Hopp til innhold

Horgje-Karann

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & Co. (s. 141-145).

Horgje-Karann.

Døm va sjoug Sys’kjin paa Horgje den Gongen Horgje-Karann voks upp, fem Gute og tvæ Jento. Alle va framifraa vælvuksne og sterke, baade Gutann og Jentun men tvo ’taa Gutom va no naagaa reint utu Lagje. De va den eldste, han Per, og den yngste, han Ommon. Han Ommon va den føraste Ongdommen i Bygden, men de enda saa ille me honom, de va han som gjekk te ut-paa Horgje-Øy’n i Offsa, um døkk kjøm ihog de.

Men de va no Gut me Avl i han Per ou, da – og slik Vokst! Slik Rygg som han ha, skulde du snoutt nok ha seett paa nugun a’an Kar og difor va de, i lang Ti’ ette, taalaa um „Horgje-Rygg“. Han Per fekk Gjifte si fraa Sonde paa Vaagaa og mea’ han fridde dit, va de tvo ’taa di beste Karom som fannst nord-i Vaagaa-Bygden den Ti’e, som ha etla se te aa kaste han Per ut, ein Gong han kom aat Sonde. De va ein Lourdags-Kvell døm gjekk og gjætte paa han, og da han Per væl ha lagt se og ingen Otte ha paa se, kjøm døm baae tvo og drog han utu Sengen ne-paa Golve. Men de vart nok ikje lengje døm orka halde han Per i Golve – han kom se upp att, vonoms før, og da vart de ein onderle Leik i Huse. Sist tok han den eine og stappa han innast onde ei Seng som ein a’an Vott og den andre vart saa livande redd, at han skout se ut igjønom Glase. Og grummast de, at de va fraa øvste Høgden i di trihøge Stugun ette Sonde-Skrivare, han hoppa ne – saa de vart eit grepa Bykks han fekk gjera.

Mea’ han Per Horgje va berre Framveksting va de ein Saamaar han og tvo andre, naagaa meir te-komne Kare, laag ve Mug-Vatne og fiska; di tvo Gutann som va me ’om Per va tvo føre Kare, de ou, men ikje naagaa meir, hell se’vanle. Baae tvo ha slik Hog te aa faa sjaa, um han Per va saa sterk som han va stor og før te, og som de allt bar te aa gaa Ord um. Difor foor døm og masa me ’om, allt som jemnan um Daagaane og vilde draagaas ve han. Men døm fekk han ikje te aa taakaa imot se. Tett fram-me Fiske-Bu’n deres laag de ein stor Lyftar-Stein og han va saa tong, at tvo medels Kare ha nokk me aa lyfte han, naar døm tok ein i kaar sin Ende paa ’om. Ein Dag di tvo sat inn-i Bu’n, datt de naagaa saa tongt ne-paa Bu-Take, at døm kjennde kaar heile Bue skolv. Døm ut, maa’ta, og vilde sjaa, kaa detta va for ein Ve-Onder – jou, der ha han Per funne paa og tikji Lyftar-Stein og lagt han uppaa Bu-Take. Men sia’ truga døm han ikje ette aa draagaas ve han, Karann.

Gamlaste Syster hans Per va gjift aat Sygard-Kleppe og der i Gard’n kom han ein og a’an Gong imillom. Ne-i Jorde paa Kleppe laag de ein Lyftar-Stein som meir hell ein freista se paa; han va saa tong, at di meste ’taa medels Kare ha nokk me, aa lyfte han upp-fraa Marken me baae Henn, men de gjekk de Orde, at summe ’taa di gamle Kleppe-Karom skulde ha lyfta han me ei Haann. Ein Gong han Per Horgje kom der, va de nogre, som fekk han me se ne-i Jorde og kom dit Lyftar-Stein laag; døm bar te aa lyfte paa han, men han Per sto lengje berre og saag paa. Sist gjekk han sta’ og velta paa han lite, nei, dime rulla han Stein inn-paa høgre Armen sin og reiste se upp og sto me ’om paa Arme – enda va de ein, som kom me ein Stein-Klomp aa la uppaa att-paa. Slik Magt ha døm alder tenkt, de kunde vera i ei Menneske og døm vart staa-ande berre aa gape umkring han.

Mea’ han va i beste Aarom, va de ein myrk Vinter-Kvell han Per gjekk aat Stalle heime paa Horgje og skulde gjeva Øykjom te Natten. Me di saamaa han kom burt-aat Stall-Sval’n sto de ein Kar der te-rei’e og gav ’om Per ein Dask i Hugue me eit Skaak-Emne. Han fekk eit stygt Slag, men lell datt han ikje, for han fekk Dasken te-si’es, saa de skje’nte paa Hugu-Skaal’n, han kom se att og dreiv te me full Magt avhenndes[1] aat dessa Kare, saa han datt som dou aat Marken. Me di gjekk han Per inn-i Stall’n og agta Øykjinn, men da han kom ut att laag Kroppen paa saamaa Flekkje og han Per vilde ikje endse ’om, men gjekk inn og la se. Fælt tile um Maargaan sto han Per upp og gjekk sta saag ette, um han enno skulde liggje der, men da va han burte. De va kome Nysnjog um Natte og de synte, at Kroppen ha krope firom-føtom. Kem de va, fekk han alder sport og han va hell-ikje go-te tenkje se, kaa de kunde vera te Kar.

