Jesus Messias/III

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) (s. 24-36).
◄  II
IV  ►
J
esus var komin til aa fyribu Messiasrike. Samstundes skulde Døyparen „brøyte Herren Veg“, eller like eins fyriby Messiasrike. Det hev vel vori dei tvo ulike Messiasdraumane som hev valda Ugreide her; den rette Messias skulde vera Konge, og laut daa hava ein Profet til aa brøyte Veg aat seg.

I Johannesboki møtest ikkje Jesus og Døyparen. Denne berre vitnar um Jesus: „midt imillom dekon stend han som dé ikkje kjenner.“ „Eg saag Anden fór ned som ei Duve fraa Himilen og vart verande yvi honom“, fortèl han. Dette Syne hev sidan millom Folke vorti til Hending; me hev her eit godt Døme paa korleis Undersogur kann koma upp.

Døyparen hev vori høgt vyrd; mande undrast jamvel paa um ikkje han var Messias. Og endaa so seint som i Apostergjerningar (18: 25; 19: 3) er der dei som berre veit um Johannesdaapen. Men Døyparen spaar um den som skal koma; um denne var Jesus fraa Nasaret hev han etter Mattæus (11: 2, 3) og Lukas (7: 18, 19) heller ikkje alltid vori stød paa.

Stutt og einfeld er Sogo hans. Aaleine i Audni med Sveinane sine døyper han og lærer Umvending og spaar um Messiasrike med dei Ordi som fraa Stemnestogom var aalkjende, og som Jesus like eins bruka, daa han sidan steig fram. Sameleis forkynner han Lovi, serleg Kjærleiksbòde, og — etter Synsmaatane hjaa dei skriftlærde fraa seinare Tidir — Forlating for Syndi utan Bloting eller Blod. Anna enn Fyrigangaren, Vegbrøytaren, vil han ikkje vera. Han vert sett fast, av dei han sagde Sanning til ein Konge, og avhovda etter eit Kvendekrav; men so lite Rom som han hev fengi i desse Sogom, — der er noko serskilt stort ved denne Mannen som fann seg i aa vera den minste og gav alt sitt Liv til aa brøyte Herren Veg.

*

Liksom Jesus etter Johannesboki ikkje vert døypt, soleis døyper han ikkej sjølv heller, alt um Læresveinane hans skal hava døypt[1]; Daapen med Vatn vilde daa heller ikkje høve for den som skulde døype med Ande og Eld, d. e. med den Andemagt, den Vilje- Uppgløding, som skulde „brenne upp“ elle reinske ut det uheile og ureine i Mannahjarto. Um Døyping er det ikkje fortalt meir fraa Jesu Tid; men i Apostelgjerningar kjem Daapen upp att i ein ny Skapnad: Apostlane døyper i Jesu Namn, um elles „til Forlating for Syndine“ som Johannes (Apg. 2: 38; smf. Mk. 1: 4; Kl. 3: 3). Med Paulus fær Daapen i Jesu Namn ei ny Tolking (Apg. 19: 1—6). —

— Sogo um Freistingi er fortald berre hjaa dei tri fysste. Det er ein rabbinsk Tanke ho er bygd paa: Messias, som er den andre Adam, lyt røyne det den fysste røynde, og stande der han fall. Markus (1: 12—13) hev Sogo paa den stuttaste og daa vel og paa den eldste Maaten; han fortèl at Anden dreiv Jesus „ut i Øydemarki; og han var der i 40 Dagar og vart freista av Satan; og han var med Villdyri; og Englane tente honom“. Dette um Villdyri minner um buddhistiske heilage, som skal kunne med vitugt Umgjenge temja Tigrar; sùme meiner at det her sting seg fram eit Minne fraa ei Ungdomstid, daa Jesus hev vori i buddhistisk Skule. Hjaa Mattæus (4: 1—11) og Lukas (4: 1—13) er Sogo meir utvaksi. Her au er det Anden som fører Jesus ut i Øydemarki; hjaa Lukas er Jesus „full av den heilage Ande“, daa han gjeng der ut. Etter Freistingi gjeng Djevelen fraa Jesus „for ei Tid“ (Lk. 4: 13); um det hev gjengi fleire Freistingssogur millom dei fysste kristne, so er daa ikkje fleire komne med i Skriftine.

