Jesus Messias/V

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) (s. 44-74).
◄  IV
VI  ►
J
esus gjekk ikring hjaa Folke og „lærde i Stemnestogom deira og forkynte Evangelie um Guds Rike“ (Mt. 4: 23 o. Tilvisn.; Lk. 8: 1).

Og Folke høyrde og trudde paa han. Sogune hev i den fysste Tidi ofte Fraasegnir um dette. „Mykje Folk“ fylgde han; „store Mengdir“ flokka seg um han; ein Stad er det fortalt um „Folk i Tusundtal“, Folk som samla seg so tett at dei „trødde paa kvarandre“. Det var Folk fraa alt Lande, fraa Judæa og Jerusalem og Idumæa og hi Sida Jordan og Galilæa og Dekapolis og jamvel fraa Havstrandi ver Tyrus og Sidon (Mt. 4: 25; Mk. 3: 7—8; Lk. 6: 17).

Til Folke tala han etter dei tri fysste Sogune i Liknadar; Folke skyna best deim (Mk. 4: 33—34). I stemnestogom hev han elles paa vanleg Maate tolka Skriftine (Mt. 4: 23 o. Tilvisn.). Bergpreika heldt han for Sveinane soleis at Folke høyrde til (Mt. 5: 1; 7: 28; Lk. 6: 17—18; 7: 1); andre Stadir talar han berre til Folke (Lk. 12: 13—21; 13: 22—30; 14: 25—35). Hjaa Mattæus (13: 11—15) og Lukas (8: 10; smf. Joh. 12: 40) er det gjevi ein serskild Grunn for at han tala til Folke i Sogur; den maa vera fraa seinare Tid. Jesus hev visst, at gjenom Bilæte og Sogur fekk han Folke til aa baade høyre og hugse best; og turvtest det Tyding, so hev han tydt Sogune aat Folke som aat Sveinane. Men vel ofte serskilt aat Sveinane (smf. Mk. 4: 34), av di desse Sogune gjerne handla um Arbeide for Messiasrike.

Liknadsogo kann me segja er ei Folkedikt-Form; greide Bilæte fraa Kvardagslive gjev Tankane Liv og hugfester deim. Stutt og klaart vert Sogo sagd, utan Krus eller Kunstir; og Lærdomen kjem fram greidt og tydeleg. Gudsrike vert likna med eit Sinapskorn, ein Surdeig, ein gøymd Skatt, ei dyrverdig Perle, og anna som gjev Bilæte av løynd Rikdom eller Umskapingskraft; Arbeide i Rike, og Vokstervilkaari der, vert skildra fraa alle Sidur. Me hugsar Sogo um Saamannen: Fræe fell paa ymis Grunn; sùmt gror ikkje, sùmt gror fort men visnar; eller Ugras døyver det; men dei som høyrer Orde um Guds Vilje og skynar det, d. e.: tek det upp, gjer det til Liv, dei fær den Løni som ligg i, at Tilvære deira fær Innhald og Meining.

Sogo urn Fiketrêe (Lk. 13: 6—9) gjev ein Tanke um Jesu eigi Sjælesyrgjar-Arbeid: han steller paa beste Maate med det gagnlause Treêe, og bed for det so lengi han ser tenkjeleg Von; ikkje fyrr alle Raadir er freista kann han finne seg i at det vert nedhoggi. Fleire Sogur hev me um det same, som Lk. 15: 3—7 um den burtkomne Sauden; eller Mt. 13: 24 (o. Tilvisn.) um Svimlingen i Aakeren: godt Sæde hev Husbonden saatt i Aakeren sin; men um Natti saar Uvenen hans Ugras millom Kveiten. Daa Tenarane ser dette, og spỳrr um dei skal ryskje Svimlingen upp, svarar den vise og milde Husbonden: nei; for daa kunde dé rive upp Kveiten med same; lat det alt vekse saman til Hausten.

Og Husbonden er langtòlug og lempeleg so lengi det finst Von; men han veit kva der er aa gjera naar Ventetidi er ute. Den Tenaren som kjem att med Punde sitt unytta, lyt gjeva det fraa seg til den som hadde gjort tie Pund ut av sitt (Lk. 19: 12—26); for den som hev skal faa, men den som inkje hev, som livde Live sitt burt i Faafengd, han misser jamvel det som han ein Gong fekk, som Jesus i eit sterkt tilkvesst Ord fleire Gongir minner um.

Grunnlovi for sant Menneskjeliv: du skal elske din Næste som deg sjølv, hev han framme Gong paa Gong, i Læresogom som elles. Serleg merkeleg er Liknaden urn den urettferdige Hushaldaren (Lk. 16: 1—8). Denne hev stellt seg so, at han vert kravd til Rekneskap; og han skynar at no er han ferdug. Men han veit Raad. Han kallar til seg deim som stend i Skuld til Herren hans, og ettergjev deim meir eller mindre av Skuldi; han liter paa, at dei som soleis hev fengi Hjelp av honom vil vise ’n Miskunn att, naar han kjem i Lægervall. Jesus læt denne Hushaldaren faa Ros av Herren sin for at han hev „gjort det klokt“. Det vert elles her lagt Jesus eit Ord i Munnen (Lk. 16: 9), som minner vel so mykje um Paulus (1 Tim. 6: 17—19) som um Bergpreikaren (Mt. 6: 19—21; smf. Lk. 12: 33).

Um Vinningi ved aa lìva etter Lovi — at det er ei slik Vinning laerer me serskilt tydeleg naar me bryt Lovi — hev Læresogune mange Bilæte. Serleg forvitneleg er Sogo um Arbeidarane i Vingarden (Mt. 20: 1), der alle fær same Løni, um dei kjem i Arbeid tidleg eller seint. D. e.: naarsomhelst ein gjev seg inn under Gudsviljen, vinn ein ved det full Livsmeining og Livshugnad.

