Bergsormen

Fra Wikikilden
Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. 34-35).

Midt uppaa Bergsaase e de eit lite Tjedn. I desse Tjedne va de ein Orm, aa han hadde vøkse aa vorte so stor, at han fyllde heile Tjedne. Teslutte vart de so trongt, at han fekk ikki Rum. Daa kraup han upp aa rann neover Aasen. Han va so digar som ein gilde Timberstokk, aa Lengde hadde han derette. De va heirsle aa sjaa, koss han lekkja se neover Reinudn jaa Bakkadn; han braut ne Skigardadn aa velte ne Gotomuradn; de va skile som de hadde gange ei Skre’o. Daa han kom ne i Handedalen, skoto dei paa han, men de saag ’ki ut te, at de gjorde noko; han rann lykt ne i Fjorden, aa der vart han burte. Men han hadde nok faatt Dau’en sin taa di Skote likevæl, aa Vaaren derette rak de Stykkjo taa Hame hass um paa alla Strenda, dei voro store som Møkjaløss.


Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.