Jesus Messias/IV

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) (s. 37-43).
◄  III
V  ►
U
m Teikn, Underverk, er mykje fortalt i Jesussogom.

Men attaat er der ei Fraasegn som tyder paa, at desse Undersogune er fraa ei seinare Tid. Alle fire Bøkane hev denne Fraasegni.

Jødane kjem til Jesus og krev Teikn; det hadde dei ikkje funni paa, um Undersogune hadde vori sanne. Jesus svarar nei til Krave deira; hadde Undersogune vori sanne so hadde han sagt: Teikn hev eg gjort; kvi trur dé ikkje? Men „inkje Teikn skal verte gjevi denne Ætti“, segjer han stutt og beint (Mk. 8: 12[1]). Hjaa Johannes (6: 30—33), der Jødane syntest vente eit Teikn av same Slage som Himilbrøde i 2 Mos. 16: 14, svarar han berre at han sjølv er Brøde fraa Himilen. Smf. Mt. 16: 1—4.

Men liksom Farisæarar og Skriftlærde i Jesu Tid gjerne vilde sjaa Teikn, so hev Kyrkjelyden seinare lika aa høyre um Teikn; so er det med Folke alltid. Og i dette Stykke høyrer snart sagt alle til Folke, eller gjorde det daa visst i dei Tidine me her hev for oss.

So var det og det at Profetane hadde gjort Teikn, Elias fysst og fremst, som saman med Moses var Fyribilæte paa Messias. Dei hadde og spaatt um forunderlege Ting som skulde hende i Messias-Tidi; og Skaldebilæti deria vart i seinare Tidir beintfram tekne. Esaias hadde tala um, at bline Augo og dauvhøyrde Øyro skulde opnast og at halte skulde springe som Hjortar og dumbe kveda av Sæle naar den Gudsende kom med Fagnadbòde sitt (Es. 35: 5, 6; 42: 7; 61: 1); Ord av same Slage men beintfram tydde vart i den etter-apostoliske Tidi lagde Jesus i Munnen, naar han skulde svara paa Spursmaale um han var „den som skulde koma“ (Mt. 11: 2—5; Lk. 7: 22).

Daa Undersogune tok til aa gange, hev Kyrkjelydane undrast paa at so merkelege Ting ikkje skulde ha vori kjende og fortalde fyrr. Men so hev dei tenkt: Jesus hev forbòdi dei lækte aa segja kven Lækjaren var; elles hadde han ikkje fengi gjort anna enn vera Lækjar. Og dette hev vorti Tru (smf. Mt. 8: 4; 9: 30; Mk. 6: 56; Lk. 5: 14, 15). Sidan, daa Sogune vart fleire og fleire (smf. Joh. 21: 25), hev ein annan Tanke komi upp: di meir han hadde forbòdi Folk aa tala um Teikni, di meir hadde dei tala (Mk. 7: 36); dermed hev Tanken um Forbòde mot aa tala vorti gløymd. So heilt hev han vorti gløymd, at rett som det er talar Jesus sjølv um Teikni sine (Mt. 11: 5; Lk. 7: 22); ja i Johannesboki gjer han Teikn beint fram til aa faa deim umtala (11: 4).

Undersogur er daa uppkomne i Mengd. Teikni vert stundom heiltupp Trolldom: gjeng for seg so Meistaren ikkje veit um det; dei sjuke vert lækte verre dei rører ved Kanten av Klænaden hans (Mt. 14: 36; Mk. 6: 56; Lk. 6: 19). Og Sogune læt Jesus gjeva Tolkninar til Teikni sine: ved deim godkjender Gud den han hev sendt (Mt. 12: 25 flg).

Elles legg Jesus inkje noko Lag paa desse Teikni; „hadde dé Tru som eit Sìnapskorn,“ segjer han til Sveinane, „so kunde dé gjera større Ting enn desse“. Ja det vert lagt ’n i Munnen Ord um at „ingin Ting skal vera umògelegt“ for deim; um dei so vilde bjode eit Berg lyfte seg og kaste seg i Have, so skulde Berge lyfte deim. Daa han sender deim ut gje han deim Fullmagt til aa forkynne Rike; og dei greider det eine som det andre (Mk. 6: 13; Lk. 9: 6; 10: 17); Andane, som elles andre Folk og kann drive ut, klarar dei likevel ikkje alltid (Mt. 17: 14[2]).

So lite framkomin som Helse-Vitskapen i den Tid var, hev alle som galdt for noko meir enn vanlegt, vorti søgte um Lækjingshjelp; det ser me og i Apostelgjerningar. Der vekkjer Peter jamvel ein daud (9: 36), liksom han i Stykke 5 tek Live av eit Par Menneskje med Orde sitt. Ja sjuke vart borne ut paa Gata, naar han eller Paulus var ventande; og fall berre Skuggen av ein av desse Gudsmennane paa ein sjuk, so friskna han (Apg. 5: 15; 19: 12[3]).

Underverk ved vond Hjelp synest Jesus ikkje aa hava tenkt seg (Mt. 12: 25 flg.; Tilvisn..). Trui gjer Verke. Og det trengst Tru hjaa Hjelpsøkjaren som hjaa Hjelparen. „Di Tru hev frelst deg,“ segjer Jesus ofte til deim han hev hjelpt; og i Nasaret, der det er lite Tru, gjer han „ikkje mange kraftige Gjerningar“. Me er her sterkt innpaa den rette Forklaaringi av mangt av det som fyrr galdt — og ofte enno gjeld — for Underverk.

