Hune-heren

Fra Wikikilden
HUNE-HEREN.
AV KNUT LIESTØL.


Den 25de mars 1541 sat lensherren Stig Skafsten Bagge på Eigeland i Kvinesdal og sette upp eit brev til kanslaren Johan Friis. Der fortel han dette:

»Kiere Her Canseler giffuer ieg edher kierlig tiill kienne huoreleidis her wdj Raabygelagen liggendis tett op tiil Telmarken vpreiste thenom nogen bønder wedt en xviij karle oc neder droge tiil Nedenes oc acthett i hiel slagit Pedher Hanssons Fogett huikiid the høgge hannum xviij døde saar liggendis paa sin seng oc skildis the ffraa hannwm for en død man Ther i fraa ginge the xiiij store mile heden til min gaard oc acthet meg i hiel slagit gaff gud tiill lycke att ieg icke hemme war Bleff meg aff nogen mine wenner wnderuist Ta til tok ieg meg nogen løse wnge karle mett mine suenne och effter droog thennom mett same ffolck oc fongett theris høffuisman sielff ffierde oc en bleff slagen ther the annenn bleffue ffongen Hade oc same bønder giort thennom en stoor klubbe met mange huasse tacker Then som same klubbe bar holde the ffor en hune herre. Bestood same bønder Jeg ffongede attj wthi act oc mening hade i hiel slagett alle ffogter oc lensmen oc siden reise menig man och gaa al werden offuer Och effter same bekiendelse loott ieg them rette effter log och dom.« – So fortel han at han heldt nokre fanga som upprørane hadde halvveges nøydt til å vera med; han vil få greide på kva kongen vil at han skal gjera med dei. Han vil draga upp i Robyggjelaget og kua upprøret. Peder Hansson hadde sendt honom 60 mann og Tord Rooth 24, »oc acther ieg ther tiil att tage saa mange vnge karle her aff Liiste len att ieg thennom bestaa skal«[1].

Me hev ikkje fleire samtidige aktstykke um dette upprøret og veit ikkje noko nærare um koss det gjekk Stig Bagge på herferdi til Robyggjelaget. Men han fekk kua robyggene; Peder Claussen fortel at han »bleff dem for sterck och lod mange gribe och rette aff samme opreriske«[2]. Det må vera eit minne um desse hendingane, når dei i Setesdal i 19de hundradåret fortalde: »I same Bilet [som dei drap den fyrste lutherske Presten] tok Myrom’en ut or Tveitebø med 18 Kjempor til aa drepa Futen; Hopen auka allfort utigjenom Dalen«[3].

Det kann sjølvsagt ikkje vera nokon tvil um at dei hendingane som Stig Bagge fortel um, må vera historiske. Han var sjølv med og fanga upprørarane, heldt forhøyr og dømde dei. Brevet til kanslaren hev Stig Bagge skrive midt i upprøret, nettupp som han skulde fara til Robyggjelaget, og det han hadde fenge vita på forhøyret, måtte vera i friskt minne.

Upprøret i Robyggjelaget 1541 er eit av dei mange bonde-uppreist som me høyrer gjete i siste luten av millomalderen og fyrstningi av den nye tidi. Nett i 1530–40-åri var det urolegt vide ikring, ogso i dei nordiske landi. Året fyrr det bar laust i Robyggjelaget, var det upprør i Telemark, som Robyggjelaget grensar upp til og hadde mykje samkvæme med. Året etter (1542) kom det fårlege Dacke-upprøret i Sverike.

Men når ein granskar detaljane i det Stig Bagge fortel, ser ein at bondeflokken or Robyggjelag ikkje såg fyrebiletet for den store herferdi si i liknande hendingar i den næraste samtidi, men i ei segn som må ha gjenge i bygdene der.

