Jesus Messias/II

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) (s. 6-23).
◄  I
III  ►
J
esus (eldre Formir: Josva, Jehoschua, ɔ: Gud er Frelsar) hev ikkje vori noko vanlegt Namn i Jødeland; i Nytestamente finst det umframt Nasaræaren berre ein som heiter so (Kol. 4:11).

Jesus Messias var fraa Nasaret. Um Ætti og Barndomen hans er lite fortalt.

Det eldste og mest litande er vel det som etter Mattæus (13:55,56) og Markus (6:3; smf. Joh. 6:42) vert sagt millom Folke i Nasaret, daa Jesus fysste Gongen tala der: „Er ikkje dette (Son til) Timbermannen? Heiter ikkje Mor hans Maria, og Brørane hans Jakob og Joses og Simon og Juda? Og er ikkje alle Systrane hans hjaa oss?“ Fødestaden er etter Mattæus og Lukas Betlehem; dei tvo andre veit ikkje um annan Heimstad for Jesus enn Nasaret.

Um Fødsla og Barndomen fortèl berre Mattæus og Lukas noko serskilt. Og dei fortèl kvar sitt.

Ikkje so mykje som dei Ættartali dei sèt upp samsvarar. I Tidi millom David og Jesus hev kvar Liste sine Namn (Mt. 1:6—16; Lk. 3:23—38); og Mattæus hev 40 Ættledir, men Luks (til Abraham) 55.

Sjølve Tanken i desse Ættartali hev svikta. Meiningi var aa slaa fast at Jesus var av Davids Ætt, som Messias etter den gamle Trui skulde vera; Ættartali maatte daa vise Samanheng fraa David og til Jesus. Men dei gjer ikkje det. I Ættartale hjaa Mattæus er berre Mor til Jesus nemnd; og hjaa Lukas er Jesus Son til Joseg „ettersom dei trudde“. Paa den Maaten vert Ættartali som dei no er meiningslause.

Men det hev dei ikkje vori fraa fyssto, som me kann sjaa av det som elles vert sagt (og som Rettarane ikkje hev komi til aa gjeva Gaum etter). I Lk. 2:27,41,48 og 4:22 er Josef og Maria „Foreldri“ til Jesus og Josef „Far“ hans; etter Johannes (6:42) er Jesus „Josefs Søn“; og hjaa Mattæus (13:55), Markus (6:3) og Johannes (6:42) hev han syskin, som synest vera heilt upp Rettsystkin (Mt. 12:46 og Tilvisningar).

Da Sogune vart skrivne hev elles Josef vori aa kalle gløymd. Etter Mattæus er han Timbermann; dei andre veit inkje um dette; Markus (6:3) læt Jesus sjølv vera Timbermannen. Og dei tvo Sogune som vil hava Greide paa Jesu Ætt, dei er ikkje samstellte um kva Farfar hans heiter dessmeir; Mattæus segjer Jakob, og Lukas segjer Eli. Um han er gift med Maria er dei heller ikkje trygge paa. Hjaa Lukas (1:27;2:5) er han trulova med Maria; hjaa Mattæus er han i V. 18 trulova, men i V. 16, 19, 20 gift med henne.

At Sogune um Fødsla hjaa Markus og Lukas er Skaldeverk i gamaltestamentlig Stil viser seg alt i Fraasegni um Englebòdskapen (Mt. 1:18—25; Lk. 1:26—38). Etter mattæus er det komi upp, at Maria er med Barn ved den heilage Ande; dette siste er likevel ikkje komi upp for „Mannen hennar“: Joseg mistrur Maria. Men han er rettferdig og vil skilja seg med henne i Løyndom. I ein Draum fær han daa av „Herrens Engel“ vita det som elles var komi upp; og det vert honom sagt, at den Sonen Maria skal føde er Messias (V. 21).