Mange av desse Sogune handlar um Israel som ikkje kjenner si Gjestings Tid og for det maa vente Dom; den Tanken hev ofte tyngt Jesus. Me hev her Sogur som den um Vingardsmennane som slær Ervingen i hel (Mt. 21: 33; Tilv.), urn Kongssonsbrudlaupe (Mt. 22: 1; Tilv.), o. fl.; dei er fraa den Tidi daa det syntest meir og meir tydelegt, at nettupp det Israel som Jesus hadde meint ikkje trong Lækjar, vilde vise Gudsrike fraa seg. Sùmt er innkomi eller hev fengi sitt Lag i seinare Tid; at Jesus ikkje hev spaatt um Domen yvi Israel og Frelsa for Heidningane i so klaare Ord som det no ser ut til, skynar me af Apostelgjerningar (10: 1—48; 11: 1—18 o. a. St.). Men sterkt hev dei myrke Vonine gjengi innpaa ’n; det kjem i alle Sogune fram, i saare Klagemaal og i strenge Domar.

*

Jesu fysste Forkynning er Gledebòde um det nære Messiasrike, det han liksom Døyparen forkynner med dei Ordi som Folke kjende fraa Stemnestogom. „Gudsrike“ eller „Himilrike“ var daa og Ord som lét seg bruka trygt, midt i Romarvelde; dei syntest ikkje hava noko med denne Heimen aa gjera. Det hadde dei ikkje heller i Jesu Munn. Himilrike kom naar Gud vilde; og det kom snart: „det er nokre av deim som her stend, som ikkje skal smaka Dauden, fyrr dei fær sjaa Menneskjesonen koma i sitt Rike“, segjer han med si sterkaste Forsikring (Mt. 16: 28; Mk. 9: 1; Lk. 9: 27). Men ingin utan Faderen, jamvel ikkje Sonen eller Englane i Himlom visste noko um det (Mt. 24: 36; Mk. 13: 32); og um nokon sagde: sjaa her er Messias eller der, so skulde Sveinane ikkje tru det; uventande som Ljone skulde han koma. I denne Heimsalderen hadde Jesus berre eitt aa gjera: han skulde byggje det aandelege Gudsrike. Og um det sagde han: det „kjem ikkje so at det er audsjaaande, og heller ikkje skal dei segja: sjaa her er det eller sjaa der; for sjaa, Guds Rike er innantil i dekon“ (Lk. 17: 20, 21).

Dei som kom med i dette aandelege Rike, skulde faa ei serskild Gjerning og ei framifraa Løn i det Gudsrike som var ventande. Dei kunde daa gleda seg til det med, og det i framifraa Meining; for naar dei skyna at det kom, so visste dei og, at det stunda til deira Utløysning (Lk. 21: 28). Dei burde og alltid halde seg budde, so Lampune deira kunde vera kveikte naar Brudgomen kom (Mt. 25: 1). Men det gjorde dei ved aa byggje Gudsrike inne i seg sjølve, gjenomføre Guds Vilje i sitt Liv, elske Gud og Næsten, „halde Bòdi“. Og daa kunde Jesus lova deim, at dei ikkje skulde sakne si Løn i noko Tilfelle.

Det er det som er Grunntanken i Jesu Gledebòd: lìver me etter Guds Vilje, so fær Live Verde i seg sjølv, og det um det i verdsleg Meining synest aldri so armt, — fær eit Verde som gjev os full Løn for (d. e. full Meining i) Tilvære vaart. Jamsides dei store Framvonine hev Jesu Svein den Vissa som han kann røyne seg til: at det gode hev si Løn i seg sjølv, at ein „vinn Live“, vinn Innhald i Live, naar ein paa rett Maate nyttar det. Gjer ein Guds Vilje, so tarv ein ikkje som Farisæarane spyrja naar Rike kjem; Rike er komi; ein hev Rike i seg. Og ein stig og gjeng fram, vinn større og større Sæle, rikare og rikare Løn, di meir heilt og fullt ein gjev seg inn under Gudsvilje.

At Live hev sitt Verde, si Løn, si Meining i seg sjølv, er Jesu nye Tanke, hans sanne Fagnadbòd. Fær me Tak paa det, so vert alt anna mindre vigtugt, um det so var sjølve det rabbinske Messiasrike.

*

Jesu Forkynning er ei Lovtolking som gjeng so djupt, at ho i Røyndi vert Lovgjeving.

Til aa setja nye Bøtar paa gamle Plagg var han ikkje komin; han fullførde det gamle ved aa gjenomføre Grunntanken i det. Moselovi ver ei Rettslovgjeving med ein moralsk Tanke som ikkje vann heilt fram (smf. t. D. 3 Mos. 19: 18 med 2 Mos. 21: 24—25); gjenom Jesu Tolkning vinn Grunntanken fram; og Lovi vert heilt ut Morallov, Livslære.

Denne Livslæra drag seg som ei Gull-Aare gjenom all Jesu Forkynning; i serskild Rikdom stig ho fram i „Bergpreika“ (Mr. 5—7; smf. Lk. 6:20—49; 11: 9—13; 12: 22—31 o. fl. St.). Denne Preika gjev, kann ein segja, Jesu Syn paa Lovi og Live i Samanheng.

Her som elles i Læretalur vender han seg til dei smaae i Folke, dei som er minst bundne av Verdi, og fysst og fremst til Sveinane sine (Lk. 6: 20; Mt. 5: 11—12). Sjølve dei Sælprisingane Tala opnast med gjeld deim. „Sæle er dé fatide; for dekons er Guds Rike“; og „sæle er dé som hungrar no“, og „dé som græt no“; for „dé skal mettast“; „dé skal læ“, segjer han etter Lukas; same Tanken er tekin uppatt tri Gongir.