Stig Bagge fortel at bøndene hadde gjort seg ei stor klubbe med mange taggar, »og den som samme klubbe bar, holdt de for en hune herre«. Sjølve den ting at bøndene hadde ei slik klubbe med seg, er ikkje noko rart. I den norrøne litteraturen høyrer me fleire gonger um at klubba vart nytta i strid, og ein finn serskilt umtala gaddakylfur, klubbor med jarntaggar[4]. Dessutan synest klubba nettupp å ha vore eit bondevåpn, eller i det heile eit våpn for dei lægre klassone i samfundet. Johannes Steenstrup hev peika på at »Bondens Vaaben var i Danmark og vist i en stor Del af Norden Køllen, der ogsaa i Normandiet træffes i Bondens Haand«[5]. E gamal dansk uppteikning um det som hende i året 1256 segjer: »Kotkærle vare alle galne met there Kylwer«[6]. I Sverike finn ein ordet klubbohär bruka fleire gonger, som me sidan skal sjå. Klubbekrigen 1597 skal ha fenge namnet sitt av di at hertug Karl sa til dei osterbotniske umbodsmennene, at dei fekk slåst um ikkje med anna »så med störar och klubbor«. I den norske folkevisa um Råmund unge gjeng »Råmund, bondens son« til strid mot trollet med ei klubbe, medan kjempone elles i folkevisone nyttar sverdet i striden mot trolli.

Det som gjer Stig Bagges forteljing sermerkt er det han segjer um »en hune herre«. Dei som hev skrive um dette, hev tenkt seg anten at det var føraren for bondeheren som dei kalla hune (Ludvig Daae, Yngvar Nielsen, O. A. Johnsen, Edv. Bull) eller at det var klubba som heitte hune (Øverland). Men ikkje noko av dette kann vera rett; korkje det eine eller det andre er i samsvar med norsk målbruk. Var hune eit namn på føraren, kunde ikkje Stig Bagge ha skrive en hune herre. Var hune eit namn på klubba, kunde ikkje Stig Bagge ha nytta ordet herre på den måten, og dessutan er ikkje hune noko namn på klubbe. Anten må ein lesa huneherre i eitt ord, og då er det dei folki som er med, som er kalla hunar; eller er det ikkje det vanlege ordet herre me hev å gjera med.

Kva dette »hune herre« er for noko, ser ein betre når ein jamfører med nokre svenske folkesegner.

Olaus Petri umtalar i si svenske krønike »then Klubbo hären, som säijes hafva gångit här utaf landet effter som ett gammalt tahl och rychte hafver alt sedan gångit här i rijket«. Dei bruka i fyrstningi klubbor og vart difor kalla Klubbohären. »Men thet en part säija, ock af ett gammalt rychte, att Hunehär skulle hafva gådt här uth af Sverige, thet är icke sant»[7].

Då östgötabonden Lars Jonsson år 1538 gjorde uppreist mot kong Gustav I, sa han at han vilde »resa en Huna här och slå ihel allt riddarskapet och adeln«[8].

I Albo herads dombok for åri 1620 og frametter finn ein at den 29de april 1626 vart det halde ting på Lekaryd, og då kom det fyre ei straffesak mot ein »fellegammal mann, Ingemar i Öna or Wigerstad sokn. Ingemar skulde »hafua lätit falla någre otilbörlige ordh«, ein gong då nokre militære var hjå honom. Han skulde då ha sagt:

»Jagh hörer Capten Cummell at i hafue haft budh i Jönekiöpingh, och förnimmer att Feltmarskalken hafuer påbudet Klöffueskaten och Vthskrifningen«, der till suarades, ’det är sant’, der til suarade Ingemar, »det faller allmogen alt för suårt« och sade, »det hende i Kongehäret i gamble tijder, at en benemd Hunesmedh hade en borgelägers knecht, och en tijd bonden kom heem af skogen, hade de Eldat Vgnen, dy på den tijden,« sade han, »var så sedvanligit de skulle badha i vgnen; tå sade bonden till hustrun, ’gif mig mat’, borgelägers knechten sade ’neij, hustrun skall först bada migh’, det och skedde; när han hade badast, togh bonden nidh en yxa och högg huffuodet [af honom], sedan gik han till sin granne, badh honom giöra sammaledes, så fort tilldes de blefuo så starke, att de vpladhe sigh både emot herskapen i Suerige och Danmark, och gingo så vijdt at de stallade sine hestar vidh Roma port. Och år spådt det skall ännu så skee och är nu der till lijcht, efter tungen är stoor«.... »Item vitnade Jöns i Vaszhult det samma både om badandet i ognen, och at Hunesmedh ihielslogh sin gifue galt och sedan brachte sin granna at giöra det samma, in till de blefuo sä starke (at) de stalladhe deras hestar i Roma kiörkio, och sade yterligare: »råde gudh det skeer iche än en gång, dy det legz så möckit på allmogen, at de aldrig förmå det vtgifua«. – Den 2dre mai »forhördes och den gamble mannen Ingemar j Öna, tillfrågades om han sädant taal haft hafuer; han bekienner at han sådant tall haft hafuer, det han och her på Rådhuset sielf ord ifrån ord vpreppeterat hafuer, och seger han var en liten poik, när han sådant taal först hördt hade, och seger han viste der inthet ondt medh, eij heller sade det i någon ondh meningh, icke hafuer heller han samme taal begynnat, vthan det hafuer ståndet man efter man öfuer 1000 åhr, och aldrigh förstodh det förbudet vara, her om tala, såsom icke forstodh det vara förbudet tala om dackefeiden, och annat i gamble tijder skeet är«. Ingemar vart frikjend[9].