Det er gjenom Sjølvsjuken Freistaren lokkar, her som i Edenhagen, men paa ein serskild Maate, og dertil tri Gongir for ein, daa det er Messias han her hev for seg. Og det er fysst og fremst Tvil um Messiasdomen han vil vekkje: er du Messias, segjer han, so gjer Steinar til Brød, eller kasta deg ned fraa Tempelrauste. Daa dette ikkje nyttar, freistar han aa naa Æresjuken: gjev deg yvi til det vonde, so skal du vinne Verdi! Det er ville Tankar som den unge Messias gjenom Framvokstren hev havt aa takast med; men han hev haldi seg til Sanningi og vunni.

Av Johannesboki ser me, at um Jesus hev vori freista paa vanlig Menneskjevis, so hev han stadi daa med; „kven av dekon kann yvityde meg um nokor Synd?“ segjer han (Joh. 8: 46). Nokon „syndefri Natur“ krev han sjølvsagt ingin Stad; er han Menneskje so kann han falle, liksom den syndefrie Adam; ingen er god utan ein: Gud.

*

Læresveinane sine vèl Jesus i Folke, millom deim som hev Barnehugen. Tale paa deim er det gamle Tale paa Israels-ættine; til Israel var han send; gjenom Israel skulde Frelsen koma (Joh. 4: 22). Fiskarar var dei fleste, og fatige var alle; hadde dei aatt noko, so hadde dei lòti gjeva det upp. „Den av dekon, som ikkje gjev upp alt det han eig, han kann ikkje vera min Læresvein,“ segjer Jesus (Lk. 14: 33; 18: 22).

Jesus kallar Sveinane med eit stutt „fylg meg“; lovar i det høgste aa gjera deim fraa Fiskarar til Menneskjefiskarar. Orsakinar høyrer han ikkje paa. Ein som vil segja Velfar i Huse sitt fysst, fær høyre at ingin som legg Handi paa Plogen og ser seg att-ende er vel laga for Gudsrike. Ein som fysst vil fylgje Far sin aat Jordi fær til Svar: lat dei daude jorde sine daude; her gjeld det um Liv av eit høgare Slag. Men til ein som byd seg sjølv fram, segjer han: „Revane hev Hie og Fuglane under Himilen Reid“ — hadde han set lenger fram gjenom Tidine, so hadde han dertil kunna nemne Kyrkjeherrar som hev Rikdom og Magt og Kristus-Stathaldarar som hev eit Vatikan —; „men Menneskjesonen hev ikkje det han kann halle Hovude sitt nedpaa.“ Aalvor er det med Jesu Krav. Men so er det og stort aa vinne; dei som fylgjer Messias i hans Tenarstand, skal til serleg Løn faa styre med honom naar Rike hans kjem (Mt. 10: 39; 19: 28 o. Tilvisn.).

Bòde um Gudsrike skal Sveinane bera ut til Folke. Men dei skal ikkje berre tala. I Liv og all si Ferd skal dei vera Riks-Bòdberarar. Der det trengst, og der dei kann, skal dei gjera vel; Jesus gjev deim serleg Magt til aa lækje Sjukdomar (Mt. 10: 8; Mk. 3: 15; Lk. 10; 9). Og alt skal dei gjeva for inkje, som dei hev fengi det for inkje. Der dei ikkje vert mot-tekne skal dei riste Dumba av Føtane sine; men Gudsrike skal dei forkynne like godt (Lk. 10, 11); og paa Domedag skal det gange slike Stadier verre end det gjekk Sodoma og Gomorra.