Sælprisingi yvi deim som vert forfylgde kjem noko uventande her; Forfylgjingar var ikkje uppkomne i den Tidi daa Bergpreika vart haldi. Og dei harde Tidine som var ventande naar denne Heimsalderen leid til Endes (Mt. 24 og Tilvisn.), dei skulde for Sveinane ver Utløysningstidir (Lk. 21: 28). Men daa Jesus-Sogune vart skrìvne, hadde mangt snutt seg. Sveinane hadde røynt utenkte Ting; og Ord som Jesus i myrke Stundir hev sagt, men som Sveinane daa ikkje hev skyna eller teki seg Tankar av, vil etter Golgata-Hende og seinare ha livna upp att for deim og fengi Meining. Ofte vil dei daa hava haldi fram slike Ord for Sveinar eller for Kyrkjelydar, naar Tidine var urolege; og det var Tidine jamt. Jesus-Ord um Forfylgjingar hev daaa ofte vori framme. I Bergpreika, som fraa fyssto hev vori tenkt som eit Samandrag av Jesu Forkynning, laut Trøysteord um Forfylgjingar daa visst vera med.

Sist paa lyser Jesus (hjaa Lukas) fire Gongir Usæl yvi dei rike og dei som i denne Heimsalderen hev det godt. Yvi desse fell den Domen, at dei „hev alt fengi si Trøyst“, fengi det gode dei kann vente. Eller dei skal sidan „hungre“, eller „syrgje og graate“, som det heiter um „dei velmetta“ og „dei som lær“[1]. Dei som fær god Umtale millom Folk fær vita at dei ikkje skal stole paa det; so gjekk det alltid med dei falske Profetane.

Usæl-Lysingane er burte hjaa Mattæus. Alt hev der vorti Sælprisingar; dei er 9 i Tale og uppsette mest som eit Kvad. Tankane hev og her vorti noko meir aandelege og aalmenne; det gjed dei fatige „i Anden“ (smf. Es. 57: 15), dei som hungrar og tysstar „etter Rettferd“ o. s. fr. Og i Staden for Tiltaleorde „dé“ hev me Umtaleorde „dei“. Men mot Slutten (5: 11, 12) hev Mattæus dé liksom Lukas. Lk. 6: 20—26 ligg daa vel Grunnteksti nærast.

Sjølve Preika tek til med Utsegni um, at Jesus byggjer paa Moses. I Messiasrike skal den vera kalla stor som i Lære og Live held seg til Lovi; den som bryt um det so berre er eit av dei minste Bòdi og lærer Folk so, han skal — ikkje verte „fordømd“; han verte kalla den minste i Himilrike (Mt. 5: 19). Det vil vel segja at han skal vera millom deim som sist kjem der inn (um den andre Domen sjaa Opinb. 20: 12, smf. V. 4) og vinn minst høgt upp; etter dette og ymse andre Ord skal det vera ulike Høgdir i Løni so vel som i Straffi (Luk. 12: 47—48).

Det er Lovi Jesus held fram, i Bergpreike som i heile si Forkynning. Naar nokon kjem og spỳrr kva han skal gjera til aa vinne Live, hev Jesus berre eit Svar: hald Bòdordi (Mt. 19: 16 o. Tilvisn.). Og daa Spyrjaren nemner det Bòde som alt etter Moses er Innhalde av Lovi: du skal elske Gud av alt ditt Hjarta og din Næste som deg sjølv (5 Mos. 10: 12), so segjer Jesus: du svara rett; gjer dette so skal du lìva (Lk. 10: 25—28). Den rike Raadmannen segjer: Lovi hev eg haldi fraa eg var ung (Mt. 19: 16—21; Tilvisn.); Jesus vert ikkje forundra yvi dette Svare. Smiler ikkje heller. „Jesus saag paa honom og fekk honom kjær“ (Mk. 10:21). Det er fullt Aalvor: me skal halde Bòdi.

Du skal elske, d. e. unne din Næste som du elskar, unner deg sjølv, er Grunnlovi i Jesu Gudsrike. Den Verdi der kvar tenkjer paa seg og den rike lìver i Gledskap og Glans og læt Lasarus liggje hjelpelaus utanfor si Dør, kann kalle seg kva ho vil; til Gudsrike høyrer ho ikkje.

Gjenom Jesu Lovtolking kom Grunnen i Lovi upp. Lovi er Faderens Vilje; men dermed er ho og vaar Vilje, so visst som me er Borni til Faderen; vaar sanne Vilje er ho. Drivkrafti til det gode er daa ikkje Rædsla lenger, um me aldri so vel veit at Syndi dreg si Refsing etter seg liksom ei Naturlov sine Verkningar; Drivkrafti er den gode Grunnen i oss, Kjærleiken, Broderhugen.

Lovi er ikkje Fyrisegnir um utvertes Skikk; Hjarta krev ho, d. e. heile Menneskje. Men dermed gjer ho og Menneskje fritt. Det er ikkje lenger Jahve, som byd og krev for si Skuld; det er Faderen som rettleider Borni for deira eigi Skuld: gjer dette, so skal du lìva. Og naar Menneskje vert eit Barn som vil Faderens Vilje, so gjeld Orde i 1 Joh. 5: 3, at Guds bòd ikkje er tunge. Lovi er ikkje eit framandt Krav, og ikkje Rædsle og Tvang; Lovi hev vorti Evangelium.

*

„Det store Bòd i Lovi“ finn me hjaa alle dei tri (Mt 22: 34—40 o. Tilvisn.; smf. 5 Mos. 6: 4, 5); og Bòde um Næstekjærleik „er liksom dette“ (smf. 3 Mos. 19: 18). Og den som elskar Gud, og elskar Næsten som seg sjølv, han held Lovi. Ein annan Stad samlar Jesus Lovi i eit einaste Bòd: „alt det dé vil at Folk skal gjera mot dekon, det maa og dé gjera mot deim“ (Mt. 7: 12 o. Tilv.)[2]. Kjærleiken til Gud viser seg i at ein gjer Guds Vilje; og Guds Vilje gjer den som elskar Næsten; dei tvo Bòdi læt seg daa samli i eitt. Som det stend i 1 Joh. 4: 20 (smf. 3: 17); „dersom nokon segjer: eg elskar Gud, og han hatar sin Broder, han er ein Ljugar; for den som ikkje elskar sin Broder som han ser, kor kann han elska Gud som han inkje hev set?“

Men aa elske Næsten er ikkje Ord; det maa vera Gjerning og Sanning. Elske er: hjelpe, gjera vel. Det Domaren vil spyrja um paa Rekneskapsdagen er: gav dé meg Mat daa eg var hungrig? Drikke daa eg var tyst? Klæde daa eg var nakin? tok dé imot meg daa eg var framand? saag dé um meg daa eg var sjuk? eller daa eg sat i Fangehuse? (Mt. 25: 31—46). Med „meg“ meiner han kvar hjelptùrvande me møter paa vaar Veg; og han skìl ikkje ut, at desse turvande maa vera Folk som „fortenar Hjelp“ etter vaar Meining[3].