I kyrkoherden Caroli Bolhemii Relation till K. Maj:t rörande Antiquiteter i Markaryds socken i Småland, dat. d. 26. April 1667 er det fortalt »att dhen Gamble Hund föregifz liggia här i Marckerydz kyrkiogårdh, sönnan kyrkian och mit på kyrkiogården, wid hanss graaff står en lijten grååhall, ther uppå en Smedie hammar och tångh uthhuggna«. Ålmugen trudde »efter gammal sägn« at »om någon grafuer ther förnär, eller sielfue grafuen upkastar, så upstår och upkommer af nyio igen Hune häär«[10].

I slutten av 17de hdr. skreiv regimentskvartermeisteren P. Rudbeck i sine Smålands Antiquiteter ei vidsveimd forteljing um »Huna-härs grufveliga fältslag«. Men, som Hyltén-Cavallius segjer[11], ved nærare gransking kann ein ikkje draga onnor slutning av det Rudbeck fortel enn at segner um Huneheren endå på hans tid var levande i Wärend og at desse segnene, på grunn av namnelikskapen, hev vorte heimfeste til Hunna by og fornminne der ikring.

Ogso i segner frå 19de hundradåret finn ein huneheren umtala. Hyltén-Cavallius fortel: »I folksägner från Westbo omtalas Huna-härens tåg äfven under namn af Klubbe-kriget, eftersom folket i detta krig väpnat sig med spikeklubbor. Anföraren för Huna-hären het Hunne och bodde i Kärda socken. Han var smed och lärde folket göra smedje-tänger. När de först skulle börja gå, gjorde smeden sig en klubba af träd och den beslog han med spikar. Sedan samråddes han med sex andra karlar, och så gingo de ifrån gård till gård och togo man ur huse, och den som inte ville följa med, slogo de ihel. Slutligen gåfvo de sig ut ur landet, och hvar de kommo, bad folket Gud bevara sig för Hunne och Huna-här«[12]. Kor djupt Huna-här hev trengt inn i tradisjonen, kann ein m. a. sjå av at Odans här i Unnaryds socken af Finveden ogso heiter Huna-här[13].

Ser ein no på denne svenske tradisjonen, vil ein der finna att fleire ting som likjest so mykje på det Stig Bagge fortel at det må vera samanheng på ein eller annan måten. Til alle variantar av den svenske tradisjonen er ordet Huna-här knytt (hjå Ingemar i Öna hev me berre umtalen av heren og so namnet Hune-smed). Liksom den svenske bonden Lars Jonsson i 1538 talar um «en Huna-här«, som skal »slå ihel allt riddarskapet och adeln«, soleis fortel Stig Bagge tri år seinare um »en hune herre«, og segjer at bondeflokken hadde »udi agt og mening ihjelslaget alle fogder og lensmænd«. At draget um spikarklubba var med i den svenske tradisjonen alt i det 16de hundradåret, synest ein kunna sjå av det, at Olaus Petri nemner Huneheren og Klubbeheren saman. Det ser ut som det var tvo ulike formingar av same segni som han hev teke for tvo ulike segner. I det 19de hundradåret heitte bondeheren både Klubbeheren og Huneheren, som ein kann sjå av Hyltén-Cavallius’s uppteikningar. Dessutan møter me alt i tradisjonen frå 16de hdr. Hunesmed og han svarar til den smeden Hunne som etter tradisjonen frå 19de hdr. smidde spikar-klubba. – Både i den norske og i den svenske tradisjonen er det tale um eit bondeupprør, og fyremålet er båe stadene det same store: dei vil draga vide ikring og slå i hel alt storfolket.

