Jesus Messias/I

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) (s. 1-5).
◄  Fyriord
II  ►
J
esus skreiv ikkje.

Han var komin til aa oppfylle det som var skrìvi. Til Lovi viste han alle som spurde korleis dei skulde vinne Live; og fraa Naaheimen lét han sjølve Fader Abrahams Røyst tone: dei hev Moses og Profetane; lat deim høyre deim.

Serskilt var han utsend til aa fyribu Mesiasrike, „Gudsrike“, det Rike som dei rettferdige so lengi hadde venta paa, og serleg venta paa no, daa Israel var komi under Heidningvelde. Og fysst og fremst var han send til Folke. Dei fatige, dei umyndige, dei burtkomne Sauine, Hopen som ikkje var inne i Skriftlærdomen og difor etter Farisæarmeining var forbanna (Joh. 7:49), deim skulde han helst hjelpe. Dei skriftlærde visste Vegen sjølve; men Folke, som var bundi i falske Messias-draumer og Faakunne, Folke trong Rettleiding som den sjuke treng Lækjar.

Jesus hev og sett Vonir til Folke. Han var utgjengin fraa det og kjende det; og han visste at det hadde noko som dei skriftlærde ofte vanta: Barnehugen. Mindre burtheft av gamle Skikkar og nye Paafynster stod det friare, kunde lettare skyna Grunntanken i Lovi og dermed betre finne fram til Faderen. Det var i det heile Barnehugen Jesus søkte: Krafti til aa elske og til aa gjeva seg heilt. Dei store i Verdi var meir og mindre bundne av Verdi; dei store i Kunnskap var meir og mindre bundne av Lærur; Tenarar for Messiasrike — det Rike som skulde føre den siste Striden mod det vonde i Verdi (smf. Es. 65:17; 66:22; Opinb. 21:3,4) —, i det heile slike som var „verduge til aa faa vera med i hin Heimsalderen[1] og i Uppstòdo fraa dei daude“ (Lk. 20:35) dei venta han helst aa finne millom deim som stod utanfor Verdi, utanfor verdsleg Visdom, Rikdom, Magt: millom dei smaae, dei „fatige“.

Til Folke kom daa Jesus med Fagnadbòde sitt. Og Ordi sine skreiv han ikkje med Sverte paa Skinn; han skreiv deim med Ande og Eld i Hjarto og Hugar.

Sveinane hans hadde like eins anna enn Skriving aa tenkje paa. Dei var Stridsmennar. og Arbeidsmennar for Messiasrike; og Bøkar var her nok av for den Tidi som no var att. Og daa Meistaren var gjengin fraa deim, vart dei endaa meir arbeidsbundne. Naar Messias kom att vilde han løne deim etter det dei hadde gjort; dei sette seg daa ikkje til aa skrive. Dei arbeidde og stridde, tala, vitna, vaaga sitt Liv; Gudsrike kunde koma kvar Dag. Ord av Meistaren som dei serleg vilde hugse hev vorti uppskrivne til Hjelp i Arbeide; meir hev ingin av deim tenkt paa; Jesus-Sogur er ikkje nemnde i Apostelskriftine nokon Stad.

Tanken um aa skrive kom upp seinare, daa det syntest vilja draga ut med „dei siste Ting“. Kyrkjelyden voks; Apostlane vart tekne burt[2]; fleire og fleire nye Lærarar turvtest. Og Minne um Jesus og hans Ord vilde snart veikne, serleg i Heigningkyrkjune der Israelstrui var ukjend, um ein berre skulde hava Segni aa halde seg til. So kom det og upp Spursmaal um eitt og anne i Læra, soleis som me ser alt i Apostelgjerningar; Jesus-Ord kunde daa ofte vera gode aa hava til Rettleiding, jamsides Apostelbrevi. Bergpreika og anna som hadde vorti uppskrivi i tidleg Tid, hev daa no vorti utfyllt med fleire og fleire av dei Ordi og Sogune etter Meistaren som livde i Kyrkja, serleg millom Apostelsveinane, og som syntest gagnlege til Upplysning um Læra og til Styrkjing for Trui[3].

Det hev etterkvart vorti mange Uppskriftir og Avskriftir; kvar Kyrkjelyd vilde vel meir og meir hava sine. Og dei ymse Uppskriftine hev vorti utfyllte paa ymis Vis; dei same Sogune var ikkje kjende i alle Kyrkjelydom. Tiltru hev Uppskriftine vunni etter det Upphave dei hadde eller galdt for aa hava. Lengst vann dei som etter det fysste Upphave var eldst, og som førde Namn etter Apostlar eller Apostelsveinar. Fire av desse vart sistpaa godtekne i heile Kyrkja. Det nye Testamente, me kallar, hev vorti til i fysste Helvti av det 2dre Aasrhundrade, etter som lærde Folk trur. Fysste Samlingi — paa 22 Skriftir — er komi i Stand i Rom; den fullstendige — med 27 Skriftir — er fysst kjend fraa Aleksandria[4].

Fleire av dei nytestamentlege Skriftine er det enno Strid um; og stùmt av Innhalde jamvel i dei godkjende Bøkane maa vera innkomi heller seint. So det gjeld aa lesa med Ettertanke, um ein vil finne ut kva Jesus lærde.


  1. Her som fleire Stadir er det græske aiōn (Æve) i det norske Testamente umsett med „Verdi“; meir um det lenger ute.
  2. Jakob vart drepin alt i den fysste Aposteltidi (Apg. 12:2); dei andre kjem burt etterkvart, og me veit korkje Maaten eller Tidi; etter Segnom hev berre Johannes vorti gamall.
  3. „Evangelierne er Tendensskrifter i god Forstand“ (I.C. Heuch).
  4. Ad. Harnack: „Reden u. Aufsätze“ II: „Zur Geschichte der Entstehung des N. Test.“ — At ikkje dei 4 Sogune vart samanarbeidde til ei, liksom Emne var eitt og Kyrkja ei, meiner Harnack hev komi seg av, at Kyrkja i den harde Striden med Gnosislære i det 2dre Aarhundrade fann det tryggast aa halde seg til det ho daa hadde; det tok til alt til aa staa Vyrdnad av desse Uppskriftom.