Næstekjærleiken — som der er meir av i Verdi enn me skynar og ser — er det som gjer Live lìvande; skal me halde det ut, so maa me arbeide med eitkvart som me trur kann vera til Hjelp for Brørane (um me gjerne no brukar andre Ord: Ætti, Bygdi, Byen Folke, Samnøynte, Framtidi o. s. fr.). Hev ein ingin og dermed inkje aa lìva fyri, so lìver ein ikkje, og det um ein aldri so mykje „lìver for seg sjølv“. Ein Arming av dette Slage kann „vinne all Verdi“; men aaleine og hugnadlaus er han og vert han verande; Live hans er ikkje Liv. Det han venta seg Glede av gjev ikkje Glede; naar han fær det han sette si Von til, so finn han det „utantil blankt og innantil krankt“. Er han daa ikkje det reine Faavit, so skynar han Samanhenge meir og meir; Argskap og Hat tek han; han vert „vond“; sèt si Glede i aa vera til Mein, likar aa sjaa andre lide som han sjølv lid. Uhuglegt og fælslegt er dette, so det hev vori kalla „djevelskt“ og sett i Samanheng med ei serskild vond Magt; no kallar me det Faavit, eller naar det gjeng uvanleg vidt, Sjukdom. Ja det kann gange so vidt at me kallar det Galinskap. I gamal Tid var det Storherrar som hadde slik Magt at dei „kunde gjera kva dei vilde“, ja beintfram vart kalla Gudar; men mange av deim vart tekne av den Hugsjuken som heiter Sjølvsjuke og fór saaleis aat, at dei hev vorti til eit Ordtørke for alle Folk sidan. Berre Kjærleiken kann gjeva Live Innhald; det visste Jesus, daa han sette Nestekjærleiken upp til Grunnlov for det.

Sjølve Rettsbòde um aa ikkje slaa ihel vert til Moralkrave um aa elske Brørane. Ukjærlege Kjenslur vil drage etter seg ukjærlege Gjerningar eller Ord; og at jamvel Ord kan vera Draapsyndir, det er meir beintfram sant enn me plar hugse. Som Eiter er arge Ord; dei ligg og brenn under Bringa hjaa den som fekk deim, og øyder Livshugnaden og tærer paa Krafti. Hard Refsing spaar daa Jesus kvar den som ikkje er „velviljug mot sin Motstandar paa (Livs-) Vegen“.

Det vert spurt: kven er min Næste? (Lk. 10 29). Her skulde ein Israelslærar etter den vanlege Tenkjemaaten svara: alle Israelittar. Men Jesusu ser lenger, um han aldri so mykje er Israelit. Han fortèl ei Læresogu som segjer, at min Næste er den som treng Hjelp av meg og som eg kann hjelpe, kven han so elles er.

Me maa ikkje hata deim som gjer oss vondt dessmeir. Slær ein deg paa det eine Kinne skal du snu til ’n det andre[4]. Vil nokon taka Kjolen din, so lat ’n faa Kappa med. Vonde skal ein i det heile vinne yvi med godt; og naar ein vil tenkje seg um, so er det so: det er berre med godt at ein kann vinne yvi det vonde. Med vondt berre eggjer ein det, og nærer det; vondt èl meir vondt; det er i Viljelive som i Vokstrheimen: Avkjøme er Upphave like. Men ulike Slag døyvar kvarandre. Vil ein øyde godt, skal ein gjera vondt; men vil ein døyve vondt maa ein gjera godt; det er ei klaar naturleg Sanning Jesus her legg fram, og ikkje noko Tverdøme.

Elske, gjera godt mot sine Fiendar maa ein, um ein vil vinne yvi deim. Tanken hev vori uppe alt hjaa Moses (2 Mos. 23: 4); og i Salomons Ordtak (25: 21) stend det, at „er din Fiende svoltin, so gjev honom Mat, og tysster han, so gjev honom Vatn“, um Tanken der elles er den som Paulus tek upp-att i Rom. 12: 20: at ein paa den Maaten sankar gloande Kòl paa Hovude aat Uvénen sin. Hjaa Jesusu er Krave heilt og klaart. Liksom Himilfaderen læt si Sol renne yvi vonde og gode og Regn falle yvi rettferdige og urettferdige, soleis skal og dé, segjer han, „elske dekons Fiendar, velsigne deim som bannar dekon, gjera vel mot deim som hatar dekon og beda for deim som vil gjera dekon Forfang og forfylgje dekon“. Elske sine Venir kann alle; den som vil vera Jesu Svein maa stande so fri av Verdi at han kann elske jamvel sine Uvenir. Med dette gjenomførde Kjærleikskrave gjer Jesus Lovi heilt til Fridom og Aand; det juridiske „Auga for Auga og Tonn for Tonn“ er avteki.

*

Jesu Svein taper inkje ved det at hen gjer seg fri av Verdi.

Alt er der kvervande og skiftande. Mòl og Mott ét upp, og Tjuvar bryt inn og stèl; der bør han daa ikkje hava Skattane sine. For der dei er vil Hugen hans vera; og han kann ikkje tena baade Gud og Mammon.

Ikkje-rik paa Jordi skal Jesu Svein vera, og endaa sutlaus; han hev ein Fader som veit kva han treng. Og med det han treng skal han vera nøgd, som Fuglen, som Blomen. Det vert gjevi ’n attaat, alt det han tarv, naar han fysst søkjer Guds Rike og Rettferd.