Det må, som sagt, vera samanheng millom det Stig Bagge fortel og den svenske tradisjonen, og det fyrste spursmålet som melder seg er då dette: Kann me prova at segni um Hune-heren hev vore kjend i Noreg? Ja, me møter henne alt i ei uppteikning frå året 1595 som dr. R. Th. Christiansen hev vist meg. I biskop Jens Nilssøns Visitatsbøger og Reiseoptegnelser 1574–1597 (utgj. ved Yngvar Nielsen) er det fortalt at den 25de juli 1595 var bispen i Saude i Telemark. Då han var til bords hjå hr. Laurits i prestegarden, »komme de i tale om en hed Houne Hokeli boendis vnder Hogeli field som ligger fra Vennie 2½ mill i norduest, at begynte først til Rommerport met kiøller, och en hedt Torbiørn Tælen hand vaar medt« (s. 405). Skrivaren hev anten ikkje retteleg fenge tak i samanhengen eller ikkje brytt seg med å skriva det upp skikkeleg Men me kjenner likevel forteljingi um Hune-heren lett att: det er tale um ein Houne og um ei ferd til Romaport med klubbor (kiøller = gn. kylfur).

Her er segni heimfest til Vinje, som er grannebygd til Valle i Setesdal. Både Valle og dei fleste andre bygdene i Robyggjelaget hev frå gamalt havt mykje samkvæme med Telemark, so segner hev lett kunna vandra att og fram.

Men me finn segni i sjølve Robyggjelaget au, og det so seint som i det 19de hundradåret. I Johannes Skars handskrivne samlingar (i Norsk Folkeminnesamling, Skar 7,80) finn ein denne forteljingi or Setesdal (truleg frå Bygland):


Hunehemndi.

Det kom eingong ein Lutmann til Hunemoen (Gjævedal) og kravde Skjot; men Mannen svarad at han hadde ikkje Hest, so han kunde gjera det. »Men vil du vera velfaren med di so skal eg draga deg«, sagde han. Ja, det vilde han vera. Mannen tok so Skrini hans og sette paa ein Kjelke og Lutmannen ovanpaa og so bar det i Vegen. Men daa det ikkje gjekk fljot nog, tok Lutmannen til aa myrja paa Bonden; han vardt so endeleg harm, tok ei Skide og slog ihel Lutmannen. Daa gjekk Hunemoen til næmaste Gard og sagde til Mannen: »No heve eg slegjet ein Lutmann ihel, og soframt du inkje fylgjer meg, so slær eg ihel deg og – han fylgde. Soleides gjekk dei gjenom alle Bygder og Manna-mugen aukad som Snjoskreidi. Daa dei kom til Arendale, var dei ein uhorveleg Her. Dei vilde inkje vita av dei gamle Embettesmennerne, dei klembde alle Storkararne inn i Kyrkja. Dei maatte falle paa sine berre Kne og beda um Naade. Dei vardt alle avsette og nye innsette i Staden deira.


Ei onnor forming hev Skar prenta i »Gamalt or Sætesdal« V, s. 101:

Lytnanten.

Der kom ein Lytnant til Hunemo og kravde etter Skyss – der var Skyss-skaffar paa Hunemo. Men Mannen hadde inkje Hesten heime, og daa var der inkje anna til: han laut draga Lytnanten og Skrinet hans paa ein Kjelke. Han gaadde inkje aat, so fekk han eit Drag av Svipa. Daa slo han Lytnanten i Hel med ein Staur. So tok han heim til fyrste Gard og fann Mannen. »Eg hev drepe ’n Lytnant, aa du lyt fygje aa samle Fokk; hellis drep eg deg!« sa han. Dei gjekk or Stoge og i Stoge alt til Aandalen og samla; daa var det ei Skreid so stor at der aldri var Leid med. Storkarane var vordstøkte; dei rymde inn i Kyrkja og la seg paa Kne og bad fyre seg.

Dei kalla denne Ruplen »Hunemo-hemndè«.


Det er lett å sjå at dette er same segni som den Ingemar i Öna fortalde. Me hev båe stadene storkaren som fornærmar bonden, og bonden som slær storkaren i hel og gjeng til grannen og fær honom med, dei gjeng so til næste mann, og soleis held dei på, til det vert ein ovleg stor her, og dei vinn på øvrigheiti. Båe stadene er det tale um ein by dei kjem til og um ei kyrkje i denne byen.

