Moglunten/2

Fra Wikikilden
Olaf Norlis Forlag (s. 14-22).
◄  I.
III.  ►

Han hadde prøvt å tinge mannskap i vår i Lofoten. Det var best å ha alt greitt frå våren av. Lei ut på hausten var det alltid verre å få fatt i folk. Dei som det var noko tak i, var då jamt skipa. Så måtte ein nøgje seg med skrapet og skrotet. Og det var ikkje slik han tenkte seg det når han skulde ro båt. — — — —

Men han merka snart at folk tok han ikkje alvorleg, når han snakka til dei om at han trong mannskap. Han tenkte då vel aldri på å ro høvesmann, han — 17-åringen — og Moglunten!

– – –

Då vart han heit og harm, og let det vere. Det var best han synte folk, at det var rame alvoret hans dette. Når båten stod der, måtte det vel alltid bli ei råd med å få han mennt.

Men det vart nok ei vanskeleg vending å klare; det skjøna han altfor vel no. Anten var dei alt skipa dei han snakka med, eller dei skulde ikkje til Lofoten. Fiska no var slik, at det var betre å kome seg inn på eit anlegg. Der visste ein då kva ein hadde. — — — — Dei kunde i allfall ikkje love noko no.

– – –

Folk vart så forunderlege når han bar fram målemnet sitt. Dei stod der og vrei og skapte seg, nett som dei hadde vondt, eller ikkje visste kva dei vilde. — — —

— At dei ikkje kunde vere ærlege nok til å seie det, slik som dei meinte det: Vi vågar ikkje livet på ein galen Moglunt!

Han vilde kjent seg frisk og fornøgd med eit slikt svar. No gjekk han og kjende seg klam og klein. Det låg som ei sott i lufta, ei snikande gulsott, som anda han imøte kor han snudde seg. Det såg mesta ut til at heile bygda hadde snakka seg saman — for å stanse han, just no han stod iferd med å nå sitt livsens mål. — — —

Han beit tennene ihop i argsinne og tross. Sette seg så til å høvle på åreemna, så det frøste fliser til alle kantar. Hadde han kjøpt båten, skulde han jammen og til Lofoten, om han så skulde bli nøydd til å segle han åleine utover. Ute i væra var det vel alltid ein eller annan fanten å få tak i når fisketia kom.

Heime skulde båten i allfall ikkje bli ståande. Den gleda skulde han snyte dei for. — — — —

Det kom — serleg den første tid, ein og annan kallen bortåt han og gav seg til å stå der og sikte og sjå og småprate. Han Anders i Vika var ein av desse. Sjøvegen hans låg ju så tett ved, og han Anders måtte seie som sant var, han kunde knapt gå framom ein nybåt utan å sjå litt nøgje på han. Og så kunde det vere moro å høyre korleis ungdomen tenkte å ordne og stelle seg. For ungdomen vor ju framtia.

Han Anders vart ståande lange stundene og sikte på nybåten hans Kristian. Ein så brei og bergeleg åttring hadde vel ikkje vore i fjorden før. Eit svin til å tål’ segl, når han hadde noko i kjølen. — — Det var då på ein måte bra at han fekk prøve han såpass på nordturen. Båten å kjerringa lær ein aldri å kjenn vel nok, å best dess før dess heller ein kjem di inn på live’. — — — —

Han Anders såg bort på han Kristian og gjorde seg så blid og gild han kunde. Men han Kristian høvla og arbeidde og lest ikkje sjå kallen som stod der og prata seg inn på han.

— Han e vesst go både på framvind å romvind. Men tong før åran e han, om e ikkj ser feil. Han ror se ikkj sjøl, så mykj ser e. — —

Då såg han Kristian opp, — E vesst ikkj nokken båt rodd se sjøl. — — Det var ein flir så beisk og bitande, at han Anders i Vika måtte svelgje på han ei stund. — Næ-i, men du veit da e førskjel på båta å bry. — Han Anders blinka og blunka til dei som stod og lydde på. Og med så-gjort gjekk han. Dersom Moglunten var så skitviktig og grom, at han ikkje tålde eit ærlegt spørsmål, sa kunde han så godt få sitte der åleine og høvle på årane. Gjekk det som han, Vika-mannen, tenkte, fekk nok Moglunten lite bruk for nybåten. Og rett til pass kunde det vere, slik som han sette nasen til vers og flaug i veg.