Rikdom og Hug til Rikdom bind hardt til denne Heimen; Mammonstrælen er hugbundin jamvel naar det gjeng ’n godt; og rik i Gud vert han vandskeleg. Hugen hans er trylt og Viljen forvend; det Bòde som er Innhalde av Lovi gløymer han burt; han heng fast i sitt Jordstræv og læt Lasarus forkomast millom Hundane. Ja han brukar Brørane sine til Trælar og stèl seg rik av deira Slit; stèl fraa deim og drep deim i Staden for aa elske deim. Raadlaust er det for ein rik aa koma inn i Gudsrike utan serskild Hjelp ovanfraa; ikkje for ingin Ting priser Jesus dei fatige sælte.

Med Fatigdom meiner han smaae Kaar; den Armodi som vaar Tid él fram so mykje av, og som ikkje er anna enn Rangsida av Mammonsvelde, hadde Jesus ikkje havt Lovord fyri. Smaae Kaar, daglegt Arbeid og daglegt Brød, bind minst til Verdi; i slike Kaar kann Hugen halde seg friast.

„Dei fatige“ hjaa Jesus er dei som livde etter den Skipnaden Moses hadde sett, so godt som dette daa lét seg gjera i hans Tid. I Israel, som vel all Stad i gamle Dagar der Folkeskikk var komin upp, var Samnøyte bygt paa Tanken um aalmenn Rett til den Grunnen alle er vaksne av. Jordi var ikkje mi og di, ho var Aalmenn-Eign, „høyrde Herren til“ (Salm. 24: 1). Den einskilde hadde ho berre i Leige av honom gjenom Samnøyte.

Til „alle Mannaborni“ (Salm. 115: 16) var ho gjevi; um Lovine for Utskiftingi kann ein lesa i 4 Mos. 26: 52—56 og 33: 54, smf. Josv. Stykki 14—19. Men ingin kunde „eige“ Jord; ingin hadde anne enn Brùksrett til ho. Og um Brùkaren kunde selja Brùksretten sin eigin som kunde han ikkje selja Brùksretten aat Ætti si; „seld“ Jord fall attende til den gamle Brùkaren eller Ervingane hans naar Helgaare kom (50de-kvart Aar), daa alle Jordleigune vart uppatt-nya. Jord kom soleis aldri „or Ætti“.

Paa den Maaten kunde ikkje noko rikt Jordherrestand koma upp. Men so kunde det ikkje koma upp nokon Armodsdom heller. Til Trygd mot den gav Moses elles monage Bòd, og det Bòd som dei rike no vilde finne stridande mot det dei kallar baade „Fridom“ og „Kristindom“. Tanken i Moselovi var beint fram den: „du skal ottast Gud, so at Broder din“ (ɔ: din Næste) „kann lìva med deg“ (3 Mos. 25: 36)[5]. I Jesu Tid var den gamle Skipnaden komin i Nedfall; og meir og meir vann den Armodi seg upp, som ikkje er Velsigning; men so trudde og alle sanne Israelitar at den gamle Heimsalderen var utlivd, og at Messiasrike maatte koma snart, med ny Rett for dei mange og alltid fleire som no leid Urett.

Men enno var mykje av den gamle Skipnaden att[6]; og i hamne Arbeidskaar, som ikkje kunde føre til Rikdom men heller ikkje til Armod, finn Jesus Grobotn for dei Dygdine han fysst krev: Barnehugen og den fredsæle Audmykt. Denne siste priser han med Ord som minner um gamall Folkevisdom: den som høgrar seg sjølv skal verte nedra, og den som nedrar seg sjølv skal verte høgra; sèt ein seg øvst i eit Gjestebòd kann han verte flutt ned; men sèt han seg nedst og daa heller vert flutt upp, hev han Ære av alle (Lk. 14: 10).

Det Broder-Samnøyte Jesus tenkjer seg, er bygt paa denne Tanken. „Dei som styrer Folki held deim under Herrevelde, og Stormennane brukar Magt yvi deim; men so“, segjer han, „skal det ikkje vera millom dekon“; den som vil vera stor i Jesus-Lage, han skal vera Tenar, ja Træl; „den største millom dekon skal vera som den yngste og den styrande som den tenande“ (Lk. 22: 26; 9: 48; Tilvisn). Og han skal vera Tenar ikkje i Ord, men i Gjerning, so som Jesus med sitt eigi Fyridøme lærde oss (Joh. 13: 2 flg.): „naar eg, som er Herren og Meistaren dekons, hev tvegi dekons Føtar,“ segjer han, „so hev eg gjevi dekon eit Fyridøme, at som eg hev gjort, so skal og dé gjera.“

Brodertanken, Kjærleiks-Tanken gjeng gjenom heile Jesu Lære og Liv. Som han er komin til aa føre dei burtkomne paa rett Veg, soleis kallar han serskilt til seg dei mædde og tyngde; hjaa honom „skal dei finne Kvild“. Dei linnaste, mjukaste Tonane fraa den gamle Profet-Harpa høyrer me att, mjukare og rikare enn fyrr; og dei vert ikkje døyvde av den sterke, myrke Klangen fraa den messianske Domsluren.

I næraste Samanheng med Broderkjærleiken stend Kjærleiken til Borni; Jesus finn her varme Ord. „Lat Smaaborni vera, og hindre deim ikkje fraa aa koma til meg; for Himilrike høyrer slike til“ (Mt. 19: 14). „Den som nedrar seg sjølv som dette vesle Barne, han er den største i Himilrike“ (Mt. 18: 4). „Den som tek mot eit slikt Barn i mit Namn, han tek imot meg“ (Mk. 9: 37). Det er dei barnslege som høyrer heime i Rike; „sanneleg segjer eg dekon, dersom dé ikkje umvender dekon og vert som dei smaae Borni, kjem dé paa ingin Maate inn i Himilrike“ (Mt. 18: 3; Tilvisn.). Barnehugen er den rette Grobotnen for Broderlynne; „Ervesynd“ veit Jesus ikkje meir um enn han veit um Barnedaap. Og Spursmaale um „fri“ og „ufri“ Vilje læt han liggje til Filosofane.

