Hopp til innhold

Slette-Gutann. Tordsson og Slaain

Fra Wikikilden

Slette-Gutann. Tordsson og Slaain.

Paa-lag saamaa Ti’e som Stor-Heringsta’n livde, va de nogre andre Kare i Heidale, ou, som va framifraa baade paa Vokst og i Magt og tvo ’taa døm sto nok ikje langt ette Heringsta’e i nugun Maate. Den eine ’taa døm heitte Tordsson og den hinn va han Paal Slette.

Tordsson va nogre Aar eldre hell Stor-Heringsta’n og i ein Aksion paa Ekre sette di tvo paa aa flaast. De va myrkt inn-i Stugun saa Folk fekk ikje sjaa væl kaarles de gjekk te, og hell-ikje tordes mange vera inna-stokks me døm dreiv paa som verst. Heringsta’n va ikje heilt full-vaksin enda, men de saag mest ut te aa bikke som likt[1] me Karom; døm tok ikje Tak, men dreiv paa og slo; sist lout den eine vikje onda, saa han tro att-ivi Klevadør-Stokken og mea’ tok Daskann aat di hine uppi Døra-Kle’ningje og døm synte i Kle’ningen sia’, mest som ette ein Grevs-Nakkje[2]. Kem de va, som lout vikje fekk ingen veta og de va saa myrkt, at de gjekk ikje an aa sjaa de.

Paa Horgje sto de eit Fjos, som han Per bygde og i di va de saa reint utu Maata te store Timber, at de va mest-som i Gamel-Fjose paa Ekre[3]; fullt saa ført va de ikje, men de va ikje avhoggje meir hell tvo Stokke i Dørn i Fjose paa Horgje, hell. Timbre va hoggje i Bilbens-Li’n og der er de baade urdot og olenndt, saa de va stor Vannde aa faa de ne utu Li’n. Tordsson va me ’om Per og ha de ne og kjørde de fram og han sa reint ut de, han Per, at ha han ikje havt hann me se, saa ha han alder faatt fram de Fjos-Vyrkje. Tordsson velta di store Timberstokkann i Urdom og end-stupte døm ut-ivi Legane saa Jorde skolv, de va reint stygt aa sjaa de. Tordsson va me ’taa Hollsteinkarom og da han kom heim aat rødde og byggde han Tordssonplassen og de er ette honom de Bruke ha Namne sitt. Han va ein overlag dugele Kar, paalitande og truverdog saa alle tykte væl um han og han va ’taa-huldin ’taa heile Grenn. Da han fekk Helsotte, ha han vore sø-over aat Fron og Førr han naadde heim-i Bygde att, tok Sjukdommen han saa hardt, at han orka ikje aa gaa. Detta spordes uppi Ner-Heidalen og da reiste Gardmennann imots ve han og kappast reint um aa skjusse han heim att. Døm skjussa han kaar sitt Stykkjy og stelte me ’om som han skulde vore Far deres; han Per Horgje kjørde han uppi Tordssonplassen og mest trast han va heim-kome dø han.

Ja, saa va de Slette-Gutann han Eistin og han Paal. Døm va me i Hollstein baae tvo og da Hollstein-Ti’e va slutt, let baae tvo se kverve aat Livgarden, han Eistin sto ve Hestgarden og han Paal ve Fotgarden. Han Paal va saa framifraa stout ein Ongdom, høg vælvuksin, og han va hulde for den vakraste Ong-Kar’n som gjekk aat Heidals-Kjørkjun. Og i Magt trudde døm hell-ikje, at de fannst nugun a’an hell Stor-Heringsta’n som kunde ha forr de me ’om. Da Hollstein-Karann fraa Heidale skulde reise, va døm samla i Garde paa Slette og saa mange Stor-Rugge, som de kom te-samen der, den Gongen, sa gamle Folk døm alder ha seett i Heidale i sitt Minne og døm trudde, de vilde gaa lengje, førr nugun vilde faa sjaa de att, ou. Der va baae Slett-Gutann, Tordsson og han Per Slaa’n, saa va de baae Revshoug-Karann og han Gardi-Ellan – alle sa, at sjoug slike Vyrkje kom ikje naagaa lite Kjørkje-Sokn te aa sende aat Hollstein. Folke, som gjekk og saag paa desse onge, gjilde Gutann ondrast se imillom paa, kem som va den magtogaste. Di meste trudde, at han Paal Slette og Tordsson lout vera Loukann, men de fannst døm som vilde vaage, at ingen ’taa di andre orka aa leggje han Gardi-Ellan paa Ryggen. Summe tykte de skulde vore Moro, aa seett han Paal Slette og Tordsson ha knept ivi Ryggen, for døm va baade di føraste og di stoutaste paa Vokst, og saa vart de saa, døm tok eit Ryggje-Tak ut-i Slette-Garde. Tordsson tapte, men han ha endele vilja, døm skulde tikji eit Tak te, men da kom Far hans Paal og nekta døm aa gjera meir ’taa di.