At Hune-namnet hev vore med i denne formi av den norske segni, ser ein av den ting at ho er heimfest til Hunemo i Gjøvdal. Hunemo-namnet hev soge forteljingi til seg, sameleis som Hunna by hev gjort det i Småland i Sverike, og sameleis som t. d. Hagbard-segni hev vorte knytt til ei rekkje stader med namnet Sigarsvoll eller Sigarsstad.

I Hunemo-versionen er Roma kyrkja umbytt med kyrkja i Arendal. Etter reformasjonen stod ikkje Roma so sterkt i forgrunnen som fyrr, og Nedenes innmed Arendal var den staden der robyggene fann storkarane. Det var dit dei sette kosen i 1541.

Etter dette skynar me betre ordi »en hune herre« i Stig Bagges brev. Anten må det vera huneherre, føraren for hunane, og det svarar då til det svenske Hunesmed eller Hunne. Eller må det vera – og det er vel det upphavlege – hunehere, d. v. s. huneheren. Ordet her er i Robyggjelaget hokyn, og det heiter herè (hæræ) i bundi form i fleire bygder. Dette hev so Stig Bagge mishøyrt eller mistydt, so han hev gjort det til »herre«.


Kvar er so ordet huneher i all denne tradisjonen kome frå?

Det er fyrr nemnt at etter vanlegt målbruk skulde ein i ordet huneher venta at i fyrste samansetningsleden var gøymt namnet på dei folki som var med. Det ligg då nærast å tenkja på folke-ætti hunar. Og no møter me gong på gong tradisjonen um ein ovstor hune-her i alle dei nordiske landi i millomalderen.

Saxo fortel i si store Frodesaga at kong Frode hadde teke dotter av hune-kongen Hun til viv; men ho var honom utru, og so jaga han henne burt. Det vart då ufred med hune-kongen. Huneheren var so umåteleg stor at Frode veik undan det fyrste. Hunane drog gjenom øydemarker, og der kom det til å skorta den store folkesvarmen på mat, so at heile heren til slutt vart spreidd og øydelagd av svolten. Seinare rusta Hun ut ein ny her, og det kom då til slag med Frode. Etter eit udømelegt mannespille fall Hun, og Frode vann ein stor siger[14].

Chronicon Erici Regis fortel: »Contra hunc Frothi venit Rex Hunorum cum aliis LXIX. Regibus, qvi ex se VI. Reges fecerant duces belli. Qvorum qvilibet habuit sub se 5000. navium, & qvælibet navis habebat CCC. armatos. Summn navium XXX. millia. Summa virorum novies mille millia hominum. Hos omnes occidit Frothi, pugnans cum eis in mari juxta Bleking«[15].

I Diarium Minoritarum Wisbyensium frå fyrstningi av 13de hdr. finn ein: »Anno Domini Sexcentesimo LXXXVI, Longobardi exiuerunt Daciam et fuerunt pro majore parte Jutones. Fames pervalida ad hoc ipsos compulit sicud et Hunos de Swecia«[16].

»Ett fornsvenskt legendarium« hev eit stykke um Huneheren i kap. CXX Om Marcianus kejsare: »Vm then thima war wældugher huna hær wt komin aff karelom thera konunger thrugadhe rom til skaat sex thusandh pund gul. vm sex. aar: til theodosius gaff sina systor hælagha marciano han wmstridde huna hær mz gøtha hiælp .... Vm thæn thima: wan thidrik bærn gøtha konunger. ok hans son thørgillus alt spaniol landh«[17]. Det er å merka at kjelda for vedkomande bolk av legendariet, Jacobus de Voragines »Legenda aurea« ikkje hev noko um at Huneheren var komen frå Karelen, heller ikkje at Marcianus vann på hune-heren »mz gøtha hiælp«; heller ikke nemner »Legenda aurea« noko um at Thidrik av Bern var konge då. Den svenske forfattaren hev tydeleg interessera seg so mykje for hune heren at han hev funne grann til å supplera Legenda aurea etter andre kjeldor.

