Kjære Fader, me vil beda

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
9.
Tone : Naglet til et kors paa jorden.

Kjære Fader, me vil beda
At du inn til oss vil treda
Med din Ande og ditt ord!

Tend ditt ljos i vaare tankar,
So vaart vit og vilje sankar
Himmelmarma her paa jord!

Herre Krist, vaar kraft og styrke,
Driv burt alle makter myrke.
Som med synd vil saara oss.
Lat di frelsarmakt oss kjenna,
Lat din kjærleik i oss brenna.
Lat oss sjaa din sigers kross.

Gode Ande, himmelgaava,
Giv oss, som vaar Frelsar lova,
Sanningsljos og kjærleiks glod!
All vaar synd du ut maa sletta,
Alle samvits byrder letta.
Giv vaart hjarta sigers mod!


PD-icon.svg Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.