Etter Lukas kjem Engelen („Gabriel“ fraa Dan. 8:16) ikkje til Josef, men til Maria, og ikkje i Draum, men i full Røynd. Han viser seg elles fysst for Sakarias og spaar um Døyparen; denne vert her ikkje sett i noko Samanheng med Jesus (Lk. 7:24—27). Sidan kjem Engelen til Maria som er Møy (smf. Es. 7:14), og spaar um den Sonen ho skal faa. Ordi hans er ein Messias-Spaadom heilt ut etter Profetane (Es. 9:6,7;16:15); Paulus Meistaren aat honom som skreiv Lukas-Sogo, var skriftkunnig.

I det som vert fortalt um Fødsla og Barndomen hev dei tvo Sogumennane like eins havt kvar sitt aa gange etter. Den eine fortèl um Vismennane, um Herodes og Barnemorde, um Rømsla til Ægypti; den andre veit ikkje um noko av dette, men skriv um Hyrdingar og Englesong, um Simeon og Anna, um at Barne etter Lovi vart umskòri. Sjølve Namne Jesus fær Barne etter Lukasboki av Engelen (smf. Es. 7:14). Lukas hev dertil den einaste Sogo som er fortald fraa Ungdomstidi: den om Tolv-Æringen i Temple; det er ei Sogu plent som ein maatte vente seg ho um eit Messias-Emne. Um Jesu fysste Tidir elles fortèl Lukas, at han „gjekk fram i Visdom og Alder og Naade for Gud og Menneskje (2:52).

Berre um Fødestaden er Sogune samstellte; her hadde dei ein Spaadom aa halde seg til. Men det er ikkje meir enn Namne dei er samstellte um heller. Hjaa Mattæus høyrer Josef og Maria heime i Betlehem og rømer sidan til Nasaret for Herodes[1]; etter Lukas hev dei heime i Nasaret (1:26;2:4;4:!6), men vert drivne til Betlehem av eit Keisarbòd um Innskriving til Skatt. Kva ei Skatte-Innskriving skulde hava med Ættine aa gjera segjer ikkje Lukas; heller ikkje fær me vita kvi „Festarmøyi“ til Josef skulde fylgje med, og det endaa „i dei Dagane daa ho skulde føde“. —

— Jesus sjølv talar aldri um Barndomen eller Ungdomen sin; heller ikkje um Ætti; Guds Utsending til Folke hadde han etter Nairæar-Maate løyst seg fraa alt jordiskt Samanheng. Um Heimstaden sin hev han berre eitt Ord, og det eit strengt; og i Ætt reknar han seg berre med deim som gjer Viljen til hans Fader i Himlom (Mt. 12:46—50). Gud er den sanne Faderen til honom som til alle Brørane og Systrane hans; han er „min Fader og dekons Fader, min Gud og dekons Gud“ (Joh. 20:17).

Um Davidsætti talar Jesus berre ein Gong (Mt. 22:41 o. Tilv.). Naar David kallar Messias Herre, kor kann daa Messias vera Davids Son? spỳrr han; det vilde vera reint uisraelitiskt at ein Mann kalla Son sin Herre. Dette Spursmaale fær Jesus ikkje Svar paa. Og han læt det stande svarlaust sjølv med. Han hev funni det lite vigtugt kven som var Far hans etter Kjøte; Anden, hans sanne Liv var i alle Tilfelle fraa Gud[2].

Men i denne Avsegjing av Ætt og Heim ligg det sjølvsagt ingin Vanvyrdnad for Ætti eller Heimen; Jesus held i si Forkynning det 4de Bòde uppe so vel som Lovi elles.

*

Spursmaale i det nytestamentlege Jødeland var um Jesus fraa Nasaret var Messias[3].

Dette Spursmaale var ikkje lett aa svara paa. Messiastanken ver ein Profettanke; og Profettankar er alltid uklaare. Denne var dessutan gamall og hadde kløyvt seg.