Siste bolken i Hervarar-saga fortel um striden millom Angantyr (III) og halvbror hans Lod (Hloðr). Lod var dotterson til hunekongen Humli og vart fostra i Hunaland. Då kong Heidrek, far til Angantyr og Lod, var avliden, drog Lod til broren i Reidgotaland og kravde helvti av arven. Ei kjempe hjå Angantyr, Gizur Grytingalidi spotta Lod, so han i harme drog attende til Hunaland. Saman med morfaren samla han ein uhorveleg stor her av hunar; dei drog gjenom Myrkviðr og fall inn i Gotaland. Dei drap grensevakti, og »taka nú at herja um landit víða ok at brenna«[18]. Men Angantyr samla ein her og drog imot dei, og endskapen vart at hunane tapte etter eit blodigt slag som varde i 8 dagar. Både Humli og Lod, førarane for huneheren fall.

I Ásmundar saga kappabana kjem Hildibrandr húnakappi med ein her av hunar til Danmark og hemner far sin[19].

I Ǫrvarodds saga er det tale um Húnaland og Húnaherr. Orvarodd hadde ei klubbe til våpn, ein gong han var førar for hune-heren.

I Didriks saga er, som alle veit, Húnar, Húnaland og Húna herr mykje umtala.

Det som her er gjeve, er berre eit samanplukk av citat um huneheren or ymse kjeldor, frå fleire land og frå ulike tider. Me skal ikkje her gå inn på spursmåli um lærd eller folkeleg tradisjon og um samanheng millom desse fråsegnene. Sjølve citati er nok til å visa at tradisjonar um huneheren hev funnest i dei nordiske landi frå ikr. 1200 og utetter; for det er nettupp i sovorne fråsegner som må ha vore kjende både på austnordisk og vestnordisk umråde at huneheren er umtala. Hervararsaga er på fleire måtar knytt til svensk tradisjon, og Didriks saga gjorde den nedertyske tradisjonen um hunane kjend både i Noreg og Sverike.

Huneher var i heltediktingi eit minne um hunnne i folkevnndringstidi; men etter kvart synest ordet huneher å ha vorte eit slags samnamn på ein stor her, som plyndrar og herjar og fer vide ikring. Hjå almugen hev den eigenlege tydingi av ordet hunur vorte gløymd, og so hev samansetningsleden huna- vorte knytt til mannsnamnet Hune eller Hun. Ein ser at alt Saxo let hune-kongen heita Hun. Fråsegni um huneheren hev sidan runne saman med forteljingi um eit bonde-upprør. Kanskje det hev gjenge til på den måten at føraren for dette uppstandet hev heitt Hune, og namnelikskapen hev drege inn i forteljingi um uppstandet motiv som elles knyter seg til huneheren. Skulde draget um at bondeheren kom til Rom vera eit minne um den ferdi hunane gjorde til Italia i 452? I so fall måtte det vel på ein eller annan måte vera tale um lærd påverknad. Men ei Romaferd stod for folkehugen som eit bilete på ei ovleg lang ferd, so det er vel tenkjelegt at Roma-namnet kunde smetta inn av den grunn.

»Det er på ein gong storfelt og vilt som eit eventyr«, segjer Halvdan Koht[20] um hendingane i Robyggjelaget 1541. No hev me set at det røynleg er gamal dikting som på ein underleg måte hev vakna til nytt liv att her.

Hadde me no kjent forteljingi um bondeupprøret 1541 som ei gamal munnleg fråsegn berre, og me so hadde funne alt dette um huneheren i Sverike både frå ei eldre og frå ei nyare tid, so vilde me visseleg ha sagt: det dei fortel i Setesdal må vera uhistorisk. Det er berre ein variant av ei vanleg vandresegn; det kann ein prova med det at alt fyrr hendingane i Setesdal skal ha gjenge fyre seg, må segni ha vore kjend i Sverike.

Og likevel vilde denne rimelege slutningi vera gali, for di hendingane i Robyggjelaget er historiske.

Ein kann ikkje rekna med noko tilfelle her, og daa er det berre ei forklåring: dei gamle robyggene hev høyrt forteljingi um hune-heren; dei hev tykt at her var det gjort slikt eit karsstykke at det burde gjerast ein gong til, og so hev dei drege av stad.

Forteljingi hjå Stig Bagge vert på den måten eit merkelegt døme på den samanheng det kann vera millom dikting og liv.