Da han Paal Slette kom i Livgarden vart han Fløygmann paa høgre Fløyg og fyste Gongen Fotgarden ha Mønstring ette han Paal vart Fløygmann, rei’ Kongen inn-aat ’om og klappa han paa Oksle, „min smukke Nordmand!“ sa han. Mea’ han va ve Garden tok han ofte for Moro Skull Tak ve di andre Gardistann baade fraa By og Bygd, men ingen saag, at han vart lagt paa Ryggen, nugun Gong. De va ei ong rik Enkje i Kjøpenhamn, som fekk sjaa den nye Fløygmann i Fotgarden og ho vart so hoga ette ’om, at ho vart nere galin. Ho gjorde Baa paa han og fekk taalaa ve han og ho ha endele vilja døm skulde gjifta se. Men han Paal sa beint Nei – han ha att ei Jente i Heidale, paa Sygard-Fouksta, som han alder kunde sleppe utu Hogje, korkje for Rikdom hell Magt. Og for henna Skuld va han hell-ikje go-te aa trivast ve Garden, han gjekk og ilengdes heile Ti’e. Han ha ein go Ven ve Garden, ein heitte Iva Semonsson fraa Heidale, og ve han taalaa han um, kaar han stonda heim-att og kaar mykjy forr-meir allt va uppi Ner-Heidale, hell der i di store By’n. „Aa, kjøm du ihog kaa oss dansa paa Sygards-Laava, ein Housten!“ sa han aat ’om Iva, eingong, og paa den Gjerde gjekk han stødt, berre kom ihog Heimbygde. Difor vart han ikje meir hell eitt Aar ve Garden hell, da Aare va ute fekk han Fri-Pass og di andre Heidølinn ha den True, at han ha kjøpt se lous. Da Garden ha Mønstring fyste Gongen ette han Paal va burte, sakna Kongen ’om. „Hvor er den smukke Kerl paa høyre Flei?!“ sporde han. Da va de ein høg Offeser som svaaraa, at han va dø. Trast han Paal kom heim att gjifta han se og kjøpte ein Gard paa Lesja heitte Avdem, og fløtte dit. Men ikje mange Aar ette kjørde han ne’paa[4] Lesja-Vatne og bleiv.

Han Eistin Slette va „Lakei“ hjaa Feldtmarskalk Arnoldt firi Hollstein-Ferd’n og hjaa honom va han i Tenest i hal’femte Aar. Arnoldt ga ’om Eistin go’e Lovord for tru Tenest og ha berre de som godt va aa seja um han. Da han sa upp Teneste hjaa honom let han se kverve aat Livgarden te-hest og sto der i fem Aar fraa 1759 te i 1765. Han Eistin va korkje saa stor hell saa stout Kar som han Paal va, men naar han kom paa Hestryggen ruvde han for aa vera viss-saa stor og i Sale va han ein røsle Kar. Da han kom att fraa Garden ha han me se mykjy fine Ting, baade Bona og Stas som Folk ofte gjekk inn aat ’om for aa sjaa paa. Han livde ogjift og budde paa Slette te sin Døyan-Dag. Paa sine eldre Daagaa fekk han Eistin ei Naa’es-Løn ’taa Kri’s-Kassun.

Han Per Slaa’n va me i Hollstein like te Troppinn fekk Heimlov i 1776. Spellmann-Skaarin minntes han væl, hann, de va enda Slaain som hjolpte ’om te aa faa Fele fyste Gongen. Men slik Vokst, som paa ’om Per, ha han alder seett paa Kar – naar han sat, va han saa stor ivi Bringa, som de skulde vore kvølvd eit Troug frama’-paa ’om og naar han la se paa Sia paa ein Benk, vart de ei heil Tverr-Haann imillom Kneom hans. Detta sa Spellmann-Skaarin og han loug alder. Han va go Spellmann han Per Slaa’n og foor mykjy og leet i Bygden. Eingong leet han paa Purkeskjinn-Marknae[5] i Vaagaa-Mo og der va de ein fraa Klo’ness som heldt se for ei stor Kjempe og va ei ovørdin Slaast-Bikkje. Da han fekk sjaa Slaain bar han te og egle se inn-paa han, de sto Ord ’taa Slaa-a maa’ta, og Klo’nes’n vilde ikje vera mindre, hann. Han bar te danse paa hard Vis, og kaar Gong han foor umkring Golve, spennte han Fela utu Hendom hans Per. Men da han gjorde detta upp-att treja Venda, vart de anna ’taa – han Per tok Klo’nes’n saa stygt, at Blo’-Flekkjinn synte uppi Tak-Aasom i Stugun ette. Han va elles ein tøyg og fre’ele Mann naar ingen gjekk paa han me Vold og Orett.

