Jesus Messias/Fyriord

Fra Wikikilden
Hopp til: navigasjon, søk
H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) (s. fyriord).
I  ►
D
ei hev sin Lagnad, Bøkane med; ein serskild Lagnad hev Bibelen fengi.

I lange Tidir var det dei serskilt upplærde kunnige som aaleine skulde lesa eller tyde den Boki. Seinare hev alle kunne lesa ho; men tyde ho skulde dei serskilt upplærde kunnige. Den eine av desse Maatane kann vera um Lag som den andre; baae fører dei til det, at det aalmenne Folke ikkje les i Bibelen.

Eg er ein Mann av det aalmenne Folke og gjorde som det: trudde paa dei kunnige og lét Bibelen liggje. Og daa eg ikkje trudde paa dei kunnige lenger, gav eg upp Bibelen med, og lét ’n endaa meir liggje.

Sidan tenkte eg at dette kannhende var aa gjera vel mykje Ære paa dei kunnige; og eg tok til aa lesa i Bibelen att. Serleg i det nye Testamente.

Men det er vandt aa lesa i den Boki naar ein fysst hev gjengi i Skule hjaa dei kunnige. Eg laut hjelpe til med Pennen: skrive upp det er las, og Tankane eg fekk av det eg las; og langt um lengi tok det til aa gry for meg; eg fekk Samanheng i det som i Fysstningi ser so raadlaust villt ut for ein kristeleg upplærd: Messias-Sogo.

Her legg eg daa denne Sogo fram som eg no ser ho; kannhende kunde eg paa den Maaten arge ein og annan so vidt upp, at han og tok til aa lesa i Bibelen. Og det kunde han hava godt av. For ein kann segja kva ein vil: me er enno ikkje ferduge med Bibelen.

Bokmeistaren.