Gløymska

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
P. T. Mallings Forlagsboghandel (s. 40-41).

(Tone: Det ſtaar et Træ i min Faders Gaard.)

 1. Det gløymeſt allting med Tidi av;
rundt um oſs Gløymingi lurer.
Ein Mann or Huſet fer til ſi Grav,
og Huſet ſyrgjer og ſturer;
men um ei Stund i det ſame Hus
er Leik og Gaman og Staak og Sus.
All Sorg og Sut er ſopad ut,
og Gløymſka vinner paa Minnet.

 2. Det vaknar ſtundom ein ofſa Strid
han gjeng med ymiſe Vende;
dei roſa Vinningen kvar ſi Rid,
ſo ingen ſer nokon Ende.
Og Hopen biſnar og lyder paa

og reder um det i kvar ei Kraa.
So døyr det av med alt ſitt Kav,
og Gløymſka vinner paa Minnet.

 3. Ein Diktar ſeter ei Bok i Hop,
ſom ſtore Skifte ſkal gjera;
han ſkal no koma i ſlikt eit Rop,
at aldri gløymd han kann vera.
Men Minnet varer eit Aar og tvau;
det varer knapt inntil ſeks og ſjau;
til tjugo Aar det aldri naar;
for Gløymſka vinner paa Minnet.

 4. Um kjærleg Hug var det ſtundom ſagt
han aldri ſkulde faa Ende;
og endaa gjekk det no ſidan ſkakt,
ſo Hug til Vanhug ſeg vende.
Men endaa trur eg no helſt uppaa,
at Elſken vara til Enden maa.
Der vil eg ſnu og inkje tru,
at Gløymſka vinner paa Minnet.


PD-icon.svg Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.