lag med ein Moglunt. Han hadde då ikkje tala eit alvorsord med henne på lenge, ikkje sidan dei vart vaksne, — sidan hin kvelden på gjerdet, —då han første gongen skulde til Lofoten.
Seinare hadde han ikkje anna set ein skimt av henne, når han ein enkelt gong var heime millom fiska ei lita tid. Han syntest ikkje han var den karen, at han kunde nærme seg Kleiv-dottera.
Vårherre visste kva ho tenkte om han.
— — — Det heile var nok så vonlaust det kunde bli. Og i denne si vonløyse hadde han nære på kasta seg bort. — — — —
Han stansa opp og trampa i vegen, trampa så det song etter jarnskodde støvlen.
Fordømt og! Var han ein kar gjekk han beint inn til Kleiva og snakka med ho Magnhild den dag i morgo. For det kjende han så vel no, at det var henne han måtte ha, henne og inga anna. Ho kunde vere så trongsynt og still og alvorsam ho vere vilde, det var då henne han stødt drøymde om og såg for seg i sæle syner. — — — — Det var reint merkeleg, dette, at han, Moglunten, skulde gå og tenkje på dotter til ho Maren missionsforstandar. Folk vilde le til det. Og det heile var vel truleg berre ein fager draum han aldri nådde. — — — Men endå — den vegen var det hans rette trå og lengsel låg. Og han laut ha visse — elles vart det oppi røyk alt i hop. — — —
Ho Maria kunde fortelle så mykje ho vilde — det trudde han elles ikkje ho gjorde —, heldt ho Magnhild av han så tok ho han for det.
Han kom til å tenkje på det som ho Maria hadde sagt, — at han kunde kome for seint.
For første gongen i livet kjende han Kristian Moa verkeleg ei skjelvande frykt. Han måtte atter stanse på vegen. Og puste stort og tungt.
— Det vilde vere ei sørgeleg ulykke, om ho Magnhild kasta seg bort til han Johan i Vika. Det måtte ikkje skje. lkkje for alt i verda. Men korleis skulde han kunne hindre det? Gå beint til henne og få si oppreising eller sin dom?
Ja, det vilde vere best. Han vilde kjenne seg som ein annan kar etterpå. Han hadde då eit visst mål å stemme imot. Og ei blinkande og vermande stjerne som stødt følgde han. — — —
— — — — Men, — nei, no kunde han ikkje gjere det. No då han ikkje rett visste anten han kom til Lofoten med nybåten eller ikkje. Var det no tid å gå til Kleiva på frieri! Nei, som fant gjekk han ikkje. Det fekk elles gå som det kunde. Var ho så forgjord at ho tok Vikaprinsen, så var ho ikkje den han hadde trudd. Og han måtte vel leve for det. — — — Han væpna seg med den vanlege kaldfliren. Såg ut i blåromet. Det var kaldt deroppe. Men herlegt friskt, stort og romsamt. Han sette føtene endå hardare i frosne marka og trødde vidare heim til Moa. —
- ↑ Sput — blekksprut. Også kalla akkar.