Folke trudde paa den jordiske Messias: ein komande Storkonge av Davidsætti, som skulde nyreise Israelsrike og leggje alle Folk innunder det[4]; Draumer av dette Slage hev vori drøymde av meir enn eit Folk i Nedgangs og veiknande Tidir. Men hjaa dei skriftlærde var etter Babylontidi ein meir aandeleg Messiastanke komin upp.

Jødane hadde lært eit og anna i Babylon. I Trui ikkje minst. Med den hev det vori uklaart i Israel lenger enn me etter Bibelsogom vaare trur; det ser me av Stadir i Gamletestamente som Jer. 44 og 2 Krøn. 36:23; etter den siste Staden hev Israel langt ned gjenom Tidine meint seg aa hava Tru saman med Persarfolke. Naar so Israelitane dertil i lange Tidir livde i Babylon (der det elles alltid budde mange Jødar, liksom sidan i Aleksandria), so var det rimelegt at dei kom til aa taka upp mangt og mykje der ifraa, soleis og Trudomstankar[5].

Mill.a. hev Trui paa tvo Heimsmagtir, ei god og ei vond, soleis som denne Trui kjem fram i Rabbinarlærdomen og det nye Testamente, tydeleg eit persiskt Upphav; Ormen i Syndefalls-Sogo hev knapt vorti „Djevelen“ fyrr etter Babylontidi. Og denne Trui paa ei vond Magt jamsides Gudsmagti hadde i Jesu Dagar vorti fullrett Israelstru. Jahve styrde ikkje lenger aaleine. Ei Djevlemagt raadde jamsides honom, ja hadde i denne Heimsalderen („Verdi“, segjer det norske Testamente) Hovdingskapen (Joh. 12:31;14:30;16:11); Tanken um det vonde var i det heile komin upp. Og den knytte seg etterkvart paa ein serskild Maate saman med Tanken um Israelsfrelsaren.

Jødefolke var lite og veikt, med store og sterke Grannar ikring seg. Serleg ille fari var det no, daa det var komi under eit Folk av Framand Ætt med heilt framande Skikkar og Gudar og med ei forfælande Magt; skulde Israel koma seg upp at no, laut Gud paa serskild Maate hjelpe det.

Men serskild Gudshjelp kunde ikkje Israel vente fyrr det vart i sann Meining Guds Folk, so at Israels Velde vart Guds Velde, Israels Rike Gudsrike; Messias-Tanken vart gudeleg fullt so mykje som verdsleg.

Berre det sanne Israel kunde faa godt av Messiasfrelsa; Messiasrike vart eit Rike for dei rettferdige. I dette Rike vart Gud sjølv Konge, fysst gjenom Messias, og sidan, naar alt det vonde var yvivunni, beintfram; Messias-rike vart Inngangen til det endelege Gudsrike (Opinb. 20:2—15; 21:1—4).

Saman med det drøymde Israelsrike vaks Israels Gud; Jagve, den gamle Folkeguden, hadde vorti Gud yvi alle Gudar, liksom Israel skulde verte Folke yvi alle Folk; den einaste sanne Gud var han vortin. Rike hans kunde daa ikkje vera eit Folk eller eit Land; Gudsrike vart heile Heimen. Dei gamle Folkegrensune tok til aa ramle; at Israel vart Styrarfolke var berre eit anna Ord for at Gud fekk Magti; det messianske Israelsrike vart Gudsrike yvi all Heimen, og i Himlane med; det vart Himilrike.

Verdi vart ny. Den gamle „brann“, d.e. alt gamalt øyddest; Syndi, Vondemagtine, Dauden skulde ikkje vera meir; alt vart utløyst, frigjort, atterreist, atterfødt (Mt. 19:28; Apg. 3:21). Fraa ein ny Himil skulde eit nytt Jerusalem koma ned til ei ny Jord; berre det gode skulde vera til; og alle skulde vera gode. Men so skulde og alle faa vera med. Dei rettferdige fraa gamle Tidir skulde stande upp og koma med i Gudsrike (smf. Mt. 22:23; Apg. 23:8); daa fysst var Guds Rettferd gjenomførd og Rike hans fullkomi.

