Kjempe-Steinann’ paa Ru’ihø’n
Beint upp for Gamel-Sæter’n paa Bjølsta-Skogje, uppi di steinsette Ru’ihø’n, kan Ein sjaa tvo jemnhøge Steine, ytst i Hø-Bron. Døm staar og kalle paa jemt og ruve for aa vera paa Lag ei medels Kars-Høgd, godt ei Aln paa Tjukt og inn-mot tvo Alne paa Breidd, den eine væl-saa drug som den andre. Dessa tvo Steinann ha all sin Dag vore kalla Kjempe-Steinann og kaarles døm fekk de Namne ha de gaatt dette Orde att-igjønom Ti’inn.
De va tvo onge Gute i Heidale, som baae ha lagt Hogen sin paa den saamaa Jenta. Kaarles de no va me henna, antell ho va tviraa’og me se sjøl um, kem ho likte best, hell ho vilde haa den, som va den sterkaste ’taa døm, ha de ikje vore gjete naagaa um. Men ingen ’taa døm va go-te aa aagaa Hogen sin, saa den eine vilde vikje for di andre. Ein Kvell raakaas dessa Gutann paa Gamel-Sæter’n, for der va Jenta Saamaar-Budeie. Kaarles de Mote gjekk av se er de ikje sagt naagaa um, men den Kvell’n vart døm saales samde, at døm skulde gaa uppi Ru’ihoe um Maargaan og gjera kaar sitt Kar-Stykkjy. Den, som da kunde syne fram, at han va den evlogaste, skulde faa Jenta.
Og saa reiste døm kaar sin ’taa di tvo Kjempe-Steinom um Maargaan, men da døm saag te, va Steinann’ saa nere jemnstore, at ingen ’taa Gutom kunde seia, at han va di andre over-sterk hell Over-Mann over hine. Saales va døm like ner me Tvi-Dragje millom se. Nei, da sette døm paa aa slaast paa harde Live; døm broutst og slost saa Grunne skolv onde døm, Time ette Time og Økt ette Økt. Men ingen vart Mester, den eine sto upp Ende[1] me hine antell døm tok Tak hell døm slo. Saales heldt døm ve Dagen igjønom saa lengje, døm orka aa røyve ein Lem; men da Sole va av-fjella um Eftan og Budeia skulde sjaa uppi Ru’ihøe kem ha tikji de tyngste Take, da laag døm jemsi’es paa Fjelle, bleike og livlouse, baae tvo. Saa tok Bygdafolke og bar døm ne paa Gamel-Sætre og la døm i kaar sin Gravhoug ut-ve Trykjo[2] og der ha Hougann synt te her Eitt-Aare, da Aae vart saa stor, at ho grov døm ut.