Nøgje

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
P. T. Mallings Forlagsboghandel (s. 44-45).
◄  Livet
Livssyn  ►

 1. Dei ſegja no, Verdi ſkal vera ſo vond,
og ſant nog det ofta kann finnaſt;
men viſtnog me ſaago ein fagnadfull Stund
langt oftar’, en ſjølve me minnaſt.
Me tenkja for kort og venta for ſtort,
og difyre kjenna me ofta Skort.

 2. Um endaa i Heimen er Trældom og Tvang
og Folk, ſom for ſtore vil vera,
um Sanning og Rett verder heft i ſin Gang,
og Smaafolk faa Skjemder at bera;
ſo ſjaa me daa tidt, det teiknar ſeg blidt,
at Umbot vil koma, der alt var for ſtridt.

 3. Høgt upp yver alle dei Herrarne ſmaa
er ein med eit ſterkare Rike;
han læter ſitt Ljos og ſin Varme naa
til faatøke Folk ſom til rike.

Han giv utan Skil, naar Timen er til;
han giv ſina Gaavor til kven han vil.

 4. Dei arme fekk ofta ein Rikdom i Barm
ein Skatt i ſitt Mod og ſitt Lynde;
dei ganga med Von gjenom Saknad og Harm
og finna ſeg Hugnad og Ynde.
Dei fara fram ſtilt og taka det mildt
og lindra og lækja, der nokot er ilt.

 5. Rundt um er ein Heim, ſom af Fagnad er full
Sjaa alle dei Liv, ſom der liva,
og Soli, ſom ſtraar yver Doggi ſit Gull.
og Blomen, ſom opnar ſi Skiva.
Um vel du vil ſjaa paa berre eit Straa,
du kann ikkje meir en at undraſt derpaa.

 6. Men den, ſom gav Liv i ſo rikelegt Tal
og Kraft, ſom vel ingen kann tyda,
han hever vel endaa ein romare Sal
med endaa ei rikare Pryda.
D’er litet, me ſjaa, og litet, me naa,
mot alt, ſom i Vonom der vera maa.


PD-icon.svg Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.