Mykje strid hev det vori um dei bibelske Teikni. Me som veit kva Trui kann gjera — i sjølve Lækjekunna er det Trui meir enn Dròpar og Pulver som hjelper —, og dertil veit korleis Trui, naar ho fysst er uppkomi, kann skapa nye og daa jamt større Underverk, me vil ikkje døme so braadt. Det er sjølvsagt, at i Tidir med lite Naturkjennskap og mykje Tru hender det fleire „Underverk“ enn i ei Kaldklok og tvilesjuk Tid som vaar; og visst er det, at um Folk fyrr stundom hev trutt for mykje paa aandeleg Magt, so trur me no helst for lite. Dei Teknsogune som i Bibelen er uppskrìvne til Studnad for Trui, kjem daa og helst i Vegen for Trui no. Kven kann hava Tillit til ei Forkynning som er uppstudd med Folkediktning?

Men dei som tenkjer etter vil vita, at um der so gjerne er eit Grand Folkediktning i gamle Skriftir, so vert det sanne i deim like sant for det. Me kann finne all den Sanning me treng i Nytestamente, um me ikkje serskilt trur paa dei Djevlane som vart drìvne inn i Svin, eller trur at Messias ein Gong hev vori Vinbryggjar i Kana i Galilæa.

Det sanne i Bibelen ramlar ikkje, um me tek Matlagingi aat dei 4000 eller 5000 Mann for Folkediktning heller[4]. Av Markus 6: 52 skynar me tydeleg, at denne Sogo hev vori ukjend for Sveinane; mot Teikn hadde desse barnslege Galilæa-Gutane ikkje forherdt Hjarto sine.

Daudevekkjingsogune hev me alt vori innpaa; den stridaste er den um Lasarus (Joh. 11). Jesus er reint ulik seg her; han gjer seg beintfram fyri med aa faa Lasarus-Sogo merkeleg og aatgaadd. Han steller seg so, at daa han kjem til Betania, hev Lasarus alt „legi fire Dagar i Gravi“; at han „græt yvi Lasarus“ naar han hev stelt til dette og dertil veit at Lasarus um eit lite Bìl vil vera livande att, det er ikkje heller likt Profeten fraa Nasaret. Orde um, at det alt tevjar av Like, gjer Meiningi med Sogo uhugeleg tydeleg: her skal daa ingin kunna tala um Dvaledaude! — Me skal og hugse, at Lasarus ikkje er nemnd i nokor av dei andre Sogune. Jamvel Lukas, som (10: 34) nemner Systrane hans skulde vera, veit inkje um ’n. Og endaa skal Lasarus etter Johannesboki vera ein serskilt god vén av baade Jesus og Sveinane; Tomas Tvilling ynskjer endaa beint fram at dei kunde „døy med honom“. —

Daudevekkjingssogune er i det heile seint uppkomne; etter Mk. 9: 10 veit Sveinane ikkje kva det er, dessmeir, aa „stande upp fraa dei daude“. Og ein Ting kann me lita paa: hadde Jesus nokon Gong vakt upp ein daud, so hadde dette vorti hugsa daa han sjølv laag i Gravi, eller daa visst den Morgonen daa Maria Magdalena kom til Sveinane og fortalde at han var uppstandin. Men det vert fleire Stadir beint fram sagt, at Jesus er den fysste som hev stadi upp; han er „Fysstemannen utav Oppsòdo fraa dei daude“ (Apg. 26: 23), „Fysstegrøda av dei som er avsovna“ (1 Kor. 15: 20), „den fysstefødde av dei daude“ (Opinb. 1: 5); dette kunde ikkje vori sagt soleis vilkaarsfritt, i Fall andre fyrr hadde vori uppstadne eller uppvakte „fraa dei daude“.


  1. „— utan Profeten Jonas Teikn“, legg Mattæus (12, 39) og Lukas (11, 29) til; dette Tillegge er fraa den Tidi daa Trui paa Uppsòdo var uppkomi.
  2. At „Andar“ i like kunnige Tidir vert tekne for Upphav til Sjukdomar som Fang og sùme Slag av Hysteri kann me enno godt skỳna.
  3. Kor lett ein kann koma til aa vekkje daude naar Trui er sterk, ser me av Apg. 20: 9—11. Evtykus fell ned fraa eit Vindauga i 3die Høgdi og vert „tekin daud upp“; Paulus tek’n i Famnen og segjer: „staaka ikkje, for hans Sjæl er i honom.“ Og Mannen greider det. Hadde Paulus tagt, so hadde visst Apostelgj. 20: 11 no fortalt oss at Paulus den Gongen vakte Evtykus upp fra dei daude.
  4. 2 Kong. 4: 38—44, der Elisa med 20 Byggbrød mettar 100 Mann, er gjerne Grunn-Emne til denne Sogo. Messias maatte ha kunna gjera større Ting enn Elisa, kann ein ærlig Kristin hava sagt; millom hugvarme Jesus-Vénir hev dette vorti hermt; ein av desse hev tykst høyre, at Jesus hadde gjort større Ting enn Elisa; det hev han funni sjølvsagt, og hev sidan fortalt det til andre; til Jesu Ære hev han heller lagt til enn teki fraa; Sogo i Mt. 14: 13 flk. Hev dermed teki til aa byggje seg upp; og ingin hev „dikta“ ho. Me ser kvar Dag, korleis forunderlege Sogur lagar seg sjølve, so ingin veit kvar dei er kmone ifraa; og det hev visst ikkje vori annleis fyrr i Verdi.