*

— Det Lovbòde som etter Ordi forbyd Hjonskapsbròt, vert hjaa Jesus eit Bòd um Reinleik i Hug og Tanke. Eit Ord som i 1 Mos. 2: 24 vert tillagt Adam: „Mannen skal forlata Fader og Moder og halde seg til Kona si, og dei tvo skal vera eitt Kjøt“, tek Jesus upp att og skjerper. Menneskje skal ikkje skilja det Gud hev sammanbundi (Mt. 19: 4—6). Skilsmaal forbyd han, utan naar Ægteskapen alt er brotin i Gjerning.

Eit strengt Ord er framme i Samanheng med Reinleiksbòde: det er betre aa skilja Lìkamen med ein Lèm, enn at heile Lìkamen skal øydast (Mt. 5: 29). Ein kjem her til aa minnast Mt. 19: 12 um Gjeldingar. Men Jesus forbyd ikkje Sveinane aa gifte seg. Peter var gift alt i den fysste Tidi (Mt. 8: 14; sjaa og 1 Kor. 9: 5).

Etter Moses var det tillati aa sverja, naar ein heldt Eidane sine; Jesus forbyd Sverjing heilt. Jesu Svein skal alltid segja sant; Sverjing vert daa meiningslaus. Men til Meiningsløyse skal ein ikkje brùka noko som vyrdande er, minst Guds Namn. Og Undantak gjevst ikkje. Naar Domstolane brùkar Eiden som fyrr Pinebenken til aa tvinge Sanningi fram i Rettssakir, so er det ikkje Jesus dei held seg til.

Der var i Moselovi Bòd som gav farisæisk Utanpaa-Heilagdom Tilføre til mykje synleg Lovlydnad, og som det difor vart lagt sers Lag paa, soleis Bòde um Kviledagen; Jesus vert fleire Gongir freista med Spursmaal um den. I Svari sine held han som elles Guds Bòd fram; men med Ihuge viser han Farisæardomen fraa seg. Fraa Matstræv og jordisk Sut skal me kvile paa Helgdagane; men fraa det gode skal me ikkje kvile, meir enn me kviler fraa det naudsynlege. Det fjorde Bòde maa Jesus like eins verja mot Lovtrælane. Gud hev sagt: heidra Far og Mor; dei lovlærde segjer: Temple gjeng fyri Far og Mor; ein Son kann taka fraa Foreldri sine, naar han gjev det tekne til Temple. Soleis gjer dei Guds Bòd til inkjes med sine Menneskjebòd. Mot slikt minner Jesus um, at Gud hev Hug til Miskunn og ikkje til Offer. Og Menneskje er ikkje Træl under Lovi, men som Menneskjesonen Herre yvi ho, so sant det hev Gudsvilje livande i Hjarta.

*

Rettslovi set Forbod, Morallovi gjev Bòd; Jesu Lovgjeving inneheld mest um det me skal gjera.

Det er her Hjartelage det spỳrst um; ikkje alle Gjerningar er gode som ser gode ut. Olmosur skal me gjeva so me sjølve ikkje gaar til det; for kor mykje me gjev, det vert alltid lite mot det me fekk[7]. Og alt godt me gjer er faafengt, i Fall me gjer det med Tanke um utvertes Vinning; den som fastar til aa vinne Ros millom Folk, han vinn ikkje meir enn det. Berre naar me fastar til vaar eigi Upptukting vinn me noko som hev Verde. Me skal daa heller ikkje lata Folk vìta at me fastar; me skal stelle oss so at dei trur det er Høgtid me held; Jesus bryr seg ikkje um Utanpaa-Heilagdom.

Bøni er og ei Sak millom oss og Gud aaleine. Me skal ikkje „remse upp mange Ord“, og me skal ikkje halde Bønir paa Framsyning; gjer me det, so vinn me Ord for aa vera heilage, og hev dermed fengi vaar Løn. Faderen veit kva me treng og bryr seg ikkje um Ordstas; „naar du bed, so gakk inn i Løynrome ditt og lat att Dỳrri, og bed til Fader din som er i Løyndom, og Fader din som ser i Løyndom skal løne deg i Synom“.

Det er lagt Jesus sterke Ord i Munnen um Bøni „Alt det dé bed um, berre tru, so skal dé faa“; „bed um kva dé vil, og det skal timast dekon“, o. s. f. (Mt. 21: 21; Mk. 11: 24; Lk. 11: 9; Joh. 15: 16; 16: 23 o. fl. St.).

Likevel krevst det stundom Faste attaat Bøni (Mt. 17: 21). Det vert og kravt Bøn av fleire i Lag (Mt. 18: 19 o. Tilv.; motsett Bòde i Mt. 6: 6); og Bøn i Jesu Namn vert fleire Stadir krevd i Johannesboki. Det hev gjengi ymse Ord um dette. Det tryggaste vil vera aa halde seg til den Bøni Jesus sjølv lærde Sveinane sine, og elles til Fyridøme hans eigi (Mt. 26: 39; Tilv.).

Beda er ikkje aa tigge, eller aa freiste aa tvinge sin Vilje fram[8]; aa beda er: aa vinne seg yvi til aa vilja det Gud vil, og det um Gudsviljen aldri so mykje gjeng vaart Ynskje imot; beda er: aa lyfte seg yvi seg sjølv og inn i Allviljen. „Ikkje som eg vil, men som du vil!“ bad Jesus fraa Nasaret; og so er det han hev meint at me skal beda.

Den Bøni Jesus lærer Sveinane, er vend til „Faderen“. Tanken um at Gud er Faderen var uppe alt i den gamle Tidi (Job. 31: 15; Ordtøki 22: 2; Mal. 2: 10); med Faderen meinte dei gamle Skaparen. Jesus gjenomfører Tanken i meir aandeleg Meining; og han lærer oss aa beda som Born. Med Barne Trygd og Tillit skal me vende os til Faderen, men daa og med den rette Barne Hugen til aa bøygje oss for hans Vilje.