Med den Magti og høre Vyrdskapen Jesus gjev Sveinane sine krev han likevel Audmykt av deim. Ærenamn som Lærar (Rabbi) skal dei ikkje taka imot; ein, Messias, er Læraren deira, men dei er alle Brørar. Og ingin paa Jordi skal dei kalle Far; for ein er Far deira: han som er i Himlon (Mt 23: 8—10). Og den som vil vera stor, eller vera den fysste millom deim, skal vera Tenaren, ja Trælen deria, liksom Menneskjesonen ikkje kom til aa lata andre tena sig, men til aa tena sjølv (Mt. 20: 26—28; 23: 11; Mk. 9: 35; Lk. 22: 26). Salte aat Jordi skal dei vera, og Ljose aat Verdi som ikkje læt seg løyne; og ikkje med Ord, men med gode Gjerningar skal dei lyse, so Folk ser at det er Aalvor dei fèr med, og ærer Faderen i Himlom (Mt. 5: 13—16)[2]. —

— Fullvaksin Mann, ikring 30 Aar, var Jesus daa han tok til med Arbeide sitt. Etter dei tri fysste heldt han seg mest i Galilæa.

Kalle Syndarar til Umvending, finne og frelse det burtkomne var det han skulde; til dei burtkomne Saudine av Israels Hus sender han au Sveinane. Ja han forbyd deim aa gange til Heidningar og Samaritanar; her er ikkje Tid til det. Ikkje Israelsbyane dessmeir skal dei vinnast med fyr Menneskjesonen kjem (Mt. 10: 23; 16: 28 o. Tilv.).

Men dermed var ikkje Samaritanar og Heidningar „fordømde“. Aa faa vera med i Messiasrike var ei serskild Ære for dei utvalde; desse skulde vera med aa „døme“, d. e. styre dette Rike, til dess det heilt var lagt inn under Gud. Dei som ikkje kom med millom desse utvalde laut lide si Straff i Naaheimen, og Lagnaden deira vart ikkje avgjord fyrr ved den siste Domen (Opinb. 20: 12); so skulde det gange jamvel med mange av deim som burde ha vori millom „dei fysste“. Men alle skulde koma med; sistpaa skulde det verte „ei Hjord og ein Hyrding“ (Joh. 10: 16; samfør elles Opinb. 20: 9, 15).

At ikkje berre Israelitar skulde koma inn i Rike kann me og sjaa av Sogo um den burtkomne Sonen. Den eldste Broren er Israel, den yngste er Heidningeheimen; denne hev øydt upp all si Eign i Ulivnad, men finn sistpaa heim til Far sin att, og vert vel fagna. Og daa den eldste knurrar yvi dette, segjer Faderen at alle bør gleda seg no, daa jamvel den burtkomne hev funni heim att.

Ord um at Gudsrike skal verte teki fraa Israel og gjevi til andre kann Jesus i tunge Stundir, eller til Vekkjing, ha hermt etter Profetane, som stundom ræddast for ein slik Burtkastingsdom yvi Folke (sjaa t. D. Es. 55: 5; 65: 1); men Tanken um Heidningfrelse fyri Messiastidi er endaa i Aposteltidi so ny, at det maa ei Syn fraa Himilen til, fyrr Peter vaagar seg til aa forkynne Orde for ein Heidning (Apg. 10). Og endaa var det Strid um dette Spursmaale sidan med. Ingin av Apostlane veit um, at Jesus hev spaatt Frelse for Heindingar i denne Heimsalderen.