Paa Vaar-Si’un i 1817 va de te-sagt fem-seks ’taa Gard-Mennom i kaart Sokn aa møte fram paa di ymse Skjuss-Skjift’om; døm lout vera me aa kjøre „Sylvskatten“. De va den Gongen døm sette upp „Norges Bank“ og de va paa denne Maatin døm førde Sylve aat Trondem. Denne Sylv-Kjørsla kalla døm „Sylv-Transporten“. Heidølinn va te-sagde aa møte paa Bræe og skulde kjøre Sylvskatten aat Romongard. Horgje’n va me sjøl, men han va seint ute og den Embets-Mann, som sto for Føringen, va grinot og ga ’om Per Fantord. Detta beit han Per, men de va ’kje anna gjera, hell eta de i se, maa’ta. Bræe-Garden sto saa full me Heste og Folk, at de sto ikje te aa kaamaa me Øykje dit, han Per skulde lesse paa, han lout løyse fraa og draagaa og bera Sle’an sin te han kom fram og fekk lesst. Di andre ha allt lesst og Sle’anne sto saa trongt, at de va ikje fram-kjømd for om Per, da han ha Lasse sitt ferdogt. De vart full-tonge Lass og Føre va saa laakt at Lorten gjekk langt uppaa Meiann i Bræe-Garde. Han Per sto lite og saag se um, kaarles han skulde gjera de – dime stakk han ein Langfinger i kaart Skaak-Ouga og drog Lasse sitt utu Garde saa di hine Sle’ane sprengdest te ymse Si’e og Lorten sprente fraa Sle’a-Meiom. De sto tjukt me Folk ut-paa Garde og døm visste ikje, antell døm skulde tru sine eigne Ougo hell-ei, da døm saag detta – de va eit Tak, døm alder i sitt Liv ha seett Maakan ve, de sa døm alle som einn.

Ette han Per Horgje va ein oldrog[2] Mann va de ein Saamaar de kom Baa[3] heim aat Horgje fraa Budeiun deres i Mugsæter’n, at Grongen ha vorte saa olm at døm lout kaamaa aa haa ei Raa’ me ’om, og de trast, ou. Han Per gjekk te-sætra sjøl, da han fekk Baa’e, og kom aat Mugsætrom te de Bele, Kue kom heim um Kvell’n. Grongen kom firi, boula og rengde Ougom og sleva[4] saa Taamann hekk i Markje, de va eit stort Beist i fjorde Aare og han saag ikje mykjy tyle ut. Men han Per rugga imots ve han og Grongen kom paa sneitt, skreik i og va ferdog te aa taakaa han paa Hønne. Jou, me di saamaa sat han Per i Hønnom paa ’om og gjorde ein go Tverr-Vipp saa Grongen datt aat Marken, som han skulde vore skotin. Saa ropte han paa Budeia, at ho skulde kaamaa me ein Stour og dengje Grongen de, ho orka, mea’ han laag og heldt han ne-aat Marken. Ho saa gjorde, ho slo og dengde me ein Ha’fell-Stour saa berre Flisinn dreiv. Sia’ saag døm ikje naagaa Illt ’taa ’om um Saamaar’n og han vart saa hogg-redd at berre Budeia tok ein Kjepp i Hande, la han paa Sprang onda.

Ein Houst døm slagta paa Horgje gjekk de paa skjeivt me ein fir-ærings Ukse da døm skulde leggje han paa Sle’an. Slagtar’n slo Dask i Dask, men Uksin sto; da va de ein ’taa di andre, som stakk han i Nakkjin, saa han datt ne-paa Føt’n sine, men de barst ne-i Garden ista’n-for paa Sle’an. Døm va fire vaksne Kare, men døm evla ikje aa faa han uppaa Sle’an att, enda Ongmann, han Per, va me og de va baade stor og sterk Kar – han Gamel-Per sjøl ha no sute paa Fø’-Raa’ i mange Aar han, da, og va inn-mot di fire Tjuge. „Nei, no lyt eg nok gaa inn aat ’om Far, saa kanskje hjolp han oss lite“ sa Ongmann og gjekk burti Fø’raads-Stugo aat ’om. Gamlin va ikje uppe enda, men han ha paa se Brokje, kjippa Skone paa se og kom trast. Saa steig han uppaa Sle’an, reiva Tagle paa Uks-Rompun umkring høgre Hande og tok i. „Ohm!“ sa han og tok Uksin inn-paa Sle’an me eitt Rykk!

Heile denne Horgje-Ækte ha vore framifraa store, sterkvuksne Folk, ne aat vore Daagaa; døm ha vore ’taa di helsogaste og magtogaste Folkje i Bygden og mange ’taa døm ha livt te inn-aat Hondrede-Aars Aldre.

  1. avhendes: ranghendes, ut mot ei ’taa Si’om.
  2. oldrog (oyldrog) sa di Gamle, no ha Uttala vorte aldrog (eildrog).
  3. Baa, er di siste 3 Manns-Aldran vorte Bo.
  4. sleva, ’taa Slevo: slagga, „sikla“.