Gud hev vorti Faderen, av di han i Sanning hev vorti Gud. So lengi han var Jahve, ein Folkegud millom andre Folkegudar, laut han fysst og fremst tenkje paa si eigi Makt; no er han Herren aaleine; Rike, Magti, Æra er hans; og daa vil han, at som han sjølv er fullkomin og sæl, so skal og hans gjævaste Skapning, Bilætet hans, Son hans, naa denne Høgdi. Me tarv ikkje lenger hava Age for Gud i den gamle Meiningi Rædsle; me skal elske Faderen.

Me bed daa fysst og fremst um Framgang for hans Rike[9] og hans Vilje; at alt legg seg heilt og viljugt innunder honom er godt for oss med, av di at daa kjem det Rike hans, som for oss er Sæla. So bed me um det med treng for oss sjølve og den Tidi som no er; me veit at so sant me er hans Born og Tenarar, so er vaar Bate hans Vilje.

Det me fysst treng er Livs Upphelde; me bed daa fysst um daglegt Brød. So bed me um aandeleg Hjelp: Tilgjeving for Syndi og Frelse fraa Freistingar, i det heile Frelse fraa det vonde, fraa alt som kann hindre oss i aa fylgje Gudsvilje; me bed daa i Sanning som Born; me gjer Faderens Sak til vaar Sak.

*

Til den serskilt vigtuge Bøni um Syndforlating hev Jesus ei Tyding (Mt. 6: 14—15; Tilv.) som er framifraa klaar, men som etter Paulustidi hev vori merkeleg gløymd i Kyrkja. Vilkaare for Syndtilgjeving er etter Jesus eitt einaste: me maa sjølve tilgjeva. „Dersom dé forlæt Menneskom deira Misgjerningar, so skal og dekons Fader i Himlom tilgjeva dekon; men dersom dé ikkje forlæt Menneskjom deira Misgjerningar, so skal heller ikkje Fader dekons forlata dekons Misgjerningar“ (Mt. 6: 14—15; Tilv.).

Noko „Offer for Syndi“ veit Jesus ikkje um; han held seg til Profetane (Es. 1: 11; 66: 3; Jer. 6: 20; Am. 5: 21; Mich. 6: 6, 7). Um Offer talar han paa ein einaste Stad (Mt. 5: 23; smf. Mk. 11: 25); men noko Syndoffer er det ikkje han der tenkjer paa. Tvert imot; det vonde som kann vera i Vegen, maa etter Ordi hans paa den Staden vera nedsone fyrr Gaava vert bori fram. „Gakk fysst og vert samd med Bror din“, segjer Jesus; naar du det hev gjort kann du bera gram Gaava di[10].

Jesu Lære er fullklaar her, og han er innpaa dette ofte. Tilgjev, so skal du faa Tilgjeving; „dersom Broder din syndar imot deg, so tèl for honom; og angrar han, so tilgjev honom“. Ja „dersom han sjau Gongir um Dagen syndar imot deg, og sjau Gongir um Dagen kjem att og segjer: eg angrar det, so skal du tilgjeva honom“ (Lk. 17: 3—4; Mt. 18: 21—22). I Liknaden um Kongen som heldt Rekneskap med Tenarom sine gjeng det ein hard DOm yvi den som ikkje tilgav Medtenaren sin; „so skal og min himilske Fader“ gjera med dekon, um dé ikkje av Hjarta tilgjev kvar sin Broder hans bròt“ (Mt. 18: 23—35). Den som ikkje tilgjev, fær ikkje Tilgjeving; ja den Tilgjevingi han kann ha fengi vert teki fraa han att, i Fall han ikkje sjølv tilgjev (Mt. 18: 27—34); her som eller skal me unne vaar Næste som me vil at Faderen skal unne oss. Um den syndunge Kvinna hjaa Lukas (7:: 47) heiter det: „mange Syndir er henne forlatne, for ho elska mykje.“

Strengt er dette Jesu Krav. Aa tilgjeva i Sanning og av Hjarta er ikkje lett for Kjøt og Blod; ja det kann kjennast umògelegt. Som i det heile det aa løne vondt med godt. Mykje lettare er det aa hata og hemne seg, og sidan „sone“ for seg med Bønir og Offer, helst naar ein kann sleppe med eit Offer som ein annan hev gjort. Men Jesus kjenner ikkje til den Utvegen.

Hit høyrer og eit anna Ord som helst vert gløymt: det um at me ikkje skal døme. Det vert tilmælt oss med det same Maale som memæler aat Brørane med; tilgjev me, so fær me Tilgjeving; dømer me, vert me dømde. I det heile skal me agte os sjølve, meiner Jesus. Bòse i Auga til Bror vaar, den vesle Syndi han kann hava gjort imot oss, den vert det alltid ei Raad med, kann me so sant berre faa „Bjelken“ ut or vaart eigi Auga.

*

Si Tale um Lovi samlar han i eitt sterkt Ord: „ver miskunnsame, liksom og dekons Fader er miskunnsam“ (Lk. 6: 36), eller hjaa Mattæus (5, 48) i eit endaa sterkare: „ver fullkomne, liksom dekons Fader i Himilen er fullkomin.“ Dette er ingin Taleblom. Alt hjaa Moses (3 Mos. 19: 2) finn me Tanken: „de skal vera heilage, for eg er heilag“; og Jesus-Sveinane gløymde han ikkje. Peter tek upp att Orde fraa 3 Mos. 19 og legg til: Faderen „dømer utan Mannamùn etter kvar Manns Gjerning“ (1 Petr. 1: 15—17). Hjaa Johannes lès me: „kvar den som er fødd av Gud“ (ɔ: er Guds Barn) „gjer ikkje Synd“; „dette er Kjærleiken til Gud, at me held Bòdi hans“ (1 Joh. 3: 9; 5: 3). Jakob segjer: „Tolmòde maa føre til fullkomi Verk, so dé kann vera fulkomne og heile og ikkje vante i nokon Ting“; og: „den som ikkje hev vorti ein gløymskin Tilhøyrar, men ein som gjer Gjerningi, han skal verte sæl i si Gjerning“ (1: 4, 25).

