Livet

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
P. T. Mallings Forlagsboghandel (s. 42-44).
◄  Gløymska
Nøgje  ►
(Tone av Draumkvædet. El. Hava me gløymt vaare gamle Stev.)

 1. Heimen er baade vond og god;
det ſkifter med Sut og Gaman,
Hæv er den, ſom med ſame Mod
kann taka mot alt tilſaman.

 2. Vegen ligger ſo ymiſt til
med Staup og ſtore Krokar,
Ein kjemer der, ſom ein inkje vil,
og fram i mange Flokar.

 3. Sveinen ſtemner i Vegen radt
med ſtora Voner i Varmen;
han møter ymiſt ein Bakke bratt,
han møter ſtundom Harmen.

 4. Um ein Stund han fær ein Stur;
det hever ſit gamle Gjenge:
Gleda gløymeſt, fyrr du trur,
men Sorgerna ſitja lenge.

 5. Kjem han ſturen i Verdi ut.
ſo fær han liten Fagnad;

ho ſnur ſeg burt ifraa all Sut;
ſo klagar han paa ſin Lagnad.

 6. Han laſtar Verdi, ſom er ſo ſnar
fraa Sorg til Leik at venda.
Han gløymer lett, at det ſame var
hans eigen Hug, kann henda.

 7. Strenge Dagar maa koma paa,
men etter koma dei milde.
Den ſtørſte Hugnad me ſtundom faa,
der minſt me vona vilde.

 8. Lauvet fell um Hauſten av,
um Vaaren atter det ſpretter.
Dauden herjar um Land og Hav,
men Livet kjem altid etter.

 9. Stormen ſopar i Skogom hardt,
ſo Tre og Kviſter brotna;
men grøne Kviſter vil renna ſnart
av Rotom til deim, ſom rotna.

 10. Kjært er Livet med all ſin Harm;
det klaarnar, alt ſom det gjenger.

Men endaa treng eg ei Von i Barm
um eitt, ſom varer lenger.


PD-icon.svg Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.