Messias vart Guds Son framifraa, Himilkongen, Utsendingen fraa Høgdi til aa leggje Israel, og gjenom Israel Heimen, under Gud. Men med alt dette var Messias Menneskje. Heilt ut Menneskje; ein av oss; Bror vaar. Det var berre med serskild Hjelp fraa Gud at han skulde vinne Magti si.

Men Guds Son framifraa var han og laut han vera, um han skulde faa serskild Gudshjelp; det fullkomne Menneskje, Guds Mynstertanke til Menneskje, vart han meir og meir. Etter Trui hjaa nyare Skriftlærde hadde han ikkje Synd; og Tanken um Fyri-Tilvære hans hev komi upp. Han vart meir og meir til noko nytt; aleksandrinsk Rabbinardom synest jamvel hava laant Drag til Messiasbilæte sitt fraa græsk Visdomslære („Logos“). Messias, som er „Bilæte av Gud den usynlege“ og „den fysstefødde av all Skapning“[6], vert etterkvart den som alt det andre er skapt ved (smf. Joh. 1:3). Skaparverke, som Syndi hev skipla, skal daa og ved honom verte ny-reist; i Tidfullnaden kjem han til Jordi og rettar upp att alt. Tanken um at Fullkominskapen hans kunde koma andre beintfram til Nyttes hev vori uppe; um ein Messias som lid spaar alt Esaias. Men ikkje fyrr gjenom Paulus kom den Tanken til Magt.

Dei tvo Messiasvonine, den verdslege hjaa Folke og den aandeleg-verdslege hjaa dei skriftlærde, hev mengt seg mangeleis. Det hev komi upp fleire Messiasbilæte; den komande Israelsfrelsaren skulde vera Konge; han skulde vera Profet og Konge; eller hanskulde fysst vera Profet og fyribu Rike, og sidan taka Kongsmagti; hjaa sùme Rabbinar skal han ha vorti heiltupp tvo: fysst Profeten, og sidan Kongen[7]. I ei slik Tid hev det ikkje vori lett aa taka upp Messias-Tanken. Hjaa dei tri fysste ser me daa og, at Jesus ikkje vil hava Spursmaale reist millom Folke. For hans Gjerning no hadde det lita aa segja; men det kunde vekkje ein Strid som ikkje vilde vera til Gagn.

*

Striden kom endaa.

Messias-Tanken var so sterkt uppe i det famandstyrde og framandpinte Folke, at so snart det steig fram ein Lærar, so vakna strakst Spursmaale um det kunde vera „han“. Døyparen laut verja seg mot dette Spursmaale. Og jamvel Jesus, som lét alle Profet-Skikkar fara (Mt. 11: 19 o. Tilvisn.), og dertil serskilt forbaud Sveinane aa kalle ’n Messias (Mt. 16: 20) var all Stad ute for det same: um ikkje denne kunde vera Israelsfrelsaren?

At han fór smaatt fram hjelpte ikkje. Folk undrast nok paa det. Ein Messias utan kongsbraak, utan Hèr eller Hird eller Stat av noko Slag, berre med eit lite Fylgje av Fiskarar og annan smaafolk som var Læresveinar hjaa ’n, kunde det vera noko aa setja upp mot keisaren i Rom? Ein Stad er det endaa fortalt, at Folke hev vori i Tankar um aa rette paa denne Framferdi hans (Joh. 6: 15); Folke lika Jesus, og kunde gjerne ha vilja hava ein Konge som priste dei fatige sæle og forkynte Brorskap millom Folk. Men i Røyndi hev Jesu Framferd lita kunna gjera fraa eller til; aalmenn Mann hev tenkt, at nettupp gjenom det som saag smaatt og ringt ut kunde Israels Gud helst vilja vise sitt Velde.