Revshoug-Karann va tri Brør, og tvo ’taa døm, va me i Hollstein men alle tri sto ve Fotgarden i Kjøpenhamn. Døm heitte Gottorm, Tord og Ola, alle tri va grovt føre Kare, men han Gottorm va Basen. Far aat desse Karom va kome fraa Gamel-Sambu i Bræe-Bygden, men de gjekk ut me ’om saa han Ola Slette vart Eigar ’taa Garde og sjøl fekk han att ein Plass onde Slette som kallas Revshougen. Kjørrin, som va slik Kar te aa skjera ut og som ha gjort Altar-Tavla paa Sell og i Kvikne, va Fa’bro aat desse tri Revshoug-Karom. Døm va nogre fæle Galninge, lentoge og ordhitne, men døm fann ofte paa mangt, som va ovørdsle og lite søm’le. Summe ’taa døm, som sto ve Garden, va naagaa Aagaa-Løysinge naar døm kom heim-i Bygde att, og døm ha lært se te aa vera store Otyrmo paa mange Vis. Eingong sto han Gardi-Gottorm[6] Skrift ve Kjørkja, kaa de no va for Gale han ha gjort, de va enda mea’ Monken[7] va her og de va Gut, som kunde møykje, kem de skulde vera. No va de brukele, at den Syndar’n som sto Skrift, lout stige uppaa ein Stol ne-me Preikstole og staa der i Ougom paa heile Kjørkje-Aalmuga mea’ Presten heldt Skrift-Tala for ’om og detta gjekk for se me di saamaa Presten va ferdog me Preikun og kom ne ’taa Preikstole. Da han Gottorm steig uppaa Skriftstol’n venda han se aat Monkje og sa: „den ene ned af Stolen stiger, den anden op igjen!“ Dessa Orde hans Gardi-Gottorm ha vore eit Ord-Tøkje i Bygden like te vore Daagaa.

Ordhittoge va døm, di Revshoug-Karann og de gaar att Hermo ette døm og er fortalt um Strøk, døm gjorde, enno. De va ei Kjering, heitte Kari Brennun, som budde i ein liten Heim onde Slette; ho ha ei einaste Ku og den ha ho inne i Stugun hjaa se um Vinter’n. Ein Vaar, da Krytyre kom fram-paa Markje, ha Kue henna Kari gjeve se me Slette-Bølingje og da ho Kari skulde binde inn Kue si um Kvell’n tok ho imisst og ba’tt inn ei ’taa Kjyom deres Slette. Folk tykte nok, at ho Kari va lite kjenn-spak[8] og han Tor Revshougje va te-rei’e me eit hittogt Ord: „en Okse kjender sin Eiermand og et Asen sin Herres Krybbe, men ho Kari Brennun kjennde ikje Kue si, ho ha gaatt i Brø’ me henne heile Vinter’n,“ sa han.

Han Gamel-Tord Slette paa Fougsta minntes væl dessa tri Revshoug-Karann og døm va jemnan i Arbei’ paa Slette mea’ han va Framveksting. Kaar Gong døm kvilte ette Maalom um Daagaane dreiv døm me Eksis burti Gamel-Stugun for Moro Skull. Eingong han Tord kom burti Stugo aat døm ette Maargaa’-Verde, kolna han like ne-i Tæ’n, da han fekk upp Døre –: der ha han Tord Revshougje nettup lagt „an“ og sto berre venta paa, at han Gottorm vilde kommedere: „giv Fyr!“ og i Børsun ha han Tord eit fælt Skot me Revs-Hagl som dessa tvo ikje visste um! Han va nok ikje sein paa aa faa Tak i Børsa, kan døkk veta.

De va mange fraa Ner-Heidale som let se kverve aat Fotgarden denne Ti’e; ein som heitte Gardi-Ellan va de mange som heldt for aa vera den sterkaste Kar’n som fannst i Heidale. Kaar han var fraa og kaar de vart ’taa ’om, er de ingen som veit lenger; i ein Aksion paa Ekre kom han og Tordsson i Onaa’e me ein a’an saa døm rouk ihop aa slaast, men da vart Tordsson saa forr-lett, at han vart sett midt inn i Eld-Sta’n og lout gjeva se.

  1. Bikke likt: vega likt, „balancere“.
  2. Grevs-Nakkje: Grevs-Haamaar; Øks-Nakkje: Øks-Haamaar.
  3. Um dette Fjose skriv Gerh. Schjøning i 1715: „Gaarden Ekre maa merkes formedelst et gammelt Fjøs eller Fæhus som der staar og længe har staaet. Dets hele Høyde udgjøres af tvende paa hinanden lagte Stokke, i hvilke begge Dørene ere indhugne. Naar man gjennem dem vil gaa ind, maa man vel bukke sig, men indenfor kan en Karl staa lige op. Man holder for, at dette Fjøs er 3–400 Aar gammelt og det synes at kunne staa endnu ligesaa længe.“
  4. kjørde ne: kjørde gjønom Isen.
  5. Purkjeskjinn-Markna’n va helde i Vaagaa-Mo, ut-ve Sonn-Brue, kaar Saamaar ve Jønsuku-Leite naar Nordfjordingann kom me Heste, Fe, Smør, Flesk, Selspek og Purkjeskjinn. Purkjeskjinne va brukt te aa leggje paa Øykje-Ryggen onde Kløvsal’n.
  6. Gardi-Gottorm, Gardi-Ellan o. fl. ha desse Upp-Namne for di døm sto ve Garden.
  7. Monken va Bygda-Uttala ’taa Namne aat Peter Munch som va Prest paa Vaagaa 1776–86.
  8. kjenn-spak: som er gløgg te aa kjenne att.