Hopp til innhold

Moglunten/7

Fra Wikikilden
Olaf Norlis Forlag (s. 84-91).
◄  VI.
VIII.  ►

Det var ein bunø-vinter av dei verste heim-i fjorden. Kjerringane låg i tangfjæra seint og tidleg, og bala og sleit, så det var eit under dei heldt ihop. Men i små ledige stunder heldt dei liv i seg med å undre seg på og prate om alt det forunderlege — og forgale — som hende.

Først dette med ho Maria på Bakken. Ho hadde vore så rar av seg heile vinteren; ho heldt seg mest berre inne. Det var både veker og månar sidan nokon såg henne ute. Ho hadde tannverk og var forkjøld og sjuk, skylda mor hennar, ho Ane på Bakken på, når nokon spurde.

Men til slutt gjekk det opp for folk kva slags tannverk det var; ho laga seg til skulde ha små. Ho var alt langt på veg komen. Ja ho Elen i Vika, som hadde fått set henne ein dagen ho var oppom hos Bakkekjerringa med noko spinning, forsikra, at ho Maria hadde ikkje lang tia att. Det var nok ikkje lenger råd til å skjule skamma, kor mange storforklæde ho enn gjekk i. Jau, det var ein fin tannverk!

Ein trong ikkje vere i tvil om kven faren var. Det kom til å passe så akkurat med tia, då ho heldt lag med han Kristian Moa på sputfjorden. Det var forresten noko alle kunde skjøne, at det måtte gå så. Men forgale var det, at ungdomen ikkje skulde kunne vere ilag nokre kveldar, utan å gi seg til å synde på den måten.

Some mente at ein ikkje skulde vere så reint viss på, at Moglunten var faren. Dersom det var så, som ho Elen i Vika vilde ha det til, at ho Maria var komen så langt på veg, då var vel ulykka hendt før Moglunten kom heim.

Kjerringane la ihop og rekna ut, og kunde slett ikkje bli einige.

Ho Maria var gjerne ei av dei som det synte så tidleg på. Ho kunde godt gå til ut på somaren.

Ho Elen i Vika gav seg. For det var ikkje fritt ei og anna røst song i stilla om, at det kunde vere den ein minst skulde tru det til: han Johan.

Nei; det kunde aldri vere han. Det kunde dei fleste gjerne våge hovudet på. Det var då mest avgjort at han skulde ha ho Magnhild i Kleiva. — — — —

Å nei, syndaren var nok den yngste Moglunten. Men ein måtte verkeleg ha lov til å undrast på, at ho Maria skulde falle så lett for han. Att ho var litegrand lettsindig og laus på tråden, det var noko alle kunde sjå. Ho hadde vel i den vegen og litt å slektast på, han Jens på Bakken hadde vore ein ål i sine unge år. Men at ho skulde vere så lettsindig, at ho med ein gong let seg plukke av ein Moglunt, det hadde mest ingen trudd. Det ein visste om Mofolket skulde såmen ikkje gi lyst til å blande seg inni den ætta. Vårherre einast visste kva opphav dei var av. Ho Marta Moa skulde vere frå vestlandet ein stad; av rik og god bondeætt, sagdest det. Men ho hadde nok kome på galne vegar i ungdoms år, og så var ho vel nøydd til å gifte seg med den første som baud seg. Og den som baud seg var ein halvblods finn ovan frå Ofoten. Ryktet vilde vite, at han havde brukt gann-kunster til å få ho Marta. På annan måte var det ikkje godt å skjøne, at ho, som ein måtte seie var både vakker og flink, slo lag med den raringen.

Det var dei som trudde han hadde forsvore seg til hinmannen, og ikkje tålde folkeferdsel og det fulle dagsens lys. Han var mest ikkje å finne heime. Først han kom til bygda, for tjuge år sidan, bygde han seg ein gamme oppå fjellet. Og der låg han både somar og vintertid. Vinteren fanga han fugl og dyr; men kva gjorde han der oppe somaren? — — — Det hadde aldri kome så mykje sauer bort på fjellet anten før eller seinare. Han skulde vere så snar til å springe han Petter Jonsa at han tok sauen på flòg. — — Ein gongen var nokre karar viss på dei skulde ta han på fersk gjerning, og fekk lensmannen med seg opp over til gammen. Han Petter Jonsa let dei snu og vende på alt. Ja han viste dei jamvel ei hole, der han hadde maten sin gøymd. Men ikkje så mykje som ein ulldott å sjå. Då lensmannen og karane gjekk stod han attmed gammen og flirte blidt. Han vona dei snart kom att; det var så få som vilde sjå til han. — — —

Sidan vart det aldri gjort noko med han, endå folk var visse på at han levde ikkje av anna enn ran og tjuveri. Men han hadde vel den mannen —som kunde hjelpe seg til å gå fri loven. — — — — Men Guds straffande hand nådde han no ein gong; han vart funnen død ved gammen ein haustdag. Det vart sagt at der låg ein sau ved sida hans. Men Mogluntan’ som fann han, hadde nok det vetet at dei skaffa alt mistenkjelegt av vegen før andre kom til.

Bygda hadde ikkje havt anna skam og skade av Mofolket sidan det kom til fjords, og fekk det heller ikkje.