Læresveinane hev vori fulltrygge; Jesus var „ein Profet veldug i Gjerning og Ord for Gud og alt Folke“; han var „den som skulde utløyse Israel“ (Lk. 24: 19, 21). Andreas og Filippus segjermed ein Gong: me hev funni Messias (Joh. 1:42, 46). I alle Sogune (Mt. 16: 16 o. Tilv.; Joh. 6. 69) vitnar Peter for Meistaren sjølv um si Messiastru[8].

Forklaringssogo gjev oss ein Skimt av den himilske Messiasglansen etter Rabbinlæra. Jesus vert umskapt for Augom paa Sveinane (dei tri som her fær vera med); Aasyni hans „skin som Soli“ („fær ein annan Svìp“, Lk.), og Klædi vert kvite „som Ljose“ („som Snjo“, Mk.; „som Ljone“ Lk.), og det kjem ei Røyst or Skyi som segjer: „denne er Son min som eg elskar (han som eg hev Hugnad i, Mt.); høyr honom!“ Desse Ordi, serleg det Tillegge som Mattæus hev, minner um Es. 42: 1; samfør 5 Mos. 18: 15: „ein Profet midt ut av Israel, ein som eg, skal Herren uppreise; honom skal de høyre!“ Og Moses og Elias, Grunnleggjaren og Nyreisaren fraa den gamle Israelstidi, syner seg og talar med Fullføraren fraa den nye. Etter Lukas er Emne for Samtala: „hans Burgang, som han skulde fullføre i Jerusalem“; ein skunar at Apostlane hev havt Stræv med aa faa den „Burtgangen“ til aa høve inn i det gamle Messiasbilæte; ein skynar og, at denne Sogo er innførd i Lukasboki etter at Sonings-Tanken var komin upp. Sveinane vert ovrædde; attaat er dei, her som i Getsemane, „Tyngde av Svevn“ (Lk. 9:32); Peter finn at „her er oss godt aa vera“; men han er attaat rædd, so han veit ikke hva han talar (Mk. 9: 6; Lk. 9: 33, 34). Daa dei gjeng ned av Berge, byd Jesus deim ikkje fortelja um dette Syne „fyrr Menneskjesonen stend upp fraa dei daude“ (Mt.; Mk.); av dette ser me at Sogo er fraa den Tidi daa Trui paa Uppstòdo hadde vunni Magt.

Er det i Forklarringssogo det aandelege Messiasvilæte som stig fram, so er det helle den verdslege Draumen me finn att i Sogo um Innferdi til Jerusalem. Dette er vel like eins ei Forkynnar-Sogu, bygd paa Messias-Spaadomar; elles hadde ho mill. a. vori nemnd paa Lidingsdagen, daa visst for Pilatus.

I Johannesboki (12: 12—15) er ho fortald med minst Stas, og i tri stutte Vers; der skulde me daa hava ho fraa tidleg Tid; ho lyder soleis:

„Dagen etter, daa den store Mengdi som var komi til Høgtidi høyrde at Jesus kom til Jerusalem, tok dei Palmegreinir og gjekk ut imot honom og ropa: Hosianna! velsigna vere han som kjem i Herrens Namn, Israels Konge! Men Jesus fann eit ungt Asen og sette seg paa det.“

Lenger er ho ikkje. Men dei Ordi fraa Famletestamente som vel hev skapt ho, er i Stuttmaal hermde: „ottast ikkje, Sions Dotter; sjaa din Konge kjem, ridande paa ein Asen-fole“ (Salm. 118: 26; Sak. 9: 9)[9]. Soguskrivaren legg til, at „dette skyna ikkje Læresveinane i Fystningi“, men dei „hugsa det“, daa Jesus var „herleggjord“; det vil segja: Sogo er seint uppkomi. Men trudd hev ho vori med heil Hug; og ho høyrde so med til Messiasbilæte, at ho hev spreidt seg fort og livt sterkt, og er komi med i alle Sogune. Hjaa dei tri fysste er ho meir utførd; det er ikkje Folke som helsar Messias av seg sjølv; det heile vert tilstelt: Jesus sender Sveinar inn i Byen etter ein Fole som dei skal „finne bundin“ der — at det og det Profetorde kunde verte uppfyllt; og so kjem Sogo; ho minner sterkt um Gamletestamente. Men daa det vert spurt: „kven er denne?“ svarar Folke beint og greidt: „denne er Profeten Jesus, han ifraa Nasaret i Galilæa“; i FOlketanken er Messias Menneskje so heilt ut, at han gjerne kann vera komin fraa Nasaret.