Liksom diktingi er runni upp or samtidslivet og byggjer på dei røynslone diktaren hev havt, soleis kann diktingi verka tilbake på livet: menneski skipar seg i livet etter fyrebilete dei hev funne i diktingi. Det er eit ålkjent fænomen – frå småguten som les indianar-forteljingar og so leikar indianar, til den danske kongen, »der rider sin hvide Hest gennem Gaderne ved Troppernes Afgang som Valdemnr Sejr og Erik Menved og slaar op med Haanden og siger: »Tak, Tak, Børn!« ligesom denne sidste (det er de sidste Ord i første Del af [Ingemanns] »Kong Erik og de Fredløse«) og som Niels Ebbesen«[21]. Folk kann lata det dei hev upplevt i diktingi eller fråsegni verka på deira eigi livsførsle. I eldre tider, i meir einfelde livshøve og hjå folk med sans for historie og dikting og med eventyrhug i blodet, må ein rekna med at denne etterlikningi kunde få dramatiske utslag og vera med å skapa ny historie – soleis som det skjedde i Robyggjelaget i 1541. Både i ord og i gjerning tek dei etter det gamle.

Når me hev tvo forteljingar – ei eldre og ei yngre – og dei likjest so mykje på einannan at det må vera samanheng imillom dei, so sluttar me, som fyrr nemnt, at me hev med ei vandresegn å gjera eller at i minsto den yngre forteljingi ikkje kann vera historisk. Og det vil nok visa seg å vera det rette i dei fleste tilfelle. Men det er ikkje alltid so visst. Kven veit um ikkje hovudpersonen i den yngre forteljingi kann ha havt den tilsvarande personen i den eldre forteljingi til fyrebilete og gjort det same ein gong til?

Gudrun Osvivsdotter i »Laxdøla« er so lik Brynhild i eddakvædi at me kjenner på oss at her må det vera ein samanheng. Men korleis? Er det sogemannen som hev kjent til heltediktingi um Brynhild, funne ein viss ytre likskap millom hugnaden åt Brynhild og lagnaden åt Gudrun Osvivsdotter, og so dikta noko av Brynhilds sjel inn i Gudrun? Eller er det den historiske Gudrun som hev kjent til diktingi um Brynhild og so fare åt som ho tenkte Brynhild vilde ha gjort? Det kann vera vandt å svara på. Men hendingane i Robyggjelaget 1541 lærer oss at ein må vera varsam i slike tilfelle og ikkje utan nærare gransking draga den slutningi at det yngre tilfellet er uhistorisk og berre ei litterær etterlikning av det gamle. Det kann vera ei etterlikning som er historisk, d. v. s. røynleg sett ut i livet.


Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. Dipl. norv. XVI, 605 (s. 761 ff.).
  2. Samlede Skrifter, s. 225.
  3. Joh.s Skar, Gamalt or Sætesdal I, s. 15.
  4. Sjå Falk, Altnordische Waffenkunde, s. 121.
  5. Normannerne I, s. 330. Cfr. ogso Alwin Schultz, Das höfische Leben zur Zeit der Minnesinger II, s. 213 og Hewitt, Ancient Armour and Weapous in Europe I, s. 57.
  6. Scriptores Rerum Danicarum III, 312 (Laurentii Stralii annales).
  7. Scriptores Rerum Svecicarum I, II, s. 232.
  8. Hyltén-Cavallius, Wärend och Wirdarne I, s. 52.
  9. Sagan om Didrik af Bern utg. af Hyltén-Cavallius, innleiding s. XXXII ff.
  10. Same staden, s. XXXIV f.
  11. Wärend och Wirdarne I, s. 53.
  12. Wärend och Wirdarne II, s. I, cfr. s. 224.
  13. Same staden, s. 42.
  14. Saxo, ed. Müller et Velschow, liber V (serleg s. 237 ff.).
  15. Scriptores Rerum Danicarum I, s. 153.
  16. Scriptores Rerum Svecicarum I, I, s. 33.
  17. II, s. 681.
  18. Hervarar saga, Bugges utg., s. 279.
  19. Detter, Zwei fornaldarsögur, s. 85.
  20. Historiske afhandlinger tilegnet professor dr. J. E. Sars, s. 147.
  21. Vilh. Andersen, Illustreret dansk Litteraturhistorie II, s. 234.