Jutulstaupe

Fra Wikikilden
Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. 33-34).

Nær ein gaar aust over Aasen aa kjem ne imot Røe, so e de ei Bugt paa Vegi som kallast Røsbugen. Her va dei gamle Daga myki Trøllskap baade Skrymslo aa Haugafolk. Ein Mann som va vortin drepin der gikk att me Huvu’e unde Høndenn aa skræmde Folk. De va ingin som fekk mana han ne, fyrr Hr. Lars kom; men daa han hadde tala te hono, viste han se ’ki meir. Ei Gaang han gamle Jigjer[1] Øvrehande Gofar aat dei Jigjere som me minnast, rei igjeno Rossbugen, kom de fram ein stor Jutul me eit Sylvstaup i Høndenn, han vilde skjenkje hono Jigjer. Men han Jigjer va ’ki so einføldig at han drakk; han tok imot Staupe aa skvette Drykken attover Oksle si aa rei me di i dragande Tan. Daa skreik Jutulen: „Einbein, tak han du!“ I di sama kom de fram ein Mann som hadde berre ein Fot, aa han hoppa aa skaut se rund umkring han Jigjer, so at han inki kunna koma derifraa, han rei berre ikring aa ikring. Men teslutte va de ein burte i ein Haug, som anti vilde hono Jigjer væl ell Jutule ille, han skreik: „Ri paa det ala aa inki paa de harde.“ Daa rei han Jigjer aav inn paa ein Rugaaker, aa paa den hadde ’ki Einbein Magt te aa koma. „Aa ja, so læt han hava de daa!“ skreik Jutulen burte i i ein Haug, „han ska ’ki sita sæl taa di kor so va.“ Daa vart han Einbein burte, aa han Jigjer rei sin Veg me Staupe. Men dei ha ’ki hatt skile nokor go Lykke me se dei, som ha hatt Eigne over detta Staupe. De finnst enno, aa unde Botte paa di staar de noko underle Stempla som ingin ha kunna lese.“


Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. væl det gamle Jogeir.