Jesus sjølv kallar seg helst Menneskjesonen. Dette Namne vert fraa Daniel av (7: 13; smf. Esek. 26: 2) bruka serskilt um Messias[10]. Nemningi „Guds Son“, som ofte vert nytta aalment um dei rettferdige (i Nytestamente med, soleis i Mt. 5: 9, 45, i Rom. 8: 14, 16, 17; 9: 26 og i Opb. 21: 7, der det stend „Sønir“ eller „Son“ i Grunnteksti, kor plent Kyrkjeumsetnaden held paa „Born“ og „Barn“), gjeld i Eintal mest alltid Messias; men heilt ut Menneskje er han like godt; den bibelske Gud hev ikkje Sønir med jordiske Kvende som Heidninggudane. For Raade vitnar Jesus sjølv klaart um si Messiashøgd (Mt. 26: 64; Mk. 14: 62; Lk. 22: 67—70[11]).

I Apostelgjerningar viser det seg, at Messiastrui hev klara sjølve Golgata-Skjere. Um Kvitsundagen fører Peter Orde for Apostlane. Han vitnar um Messiasrike etter Spaadomane fraa gamalt, og segjer um Jesus — „ein Mann som av Gud var utmerkt for dekon med veldige Gjerningar og Under og Teikn“ —, at „Gud hev gjrot honom til Herre og Messias“ (Apostelgjerningar 2: 22—36). I ei Tale i Salomons-Svalgangen i Temple segjer han det same: „Gud hev herleggjort sin Tenar Jesus“ (3: 13, smf. V. 26 og 4: 10[12]). Um „Guds heilage Tenar Jesus“ kved dei kristne i Jerusalem i ein Song som ein vel kann kalle den fysste kristne Salmen (Apg. 4: 24 flg.). Tru-Vedkjenningi fraa den Tidi finn me i Ord som desse: „Gud uppresite Nasaræaren Jesus fraa dei daude“ og „gjorde honom til ein Fyrste og Frelsar ved si høgre Haand“ (4: 10; 5: 31). Det er ikkje fyrr seint at me finn eitt og anna Ord um at han sjølv skal hava reist seg upp fraa dei daude.

I Apostelbrevi er Jesus like eins „Menneskje Jesus Messias“ (Rom. 5: 15; 1 Tim. 2: 5 o. fl. St.). Etter Paulus som etter dei andre er det ein Gud; like eins er det „ein Herre[13], Jesus Kristus“ (Rom. 3: 30; 16: 27; 1 Kor. 8: 6; Ef. 4: 5, 6; Gal. 3; 20 m. fl. St.); sjaa og Opningsordi til dei fleste Brevi. Er der noko Spursmaal so er det Spursmaale fraa Sogom um Jesu Messiasdom; „kven er Ljugaren“, Spỳrr Johannes, „utan han som neitar at Jesus er Kristus?“ (1 Joh. 2: 22). At han var Menneskje var elles i den Tidi ein so kjent og sjølvsagd Ting, at serskilde Utleggjingar um det hadde vori meiningslause; heller heldt Apostlane fram det som Messias skulde hava framum vanlege Menneskje; etter Paulus, som heldt seg heilt til Messias-Tanken hjaa dei skriftlærde, stend han ved den høgre Handi til Faderen, eller i ei Høgd millom oss og Gud, er „Millommannen“; han er og den fysst skapte og den sanne Adam[14]. Men „vaar einaste Husbonde er Gud“ (Jud., V. 4).