Kor tungt det i Røyndi hev falli aa gjeva upp Tanken um Fyssteretten for Israel viser seg i Apostelgjerningar. Peter hev havt si Syn; og Spursmaale er dryft i Kyrkjelage. Men det bryt upp att Gong etter Gong. Sjølve Heidningapostelen vrid seg lengi for aa sleppe Heidningane inn; Orde um Frelsa var sendt til Israel (Apg. 13: 26), og Israel skulde vera det fysste. „Det maatte so vera at Orde vart tala fysst til dekon,“ segjer Paulus i Stemnestogo hjaa Jødane i Antiokia (13: 14—47). Det er berre naar Jødane viser sin Rett ifraa seg, at Heidningane fær von: „sidan dé støyter Orde burt og ikkje dømer dekon sjølve som verdige til det æoniske[3] Liv, sjaa, so vender me oss til Heidningane.“ Men endaa arbeider Paulus millom Jødane, naar han ser seg Raad. Det gjeng ubeint; jamt møter han Motstand; paa eit Møte med Jødane i Korint rister han Klædi sine og segjer paa nytt, at han vil „gange til Heidningane“ (Apg. 18: 6). Og han gjeng. Men gjev ikkje sitt eige Folk upp endaa. Jamvel i Rom talar han Orde i den jødiske Stemnestogo. Men Usemju og Tvist vert det der som all Stad millom Jødane, naar Jesus vert nemnd. Daa svarar Paulus med det Esaias-Orde som og er komi inn hjaa Mattæus (13: 14&mdash15: „Hjarta i dette Folke hev vorti hardt“ o. s. fr.); og tridje Gongen lyser han ut, at no er Guds Frelse send til Heidningane (Apg. 28: 28). Men endaa er ikkje Meiningi den, at Jødane skal vera utestengde; ingin Israelit hadde kunne vera med paa ei sovori Lære. Naar „Fullnaden av Heidningane“ er komin inn, skal heile Israel verte frelst (Rom. 11: 25—26); alt skal verte „sameint i Kristus“, og Gud skal vera „alt i alle“ (Ef. 1: 10; 1 Kor. 15: 28). Det som Heidningapostlene so vandskeleg kann sleppe, er berre Fyssteretten for sitt eige Folk. Naar ein tenkjer seg inn i dette kann ein betre skyna Ord som Mt. 15: 24, 26.

Men um det serleg er dei burtkomne, Menneskjesonen skal finne og frelse: i det heile er han send til aa fyribu Gjenomføringi av Tilvære-Tanken, til aa grunnleggje det Gudsrike, som er Meiningi og Maale med det heile Skaparverk. Vyrdnad krev han for denne den største Gjerning som kunde verte ein skapt paalagd; Vyrdnad krev han og for den som av Gud er utvald til aa fyribu og sidan utføre denne Gjerningi.

Han er Menneskje (Mt. 9: 8; 19: 17; 24: 36; Mk. 13: 32; Joh. 5: 30; 8: 40; 12: 49; 14: 28). Men han er komin i sin Faders Namn, og søkjer ikkje sin eigin Vilje (Joh. 5: 30, 43). So hev daa og Faderen gjort honom til Messias. „Alle Ting er mig yvigjevne av min Fader“ (Mt. 11: 27 Tilvisn.); „Faderen elskar Sonen og hev gjevi alle Ting i hans Hand“ (Joh. 3: 35). So at „den som tek imot meg, han tek imot den som sende meg“ (Mt. 10: 40).

Aalvorsame Krav set han til Brørane sine. „Den som kjennest ved meg for Menneskjom, honom vil eg og kjennast ved for Fader min“ (Mt. 10: 32; „for Guds Englar“, Lk. 12: 8); men „den som skjemmest ved meg og mine Ord, honom skal og Menneskjesonen skjemmast ved, naar han kjem i den Herlegdom som tilhøyrer honom og Faderen og dei heilage Englar“ (Lk. 9: 26[4]). Og dei som vil fylgje honom og faa Lùt i Messiasrike, maa fylgje honom heilt. „Den som elskar Far eller Mor eller Son eller Dotter meir enn meg, han er meg ikkje verd“; „um nokon kjem til meg og ikkje hatar Far og Mor og Kone og Born og Bror og Syster og endaa sitt eigi Liv, han kann ikkje vera min Læresvein“.

