Han Skrulle

Fra Wikikilden
Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. 5-6).

Paa Kvam i Vang va de ei Gaang ein Mann som eitte Skrulle, han va so gamall, at ingin visste Alderen hass, han hadde fulgt me Garde Mann ette Mann fraa uminnele Ti. Han tala inki; de va ingin som hadde høyrt han segja eit einaste Ord; han sat berre utme Peisla’e[1] aa rugga se aa letst ikki korki høyre ell sjaa. Dei hadde fønne paa alt som tenkjast kunna, før aa faa han te aa tala, men de va Uraa. So kom ei Gaang ei Finnekjering paa Garden, aa hona sa’e dei, koss dei skulde bera se aat, før aa faa han Skrulle te aa tala. Dei innbilte hono, at Kongen skulde koma, aa so la’e ein se unde Sængi te aa lure paa, ko Gamlen skulde segja. Dei andre sprøngo daa i Annsemdenn fram aa attende aa letost skulde laga te Mat aa rette for Kongen. Ein taa dei tok ei Eggjeskudn[2] aa halla Vatn i ho, aa detta sette han paa Glønadn aa sa’e: „e lyt nok snøgge me e, ska e faa kokt te Kongen kjem.“ No gingo dei ut alle nemme so den som laag unde Sængenn. „Hahaha,“ lo han Skrulle, „no er e so gamall, at e minnest Hugakollen skogavøksin aa ne’attføllin trjaa Gaange, men alder ha e set slikt fyrr, at dei ha retta før Kongen i ei Eggjeskudn.“ De hadde se nok soleine me hono, at han ’ki skulde sleppe taa Verd’nn, fyrr han hadde tala. Sama Dagen som detta hende vart de eit fælt Uver; de kom kvervandis ein Snjøkave so tjukk aa stri, at de va Uraa aa sjaa fram fere se. „Skrulle!“ skreik de burte i ein Haug; daa lyfte han Skrulle paa Huvu aa lydde. „Skrulle!“ skreik de. „Ja,“ svara han Skrulle. „Skrulle, kom no!“ ropte de. „Ja no kjem e,“ sa’e han Skrulle, smette paa se Skodn aa gikk. Ingin visste, kor de vart taa hono; dei saago han inki meir.


Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. Skorsteinsmuren.
  2. Eggjaskal, gamalnorsk, eggjaskurn.