Etterkvart Mogluntan’ vaks til gav dei seg til å drikke og ture. Og når dei hadde drukke var dei mest farlege å kome nær. Det var så folk måtte røme vegane når dei kom brølande og forbanna seg på, at dei skulde male kvar kjeft i fjorden. Jau, ho hadde rett noko å stå i ho Marte Moa. Det var på ein måte synd i henne. Men prøvde du og snakke med henne om det kors ho laut bere på, såg ho deg kvast opp i syna, og gjekk sin veg. Det var best kvar passa på seg. — —

Noko serleg å utsette på henne hadde ingen. Ho levde sitt eige liv ute på Moa, og sleit visst og streva nokså sårt. Men ho måtte vel ha ein svart flekk på si sjel, sidan ho alltid heldt seg borte frå alle møte og festar. — — —

Så var det ætta si grøne grein, — den yngste Moglunten, han Kristian. Some påstod at der var eit anna to i han. Og når ein mann som han Jonas Jensa kunde seie det, skulde ein vel tru det var så. Det var sant, — han Kristian hadde teke seg godt fram så ung han var. Men han skulde og vere ein gudsforgåen knekt, som det ikkje fanst gudsfrykt eller samvet i. Og då visste ein kor det vilde ende — — — — Han var godt begynnt; ikkje meir enn 18 år og så ha ei gåande fullsett.

Han var nok ikkje tenkt å døy i ungkarstandet som brørne, såg det ut til. Ja for han måtte vel gifte seg med ho Maria. Men han burde ha bore seg åt som kristelegt folk og gjort det før det kom så langt. — —

Han skulde ha fiska så storvegs i vinter. Det var dei som ymta om at han hadde svore seg til hinmannen, som faren. Det var i allfall litt mistenkelegt dette, at han skulde fiske så usturteleg og dei andre mest ingenting få. Det skulde vel stå om at folk slapp frå Lofoten skyldfri, høyrdest det ut til. Og no leid det vel så langt på vinteren, at ein kunde sleppe all von om meir. Kallan hadde heile tia sagt, at noko vårfiske vart det ikkje; fisken var alt utgoten først i mars. Og han venta nok ikkje lenge då. — — Etter som dei kunde sjå av blada vart det no berre eit lite rek for dei vestraste vær. Ein kunde vel derfor vente å sjå lofotbåtar ut på fjorden kva dag som helst. —

Kjerringane gjekk i slik spenning og venting, at då det ein dagen spurdest at han Ol’ Hansa frå Stranda var heimkomen, måtte ho Sofia i Vika utover og spørre nytt. Og der fekk ho vite mangt, både av det som var vondt og godt. Var det så gale som han Ol’ Hansa let, vart det just ikkje stort å feste på. Så klein vinter hadde ikkje han vore til Lofoten. Og han hadde no rodd fiske i 40 år mest. Åtte han meir enn dei to skitne tiøringane, som han tok opp av pungen og synte fram, hadde han stole det.

No var det vel ikkje fullt så kleint med dei andre fjordingane. Åttringskarane hadde då med eit og anna settet nådd i fisken. Men kva skulde han gjere med ein treroring og eit par smågluntar, når fisken stod fleire miler av land! Og då fisken endeleg ein gong seig oppåt, så han vart inåand’, då vart det ein slik trengsel av båtar og bruk, at det gjekk på livet laust. Den som var så armt mennt som han gjorde best i å halde seg derifrå. — —

Nei, ro lofotfiske no, det skulde ingen gjere. Det var å gjere seg skikkeleg til fant— når ein ikkje var så pågåen og heldig som han Kristian Moa. Dei slo på at han minst hadde tusen krones lott. Og noko måtte han vel ha fiska si’ han tor’ legge i veg med skøyte, og det motorskøyte. — — —

Jau, her vaks rett fram store folk i bygda.

Ho Sofia i Vika vilde ikkje tru sine eigne øyra. Men han Ol’ Hansa forsikra henne om at det var sant nok. Han hadde det frå ingen annan enn han Edvart Larsa; og han måtte vel vite det som skulde vere med på Finnmarka.

Han Kristian Moa hadde endå fått to av brørne med på skøyta. Han Iver Jensa skulde og vere med på Finnmarka. Så Moglunten heldt no rett på å bli ein stor mann. Og det var ju godt å sjå at some kom seg fram i verda. — —

Når han Ol’ Hansa først var komen i pratar-lag, så var han ikkje den som slutta før han var tom. Og denne gongen hadde han så mykje å fortelle.

Der hadde stått eit stort slag i Nybua eit par dagar før han reiste. Slaget var millom han Kristian Moa og han Johan i Vika og galdt den nye verdens-borgeren inni Nordbygda. Han Johan hadde ein dagen gitt seg til å prate høgt om, at han undrast rett på om han Kristian vilde halde bryllaup før ervingen kom. Men då mund’ han ikkje vite ord av før han låg på rygg i golvet, og Moglunten slapp han ikkje, før han likså høgt hadde tilstått, at det var hans erving. — —

Ho Sofia slog seg på knea og var mest ferdig å dåne. Og der var mange innetter bygda som denne tidenda tok likså sterkt. Dei kunde ikkje tru det.

Det var venteleg ei skrøne av han Ol’ Hansa, dette. Det var elles ikkje første bolten han hadde slege i folk, når det høvde så. Når ho Sofia i Vika kom eins erend og skulde spørre nytt, syntest han vel han kunde mette henne med kva som helst. Men vilde Vikafolket saksøke han, kunde han kome til å bøte for kjeften sin. Og det var han vel verd. — — —

Andre meinte at det kunde ikkje ryke av branden utan der var eld i han. Han Ol’ Hansa hadde vel ikkje funne opp dette. Og tenkte ein seg om, kunde vel nokon kvar minnest at Vikaprinsen utetter somaren og første hausten ifjor jamt hadde halde lag med ho Maria. Og han var nok ikkje så reint uskyldig i så måte heller som mange syntest tru. — — — — —

Kjerringane hadde sjeldan venta i slik spenning på at folk skulde kome frå Lofoten som i år. Og no kund’ det aldri vere så lenge til ein hadde dei. Skulde dei kome seg unna påskehelga, laut det bli snart. Her var no ikkje mange dagane å gjere på. — — —