Den Løni Messias lovar Sveinane sine er stor, men ikkje verdsleg. „Den som misser sitt Liv for mi Skuld skal finne det“ (Mt. 10: 39 o. Tilv.); og „den som hev gjevi upp Hus eller Brørar eller Systrar eller Far eller Mor eller Born eller Aakrar for mitt Namn Skuld, han skal faa det att hundra Gongir og erve æoniskt Liv“ (Mt. 10: 29). Og „i Atterfødingi, naar Menneskjesonen sìt paa sin Herlegdoms Kongsstol“, skal Sveinane like eins sitja paa Kongsstolar „og døme dei tolv Israels Ættir“.

Aa vera Jesu Svein var aa vera med i Arbeide for Messiasrike. Men dette Arbeide sèt serskilde Krav og gjev serskilde Vilkaar. Messiasrike skal vera Millombrøye millom den Verdi no er og det Himilrike som er Fullkomingi av det jordiske Tilvære (Opinb. 21: 1—4 O. Tilv.); men dette aalvorsame Millombrøyte, denne siste og fullkomne Yvivinning av alt det vonde, kann ikkje kome med Lempe og Logn. Alt gamalt maa verte øydt, øydt heilt ut, „brent“; nyskapast maa det. „Til aa kaste Eld paa Jordi er eg komin; og kor gjerne vilde eg at han alt var uppkveikt! (Mt. 10: 34; Lk. 12: 49; smf. Opinb. 20: 1—10). —

— I Live var Jesus Israelit, heilt ut og i alle Maatar. Han heldt seg til Lovi og til Temple og lagde Tempelskatt med all sin Fatigdom; Pengar til denne Skatten hev han vel berre i Segni funni so lett som det ver ut etter Mt. 17: 27. Det var vel so, at „Sønine var frie“; og den Dagen skulde koma faa Fridomen deira vart gjenomførd. Men so lengi den gamle Skipnaden stod ved Lag, so lengi hadde han Meining. Jesus godkjenner jamvel dei etterbabyloniska Rabbinarlærdomane (som den um Djevlane o. y. a.); gjenom deim som sat paa Mose Stol hadde Faderen lati desse Lærdomane koma upp; det var daa hans Tankar.

Alle Sogune fortèl um Tempelreinskingi. Denne gjekk etter Johannesboki for seg fysste Gongen Jesus var i Jerusalem; og det er rimelegt; daa vart han vel sterkast tekin av aa sjaa den heilage Staden so lite vyrd. Men det som det for honom gjeld um er Lovi, Gudsviljen. Naar Farisæarar eller Skriftlærde kjem til han med Lærdomsspursmaal, svarar han so rett at han maalbind jamvel deim som gjene vilde finne noko aa hefte seg ved; men sjølv dømer han ingin for Meiningar eller Truir. Krave hans er til alle det eine store: Du skal halde Bòdi. Sine strengaste Ord segjer han til deim som med all rett Tru ikkje lìver rett; aldri hev gudeleg Lygn fengi stregnare Dom enn i Jesu Talar mot Farisæarar og Skriftlærde.


  1. Noko ugreit fortalt i Joh. 3: 22; 4: 1—2.
  2. Den Jesus som tala so til Sveinane sine kann ikkje attat ha tala um Prestemagt og Kyrkje etter Mt. 16: 19 og 18: 17—18 (smf. Joh. 20: 23); Tankar fraa seinare Tid er det me her finn.
     Bilæte um „Krossen“ (Mt. 10: 38 o. fl. St.) kann Sveinane ikkje ha lært aa bruka fyrr i Paulus-Tidi. Det fylgde ikkje berre Rædsle med Kross-Avrettingi; Krossdauden var i framifraa Mening vanærleg.
     I Mt. 20: 28 og Mk. 10: 45 er innkomi eit Ord um, at Jesus „gjev sitt Liv til en Løysepening for mange“; det er ein Paulustanke fraa seinare Tid (1 Tim. 2: 6); han høver ikkje inn i Jesu Forkynning.
  3. Det er ikkje alltid visst at det græske aiōnios læt seg umsetja med „æveleg“.
  4. I Jesu Tid er det Faderen, Sonen og Englane; Anden var enno ikkje vortin „Person“ smf. Joh, 7: 39.