  1. „— so det skulde verte uppfyllt som er sagt ved Profetane, at han skulde verte kalla Nasaræar“, segjer Mattæus; men Profetane veit inkje um Nasaret, og det mosaiske Nasiræarnamne hev inkje noko med Nasaret aa gjera. Dei gamle Profetane hev ikkje vori berre til Gagn for Jesus-Sogo. Det er visst baade eitt og anna som er komi inn der berre til Stadfesting av meir og mindre rett eller djupt tydde Messias-Spaadomar.
  2. Tanken um Fyri-Tilvære hev vori ikkje lite uppe paa Jesu Tid (smf. Rydberg „Bib. lära“ S. 262 flg.); Messias hadde i alle Tilfelle vori til fyri hin SKapningen, ettersom Johannesboki og Paulus (i Samhøve med Rabbinane) lærer.
  3. Messias (den salvevigde) er i N.T. umsett til græskt: Christos (av chrinein: salve).
  4. I Apg. 5:36,37 er det nemnt tvo Messiasemne av dette Slage.
  5. I Aleksander-Tidi og seinare hadde Jødane dertil lært mangt og mykje fraa Hellas. Sjølve det græske Maale var vorti kjent; dei skriftlærde las det, og mange kunde skrive det. Nytestamente sjølv er skrivi paa græskt; og i Innhalde med hev det sitt tydelege Merke etter jødisk — aleksandrinsk — Hellasdom: Læra um Logos.
  6. „Den fysstefødde fyri all Skapning“, segjer Kyrkjebibelen.
  7. Kann det vera denna Tanken som ligg under den noko uklaare Sogo med Døyparen, som skulde „brøyte Herren Veg“? (Sjaa Rydberg: „Bib. lära“, S. 71 flg.).
  8. Dei tri fysste læt her Jesus spyrja Sveinane um kven Folk segjer han er; meir likt honom vilde det vera det som er fortalt i Johannesboki. Hjaa Mattæus roser han Peter for Vedkjenningi hans; det veit dei andre inkje um.
  9. Hjaa Sakarias kjem Sionskongen „ridande paa eit Asen og paa ein av dei unge Asenfolane“; dette hev Mattæus teki for tvo Dyr og læt Jesus setja seg uppa „deim“.
  10. I Enoksboki (Rydeberg: „Bib. lära“, S. 63) er „Menneskjesonen“ bruka jamsides med „Mannasonen“ og „Kvinnesonen“ um Messias. Dei heldt fast paa det i Israel, at kor høgt Messias steig, so var han alltid heilt ut Menneskje (smf. Mt. 9: 8: Opinb. 22: 8,9); i honom skulde Menneskje naa si Høgd.
  11. I Johannesboki er Jesus baade Menneskjesonen, Sonon og Logos; sjaa lenger ut i Boki (St. IX).
  12. Smf. 1 Petr. 1: 21: „Gud uppreiste Messias fraa dei daude og gav honom Herlegdom.“
  13. Den Skilnaden som Grunnteksti gjer paa „Herren“ Gud og „Herren“ Messias — all Stad der det for klaar Meining Skuld trengst — kann me ikkje faa fram i vaart Maal; men Skilnaden er greid: Orde Herre (Kyrios) hev ven vanlege Artikelen naar det er bruka um Jesus (som i det heile um Menneskje); men um Gud stend det utan Artikel (Rydberg, S. 96).
  14. Um nokre falske Lesemaatar (serleg i Apg. 20:28, 1 Tim. 3: 16, Rom. 9: 5, Hebr. 1: 8, Opb. 1: 11), som verte nytta til Studnad for den ubibelske Læra um Jesu Guddom, sjaa Rydberg: „Bibl. lära“ S. 95 flg.