Jutulhatten

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. 8-9).

Um Lag ei Fjordungslengd nordafør Uneskyrkjunn staar de upp or Fjorde ein stor Sein paa Skapna som ein Hatt; dei kalle han Jutulhatten, aa de gaar ei Segn um han, som e her ska fortelja.

De va i gamal Ti tvær Jomfrugo som bygde upp Uneskyrkja. Men de va ein Jutul i Bygdenn som va so usnyrtele stor, at han ’ki fekk Rum te aa gaa aleis, en han laut va’ midt ette Fjorde, daa naadde Vatne uppaa’ Oklo, aa paa Smalleggen der de va djupast; men nær han kom aat Vangsmjøsenn, naadde de uppaa Kne. Detta Trølle gjorde myki Mein, han syntest de va løgle aa preinast[1] me Folk aa gjera Vanbenko[2], kor han kunna. Dei Jomfrugudn som bygde Kyrkja, fingo heldan inki hava Fre før hono, men dei varde se no væl, taa di dei voro reina aa kunna myki. Daa Kyrkja va mest rei’og, de va ’ki att anna ell Torne, so vaagde Jutullen me dei, at han skulde dra ein Stein paa Jødndrøgenn[3] sino or Ravnbergo like so stor som Kyrkja aa reise han upp attaat te aa skyggje før henne; detta skulde han ha gjort, fyrr Kyrkja va taabygd. Ja, han gikk aat Ravnbergo aa støkkte[4] taa ein Stein fullt so stor som ei Kyrkje aa la’e han paa Drøge, aa rugga me hono, so Vatne skvelja ikringo han. Men daa han hadde drage han ei Mil aa hadde att berre ein Fjordung, so ringde de i Uneskyrkjunn. Daa Jutullen høyrde Klukkudn, braastana han so tvert, at Drøghumulen[5] datt aav, aa Steinen sprakk i tvo Stykko. Han vart so sinna, att han valt attende aa rivna; Hatten hass trilla inn paa ein Grunne, der vart han liggjandis me de halve taa Pølle over Vatsmaale, aa der ligg han enno.


PD-icon.svg Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. gjera Prettor.
  2. Vanbeinka; Meingjerd.
  3. ei Drog, ein stutt Slede til Timberkjøyring.
  4. støkkja, faa til aa springa ut, slita, riva ut.
  5. Tvertreet i „Drøgenn.“