Klukketjuvadn

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. 9-13).

Slidreklukkudn era beste Klukkudn som finnast paa lang Lei; dei hava slikt Ljø at de gjere godt aa høyre dei, men dei era ’ki lika i Ljø’e; den eine e meir blaut aa vekjømele[1] en hi, som læt hardare aa sterkare. Den eine Klukka e berre harde Malmen, men den are har Sylv i se. Um dessa Klukkudn gaar de ei Segn.

Nær dei i gamal Ti hadde bygt se upp ei ny Kyrkje, so va de ingi grei Sak aa faa se Klukko. De va ingin i Lande so mæt, at han kunna støype dei, før dei hadde ’ki faatt Kønste endaa. Difør løto dei leige Støypara ne’alands ifraa me dyre Domo. No hadde dei i Hallingdal bygt se upp ei Kyrkje., men koss skulde dei væl bera se aat te Klukko? Nær dei endaa hadde ei, so fingo dei hjølpe se me di; dei fingo sjaa te aa stela se ei, dei visste se ’ki bere Raa. Trjaa Hallinga laga se daa te um Hausten aa reiste over Fjelle te Valdris aa vilde stela ei taa Slidreklukko. Midt paa Nattenn brøto dei se inn i Stupullen aa stølo eine Klukka. De gikk lett me aa faa ho ne aat Fjorde aa over, men upp igjeno dei bratte Bakkadn paa hino Si’unn gikk de seint aa traatt, aa dei saago, at dei kunna ’ki koma ut or Bygdenn fyrr Dagen rann; difør grovo dei Klukka ne uppi Aase i ein Brøte, som kallast Saltmannbrøtin. Daa detta va gjort baade fint aa væl, sette dei paa Heimvegen. De verste va no overstande; dei kunna reise ette Klukkunn nær dei vilde, aa dei hadde inki Bo aa forskunde se syntest dei. Men den Klukka som va att sakna Syste sino, aa so tok ho te aa ringje taa se sjølv. De va Nattars Ti’e, aa Folke i Prestgarde sovo; men Presten vakna taa Ringingenn, aa høyrde tydele, at Klukka søng so syrgjele aa ve’kjømele:

Syste mi ligg’e i Aasmosa
i Saltmannbrota –
Tjuvadn finne de
paa Dinglo.

Presten reis upp or Sængenn, fata Byrsa si som sto

skarpladd atta Hovdegjerde, aa vekte Karadn sine. So sette dei over Fjorden skrappast dei vønno, fingo se Hesta aa ri’o ette Tjuvo. Daa dei komo upp aa Flataasen, ljøsna de taa Dage so myki, at dei kunna sjaa Fare ette dei; men dei naadde dei ’ki att, fyrr dei komo aat ei stor Hei som eite Dingladn trast heima Knippesætstølen. Der skaut Presten ein skile i Li’amuna’e[2], so han stupte dau aat Galde. Dei tvo hine sette daa te Sprangs aa bykste so fort dei orka, men daa dei saago at dei inki kunna koma unda, sprøngo dei inn i ei Lø’o som staar midt paa Dinglo. Der vorto dei fakka, aa dei komo ’ki taa Dinglo att meir; dei grovo dei ne eit lite Stykki fraa ina’n paa noko smaae Fete i Li’amuna’e, som den Dag i Dag eite Tjuvesetidn. Over Greftidn la’e dei store Steina, aa dei liggje der enno i høgre Vegabradde[3], nær ein gaar paa Stølen, so ’at kem som vil kan sjaa dei. Men Klukka ligg ogso i Aasmosa i Saltmannbrota den Dag i Dag, før Tjuvadn hadde gjøymt ho so væl, at ingin va Kar te aa finne ho att.

No løto dei faa tvo Engelsmenna te aa koma upp aa støype att ei Klukke. Desse vilde ’ki, at nokon skulde stela Kønst taa dei; difør laga dei se te ei stumenve murk[4] Haustnatt i ein djup trong Dal paa Mossgjerdo; der vilde dei støype, so at ingin saag de. Men no hende de, at ein Fekar fraa Halligdal kom sama Natte ovate over Aase’ggi; han vilde austover aat Dølo[5] aa handle Fe. Han saag den store Varmin, som Engelsmennadn hadde gjort upp ne i Dale, aa han undrast paa ko detta skulde bety’e. Han visste heldan inki, kor han skulde faa se Hus, aa so gikk han beint ne te desse Støyparo aa gav se te aa staa aa glana aa sjaa paa dei. Engelsmennadn meinte, at han vilde stela Kønst aa bo’o han gaa sin Veg, men han skynte inki, ko dei sa’e, aa so sto han like radt. Men daa vorto dei sinna, aa rende paa han aa rivo taa hono Pe’ingskreppa, som han hadde paa Ekslo, aa kasta ho i Sinne lykt ne’i den kokandis Malmen. Hallingen tok Sprange, aa Engelsmennadn støypte, aa de rann godt. Klukka vart makalaust sin aa klingandis i Ljø’e. Men Hallingen fekk daa bitala Tjuvrie. Likevæl segja dei, at den nye Klukka ikki vart skile so go som den gamle va, men ho skjemme no ’ki Makin sin der ho heng. Nær de e Messe ve Slidre, kunne dei høyre Klukkudn over alle trjaa Sokne. Paa Vestaase staar de skile upp aa Aaseggenn i høgre Vegabradde, nær ein gaar paa Stølen, ein stor Stein som dei kalle Bustein. Kor Gaang denna Steinen høyre Slidreklukkudn, snur han se rundt ei Gaang. Detta e no ’ki noko underle anna ell før Smaaguto, som inki koma i Hug, at Steinen alder høyre Klukkudn, men meir underle e de, at de ha hendt, at Klukkudn ha sønge, so alle ha kunna skynt, ko dei ha sagt. Langt aust unde Fjello austa i Aase e de too Garda Beito aa Skjel. Nær Folke her skulde te Kyrkje um Joledagen, løto dei reise i Vegen um Joleftan, aa endaa løto dei skunde se, skulde dei koma te Ti’ars. Ein Joledag voro dei ’ki komne lenger en paa Slidreaasen, daa de ringde sidste Gaange. Daa søngo Klukkudn so heile Ølmugin inn i Kyrkjunn høyrde de:

Lang Veg ha Beitadn;
seint koma Skjeladn.

Men Beitadn aa Skjeladn vorto so skamfulle, at dei snudde umkring aa reiste heimatt.


PD-icon.svg Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. grøteleg, melancholsk; (væl av det gamle„ at komast við).
  2. Bruni eller Trømen paa Lidi.
  3. Bradd, Rand Kant Bard; ogso um Kanten paa eit Kjerald.
  4. u fyre y; soleides ogso i andre Ord: burg, fulgje, Sulgje o. fl.
  5. Gudbrandsdølom.