Dystatrumma

Fra Wikikilden
Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. 32-33).

I Ofredsti’o era dei underjordiske go’e aa hava. Dei fulgje me aat Ofre’e maa veta, aa i Slago gaa dei fere. Sidst me slogost me Svensko, hadde me væl ’ki vønne so lett, hadde me ’ki hatt dei te Hjølp. Dei stellte se upp tett framafør Svensko, aa nær dei daa skulde skjøte, lyfte dei upp Byrsepipa; difør va de, at Svenskadn ra’e skøto ivi. De va ein taa Svensko som va framsynt, som sa’e de te dei Ofsere som kumederte, at de va ’ki verdt aa kri me Nordmanne, „de e fleire taa dei usynlege en dei synlege,“ sa’e han. De ha nok ogso hendt stundo, at dei ha vist se før Folk i i Bygdo desse underjordiske Sylateradn“. Soleine va de ei Gaang ein Mann sy i Bygdenn – han leve enno – som va nyss attekomin or Ofre’e. Um Vaaren va han paa Støle aa gjerde. Ein Kveld han sat inni Sele kom de inn te hono trjaa Sylatera i full Mundering. „Du faar hava Takk før sidst du,“ sa’e dei te hono som dei skulde vera gamle Kjenninga. Men han vart forundra; „kor i Guds Namn koma de ifraa daa?“ sa’e han. Daa saag han ’ki Liknils te dei meir. Nær de ska bli Ofre, so høyrest Dystatrumma um Kveldadn aa Mednadn[1]. Ho gaar ut paa Ringeriki paa ein Gard som eite Dysta; der tek ho te unde Laavetrøppenn, fer so nord over alla Bygda, uppover paa eine Su’e aa utattover paa hi Su’e, daa døra de i Fjello skile som de vore Tora. De e Teikn paa, at alle sko gjera se rei’oge te aa draga ut, aa nær dei daa era rei’oge aa massere utover, so e de slik ein Trummeraml, at de e fælande.


Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. Fleirtal av Morgon.