Han Anders kom ikkje meir att. Han Kristian fekk arbeide i fred. Og han dreiv på dagen lang. Dreiv på så han tidt gløymde både mattid og kveldtid.

Det tok til å skape seg no, både med det eine og det andre. Når han no fekk seglet og beslaget, kunde han gjerne skuve båten på sjøen.

Men for kvar gongen han såg båten stå der ferdig, stakk det han så illt og vondt, at han ikkje hadde mannskap å sette i han. Det var stundom som han syntest, at kvart menneskje han møtte lo så inn-feitt og godt over dette. Då vart han så jammerleg fredlaus og heit i hug, at det var næsten vondt å leve.

Verst var det når han trøytt av dagen søkte heim. Der gjekk mora og træla og trødde og sleit mest stikk mo åleine. Brørne rak anten ute, eller dei sat borti lihlkammerset, munnsa og drakk, spela kort og slo tia ihel på annan måte som best dei kunde. Dei syntest vere så inderleg likeglade med alt. Når berre dei hadde mattugga i munnen, og til ein dram no og då, gav dei ein god dag i noko meir. Dei var Mogluntar, og vart heller ikkje anna. Kvifor så ikkje ta verda med ro!

– – – – – – – – – – – –

Ein kvelden kom mora inn og fortalde, at det var ikkje å få møkra ut or fjøset. Dungen låg midt opp-i veggen. Han Kristian vilde vite, om ikkje møkra vart kjørt ut i vår.

— Da e vesst dessverre mang år sia skjule va tømt, svara ho Marta Moa utmødd. Det slo han Kristian sterkare enn nokosinne før, at ho heldt på å bli trøytt og utsliten. Auga stirde så tunge og utsløkkte ut i romet; ho hadde visst ikkje noko imot å legge seg til kvile. — — —

Det vart så vondt å vere inne. Han saup etter veret. Visste ikkje kva som tok han sterkast — sinnet eller sorga. Han kunde ha hug til å gå ut i kammerset og skamslå brørne. Og han kjende slik tærande trong til å gå bort og stryke mor si på kinnet. Fortelle henne at han heldt av henne, og så lenge han var heime skulde det bli hjelp å få — både i fjøset og elles.

Men han gjorde ingen ting av dette. Korleis vilde ikkje brørne ta det opp, om han, den yngste, skitungen, kom og skjellte dei ut og vilde lære dei folkeskikk? Det var å gjere det reint umulegt. — — Og han fekk det aldri til å seie eit ord til mora. Det var så rart, dei var uvant med slikt på Moa.

Så fauk han ut, heit og sorgfull. Gjekk bort og gav seg til å lempe på møk ein stiv time. Rusla så oppetter bakken, og slo seg ned oppe på Storhamaren.

Det var lenge sidan han hadde sete her. Visst omlag 3 år. Han hadde lite havt høve og tid til å sjå på hauger og hamrar desse åra. Det hadde bore frå det eine fisket til det andre, året rundt, nett så mykje han hadde fått glytta heim av og til.

Forresten — kva var det å glede seg til her? Det var berre til å bli harm og heit og hard av. Her gjekk det 3 vaksne karar og slong mesteparten av året, og let fjøset og alt gro over i skit! Ikkje å undrast over at bygdefolket reste på hovudet og korsa seg over Moa og Mogluntan’, som det inga råd var med — og som det heller ikkje skulde vere noko råd med, om han forstod folk rett. — —

Atter seig den beiske tanken innpå han, at det var uråd å få hyrt mannskap til nybåten. Folk vilde nok ikkje sleppe ein Moglunt så høgt. Det kunde då vere von om å reise seg. Og det måtte ikkje hende, ikkje for alt i verda!

— — Han treiv handa i den kveldvåte marka, og fekk neven full av mose. Kasta han så langt ifrå seg, slik som han ønskte å gjere med all den vondskap og djevelsdom som syntest spinne sine trådar all stad. — — —

Amerika steig atter fram så leikande og lokkande i hugen.