Fullkominskapen er Fyrimaale. Jesu Sveinar kann ikkje vilja noko mindre enn det: aa lìva heilt etter Guds Lov; og det vil dei. At Fyrimaale ikkje med ein Gong vert naatt, og at det seint vert fullt naatt, det er det Tilgjeving fyri, so sant Vljer er heil; Jesus lærde sjølv Sveinane aa beda: tilgjev oss Skuldi vaar. Men den som ikkje hev Viljen heil og fast er ingin Jesus-Svein; og stasar han endaa med Jesu Namn, so er han ein Annanias eller ein Simon Trollmann.

Jesus fraa Nasaret hev meint det han sagde. Den som krev, at Syndaren skal ofre um det so var sitt høgre Auga eller si høgre Hand, um han ikkje paa annan Maate kann koma laus ifraa Syndi, han skjemtar ikkje. Vil me gjera Guds Vilje so kann me; det er Jesu Lære.

Det skal for lat eller halvt dyrevorin Vilje ikkje svært mykje til, fyrr det gode synest „umògelegt“; og den som trur at an ikkje kann gjera det gode, han kann ikkje; han kjem ikkje so langt at han aalvorsamt freistar med det dessmeir. Mande er late, og ikkje faae er halvville; i denne Heimsalderen kjem dei ikkje med. Kejm dei i det heile med, so vert dei millom „dei siste“ i Himilrike.

Det er faae som er utvalde til den høgste Æra: til aa vera Jesu Medarbeidarar her og hans Medstyrarar i Messiasrike (Mt. 19: 27—30 o. Tilvisn.; Lk. 12: 32, 42—44). Trong er den Porten som fører til Live; med Verdi paa Ryggen vinn ein ikkje inn gjenom den. So søkjer daa og dei fleste den Vegen som er breid og den Porten som er vid, um denne Porten og Vegen aldri so mykje fører til Undergang[11].

Og falske Profetar i Saudeklædnad lokkar med truverduge Ord. Etter deira Gjerningar kann ein døme deim; men ikkje alle Gjerningar søkjer Dagen; at Frukt er ròti skynar ein ofte ikkje fyrr ho tek til aa tevja. Alle kann segja Herre, Herre; og jamvel Underverk er ikkje sætande. Berre ein Ting kann ein tru paa: Live, Gjerningane; den som i sitt Liv gjer Viljen til Faderen i Himlom, han aaleine er Jesu Svein. I det heile byggjer den paa fast Grunn som høyrer Jesu Ord og lìver etter deim; den som ikkje lìver etter deim, han kann høyre deim so mykje han vil, og segja deim etter med: han byggjer paa Sand, og Huse hans vil falle.


  1. Smf. Sogo um den rike Mannan og Lasarus. Sjaa og Jakobs Brev 5: 1 flg. (der Apostelen dømer strengt um dei rike som forheld Løni for Arbeidarom sine); smf. 3 Mos. 19: 13; 5 Mos. 24: 14, 15; Job 24: 1—11.
  2. Dette er Lovi og Profetane; og aalmenneskjeleg Livslære er det; Konfusius sèt ho fram i Ord som minner um Mt. 7: 12 „gjer ikkje mot andre det du ikkje vil at andre skal gjera mot deg“ (Dr. Rudolf Dworak „Chinas Religionen“ I. S. 160).
  3. At ingin, jamvel ikkje den verste, er „uverdug“ til Hjelp, skuld kristne Folk vita; det er i det seinste greidt serskilt ut i nokre merkelege Smaabøkar av Jørgen Gry (sjaa t. D. „Den oprindelege Kristindom, samtlige religiøse og antireligiøse Sekters Modsætning“, Odder 1905). Desse Bøkane, som held uppe Jesu Lisvlære saman med det natur-vitskaplege Syn paa Tilvære fraa vaar Tid, gjeng Kyrkja so vel som Fritenkarskapen imot, og vert daa fraa alle Sidur nedtagde.
  4. Soleis bad Jesus etter Lukas jamvel for deim som tok Live hans
     Joh 18: 23 hev og her vori nemnt til Døme; den Staden skulde dertil vise, at Mt. 5: 39 ikkje var beintfram meint. Men Tenaren i Joh. 18 syndar mot Rettten likso vel som mot Jesus, so det Tilfelle høyrer ikkje hit.
  5. Fr Verinder: „Bibelen og Jordspursmaale“ (Syn og Segn April 1906).
  6. Sjaa t. D. Mt. 12: 1 o. Tilvisn.
  7. I vaare Dagar, daa dei som bed ikkje alltid er dei som mest treng, ja daa Tiggaren stundom er Spekulant, hadde vel Jesus sagt: gjev den som bed deg, og lat det vera hans Sak um han lyg for deg?
  8. Det som er innkomi Lk. 18: 1 flg. o. fl. St. um at me beintfram skulde kunne elte Faderen til aa gjeva etter for Bønine vaare, kann ikkje vera nokon Jesus-Tanke.
  9. I den etterbabyloniske Tid var den vonde Magti („Beelsebul“, „Satan“, „Diabolos“) uppkomi utanfor og paa ein Maate jamsides Gud; men denne Magti skulde falle for Messias (Opinb. 20: 2, 10).
  10. Syndesutring bryd Jesus seg ikkje um. Ser han ein som er tyngd av leide Minne, so talar han ikkje um Anger; „ver frihuga, Son!“ segjer han; „dine Syndir er deg forlatne“; og det utan eit Ord um Blot eller Blod.
  11. Det græske apoleia (i N. T. umsett med „Fortjoning“ — „Fortabelse“, „Fordærvelse“) kjem av Segneorde apollymi: 1) øydeleggja, gjera til inkjes; 2) gange under, forkomast, døy. So lengi „Fortjoning“ vert brùka um endelaus Fordømin, lyt ein til Umsetjing nytte andre Ord, som ikkje læt seg mistyde paa ein so grov Maate. Adjektive apolōlos læt seg og betre attgjeva med „forkomin“ eller „burtkomin“ (Lk. 19: 10) enn med „fortjona“ („fortabt“).