Kom, Guds Ande, som kann tenda

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
10.
Tone: Naar mit øie.

<poem>Kom, Guds Ande, som kann tenda Ljos og liv i hjarta vaart! Kom, so me vaar synd kann kjenna Og Guds kjærleik skoda klaart! Kom til oss i hjarta inn, Kveik ditt ljos i sjæl og sinn!

Strøym igjenom hug og tankar, Giv oss visdom, trøyst og tukt, <poem>

So me dagleg krafter sankar,
Ber for Herren fager frukt.
Lat oss upp mot ljoset traa,
Burt fraa synd og villferd gaa!

Leid oss du paa livsens vegar,
Or vaar stig ryd støytestein!
Giv at me av hjarta tregar
Vaare syndesaar og mein,
So vaar sjæl maa syrgjefull
Kjenna saart si syndeskuld.

Aa tilgiv oss vaare synder
For vaar Frelsars saar og blod!
Du som liv og fred forkynner,
Ver oss naadig, mild og god!
Herrens fred oss alle giv,
Og til sist eit evigt liv!


PD-icon.svg Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.