Kvi hund’n skulde han legge seg til her heime i fjorden og slåst med brørne og bygdefolket. Han vart så aldri halden for ein skikkeleg fjording. Ein Moglunt var dømd. — — — Men derute i ville verda, der som ingen folkedom kunde nå han, og der han slapp å sjå seg lei på heimleg slarv og likesæle, der måtte han kunne finne seg eit rom. Der kunde han segle fram for full bør. — — — Dei vann seg rikdom og stort namn så mang ein derute, som det aldri vart noko av her heime, — endå dei hadde mindre motbør å klare enn han, Moglunten. Kvi låg han så her og beittest! Ein tosk var han! Vegen låg open. Han kunde selje nybåten i morgo den dag. Og så stryke avstad med første damp. Kva hadde han som hefte seg — —

— — — — — — — — — — — — — — — — — —

Landvinden leika så lint og lett med siste ospelauvet, slik som det så mang ein gong hadde gjort når han i barndomsår sat her oppe i halvskorne kveldar og lydde. Og nedpå fjorden høyrde han den kjende susen frå båredraget. Det var hans blide barnesong, som så ofte hadde sulla han inn i sømn og dyre draumar –

Utover myrane skreik det ein myrbukk. Og rådampen samla seg i kvite dottar over vatssjuke delder.

Rett vestanom Mo-osen, på hitarste kanten av Stormyra, låg det ein liten fager bjørkelund. Den hadde han planta i 10-årsalderen. Dei hadde vokse så bjørkene dei siste åra; og slik som dei heldt lag tok dei ikkje lite av for harde vestavinden og kalde myrsnoen.

Det var rom til mange heimar derute. — —

Han fekk varmeglans i auga med’ han stod der og let fjord og fjell, skog og myrvidd tale.

— — — Var det ikkje just her hans livsens leikar-voll låg, som det var eit liv verdt å stridast om?

Han levde då berre denne eine gongen. Var det då meining i å øyde si kraft i striden derute, der han inkj merke kunde sette etter seg. Var det ikkje nett her han hadde sin vesle song å synge, før tonen mot kvelden tagna og leiken ikkje lenger kunde vare. Og var det ikkje å gjere for stor ære på stakarsdomen, dersom han no rømde frå fliren og motbøren? spurde han seg sjøl. — — —

Hans syn søkte innetter bygda, heilt til inste garden, til Kleiva. Han hadde lyst til å vite om det var sant som det sagdest, at han Johan i Vika gjekk derinne og smeiska for ho Magnhild. Og han skulde bli så vel motteken, Jyddest det.

Noja, anna kunde ein heller ikkje vente, når Vikaprinsen heldt seg fram. — — — — — —

Men kva pokker’n bryr eg meg om det! — Han Kristian Moa hadde reist seg. Og han freista flire ut mot heile bygda. Men han fekk det liksom ikke til. Han måtte til og småplystre, så han kunde få svelgt den tugga som sat så stor nedi halsen, at ho mest vilde kjøve han. Det var slik ein song og sus av varm vår derinne; av snøløysing og velsigna mildt vårregn, av tunge dropar som fritt vilde falle. — — — Men han knytte nevane og tvinga seg hard. Folk vilde berre le til han, om han synte seg såleis.

Og han reddast for, at det kunde gjere han veik. Det var einast den vinter-frosne fliren som kunde hjelpe han; som kunde gjere han sterk og stor nok til å vinne over denne vrange og vonde verda. — — — — — — — —

Han sette hendene hardt i lomma og flirte ut mot skorne haustkvelden. — Dei skulde ikkje bli kvitt han så snart. Han fekk no i allfall vere her så lenge, at han kunde få vere med å feste Vikaprinsen sitt bryllaup!

— Det var med hardt andlet og faste steg han trødde ned frå hamaren. Han var ikkje ferdig her enno. Det skulde dei få vite. — — Det var reint merkeleg slik urimeleg lyst ein fekk til å leve, når det hardast braut fram for stammen. Kunde han endå få det retteleg til å ryke opp. Og det måtte då vere råd til det, om ein stelte seg rett. — — — — — — —