Hopp til innhold

Ho Stutarkari

Fra Wikikilden
Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. 7-8).

De va ei Kjering paa Fødnes som eitte Kari, ho va so go te aa stute[1], difør kalla dei ho Stutarkari. Um Sumaren va ho paa Støle, aa Døtte hennar ein liten Gjenteomage[2] va me henne. Daa de lei inn imot Ønn’n[3], vilde ho Kari reise heimatt aa baka aa bryggje. Me’a skulde Gjenteomagin stelle eileine paa Støle, aa de va ’ki nok me di, men ho skulde ogso passe vesle Ungin, som More laut seta att, før skulde ho take me han, so hadde ho ingin Ting faatt gjort heime. Aa ja ho Kari kom heimatt aa fann alting aafaatt[4], aa ho va ’ki den Kjeringi som gikk ifraa di, fyrr alt va som de skulde; difør vart ho lenger heime, en ho hadde meint se te. Dei fysste Dagadn gikk de eingorleine paa Støle, men so vart Gjenta skjersett[5] baade te Mjøl aa Brø, aa vesle Gutungin sinna se aa va so annsam, at de va Uraa aa faa hugga han. Ho stunda dagstødt paa Mor si, men teslutt tok ho Stuten aa gikk heim paa Vardaasen som e beint over før Fødnes; de kan væl vera ei Mil imyljo. Ho hadde lært stute taa Mor sino, aa ho let ’ki henne gjera Skam taa se. No stellte ho se paa høgste Knausen paa Vardaasen aa stuta:

De vanta me Mjøl,
aa de vanta me Brø,

de vanta me Salt,
aa de vanta me alt.
E ska halde paa,
aa vesle Guten græt’e daa!

Ho Kari sat i Eldhuse aa trinsa paa ein Leiv, daa ho høyrde Stuten. Ho la’e Kjevle or Fange aa sto upp aa gikk ut i Døre aa svara me Stute, so de ljømde i Aaseggjo:

Gjenta mi du!
skunde de skunde de vestatte du!
Mjølki renn
aa Leiven brenn –
Sulle du Baadne te Mamma kjem!

Hin Dagen i Graalysingenn sette ho te Støls me ei Matklyv.


Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. laata paa Stut, ein Slags Lur.
  2. Omage; Ungmenne, gamaln. umagi.
  3. Dativ av Ønn (ønn), Onn (Vaaronn, Plogonn).
  4. vanstellt, i Ulag. I Uppskr. ofaatt.
  5. uppraadd.