Ein stytthugsa Prestmann

Fra Wikikilden
Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. 13-14).

Mest alle Presta so era dei stytthugsa, de har se taa di, at dei ha studert for myki. De va ein Prestmann som hadde so klent Minne, at han ’ki va istand te aa halde Dagarekningi, han hjølpte se soleine, at han gjorde ein Sopling te kor Dag, aa nær han hadde seks Soplinga so visste han, at han skulde messe hin Dagen. No va de ei Gaang, at Stogogjenta trøng ein Sopling, aa so stal ho ein ifraa Preste. Um Synndagsmorgon daa Presten kanna Soplingadn, hadde han ’ki meir en fem, difør meinte han, at de va Laurdagen, aa so sette han se te aa gjera paa sette Soplingen. Me’a han sat aa spikka paa Soplingrise, kom Klukkaren, han vart forfæld taa Preste, som arbeidde um Synndagen. „Vil inki Far snart aat Kyrkjunn? Folke staa aa stunde,“ sa’e Klukkaren. Presten rende innunde Sængi aa reiv fram Soplingadn sine aa kanna dei ei Gaang te. „E ska væl ’ki messe um Laurdagen, veit e,“ sa’e han, „e har ’ki meir en fem Soplinga.“ Klukkaren meinte, at de va Synndagen likevæl, men Presten kanna aa kanna aa nemde ein Dag for kor Sopling han hadde i Høndenn, men han kom inki lenger en te Laurdag. Klukkaren paasto, at de va Synndag, men Presten vilde ’ki tru; teslutt vart han sinna aa vilde jaga Klukkaren ut. „Men Far maa ein Dag ha gløymt aa gjera Soplingen,“ sa’e Klukkaren; daa sto Presten me Soplingi i Vere over han. Ja Presten syntest de va ’ki so utrule, aa so vart han me te Kyrkjunn likevæl.


Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.