Han Jakup Hougje
Han budde for de fyste inn-paa Toulsta-Aase paa ein Plass kallas Hougstul’n onde Toulsta og den Gongen laag Heimen hans reint einstaakaa i tjukke Skogje. Han Jakup va kjennd for aa vera ein nouande go Kar, men han va berre stutt-vuksin og ruvde ikje mykjy. Og saa va han ei Eiter-Kveise saa forrskorin, at han styrde se ikje de mindste, naar Sinne kom paa han og lite skulde de te, førr han fouk upp, som naar ein set Eld paa Turr-Eine. Naar Stor-Sinne beit han, va han baade stygg og farle, men saa va han snar te aa blidge se att, ou.
Ein Kvell, mea’ han va paa Toulsta i Vaar-Onn, va han stygg og sinnt da han kom heim te-kvells me Plog-Krøkje[1] sine, de ha gaatt ’om naagaa imot um Dagen, kaa de no kunde vera. Da han kom inn-i Stugo heldt Kjeringje paa og stappa Grouten fram-paa Golve, men da han saag, at Kvell-Vord’n ikje va kome paa Borde, hell, spraakaa Sinne paa han saa han hoppa midt uppi Groutgryta me baae di jordote Føtom sine. „Han er vorte rei, Jakup-Guten, no,“ sa Toulsta’n, han sa ikje meir um de, for han kjennde te ’om førr. Mann paa Toulsta den Gongen heitte Hans Paalson og va Le’smann i Bygden; han lika væl han Jakup, for han va ein ra’før og truverdog Arbei’s-Kar. De va smaatt um for ’om Jakup, han ha full Stugo me jamnsmaae Onge og Heimen va baade liten og laak den Ti’e. Men Toulsta’n va stødt baade beinksamd og hjolpsamd imot ’om saa han alder gjekk uppraadd fraa ’om, naar de va naagaa, han trøngde aat se og Hope sine. Likevæl va ikje han Jakup go-te aa aagaa se, men skapte se stygg aat ’om Hans Toulsta ou, naar rette Sinna-Ele[2] kom over ’om.
De va eingong di tvo heldt paa inn-paa Kjor-Sæter’n um Vaar’n og veelte um Kve-Ha’fella og best døm dreiv me desse, vart han Jakup sinnt. Dime greip han ei lang Raafuru-Ren’le[3] døm ha kjørt fram, lyfta ho høgt i Ve’re og dreiv ho te aat Ha’fellun saa han brout ho ihop mange Maalstong-Lengdinn. Da tykte Toulsta’n de va rettast døm gjekk heim att te ein a’an Dag, naar Ve’re sto fraa ei annor Lei’. Ein a’an Gong va døm i Toulsta-Skriun i Arbei’ og der vart han Jakup saa tvi-tullin, at han sette ette om Hans og vilde bruke Magte paa ’om. Døm ha Øyk me se og han Hans kasta se paa Øyken og rei’ onda nord-ivi Moann, men han Jakup sprang ette, allt han berre evla og han va saa frisk, at Toulsta’n kunde høyre han pusta og blees baka’-for se. Sist lout no han Jakup gjeva se, men da ha han nok sprongje Sinne ’taa se, ou.
Men eingong mea’ han Jakup fridde, fekk han bytla se[4]. De va den Saamaar’n han Ommon Sta’e bygde Nystugo; han Jakup va me der og timbra og den Jenta, han sia’ fekk te Kjering, tente paa Garde. Ein Lourdags-Kvell han laag fram-me Jentun sine, kom de ein ’taa di hine Timbrarom me ein Ravel[5] og letst[6] vilde ravle han Jakup paa Leggjinn. Jou, da vakna de upp ein Gris – han spratt upp i tvingande Sinne og forrdømde se paa, at han, som gjekk me Rav’le skulde faa slikt Hogg, at han „alder skulde ravle paa Sta’e meir“, og vilde te aa slaa Kroppen hels-lous. De laag ein Sou-Kjøpar fraa Brandsli’n i Gousdal paa saamaa Stugun, ein stor, før Kar; han sto upp og tok han Jakup, som han skulde vore ein Ongje, sette se me ’om i ein Benk og blaa-heldt han te han vart bli att og laavaa ut vera skjikkele. Men de skulde leite paa Eiter-Kveisa, du, aa kjenne se saa reint onde-gjeve.
Lang-Fantann som de foor og rakte fullt ’taa i alle Bygde i gamle Daagaa, va stygge te aa bera se aat, naar døm kom paa einstaakaa Stelle der, døm trudde se[7]. Og eingong i Hovoll’n mea’ han Jakup va i Arbei’ paa Toulsta, fekk han Ti’en’ um, at de foor ein fæl Langfant upp-igjønom Øygolann[8] paa Sell og at han etla se ivi Aasen aat Lalm. Da ska du veta, han kjøm inn heime og skræme Live ’taa Kjeringen og Ongom mine, tenkte han Jakup og da han ha nønt um Dagen, fortalde han ’om Hans Toulsta, kaa Otte, han gjekk me og ba um, aa faa sjaa heim. Ja, Toulsta’n ba han berre gaa saa snøggt han kunna og han Jakup gjorde nok hell-ikje Vegen lang ivi Toulsta-Aasen. Han kom ou te-tia’ –: da han fekk upp Døre, sat Fanten i Aara og steikte Spikji-Kurv paa Glø’om og den ha han skaare ’taa di Kurve, Kjeringje ha hengjande upp-onde Aasom. Ne-i Stabbin ha han sett nogre lange, ny-slipte Toll-Knive og Kjeringje og Ongann ha krakt burti ei Ro som hauk-skremde Høno. „Dj. besetja deg, allt du her sit!“ sa han Jakup, dime spennte han Knivann i Stabba saa døm spratt inn-me Omne og gouv paa Fanten i saamaa Stonn. De vart eit skumle Basketak, for Fanten va reint eit A-Beist i Magt; døm baska Stugo rondt tri Gongo, men me saamaa døm bar ihop rouk han Jakup paa Kne. Treja Venda døm foor Golve rondt ha Fanten faatt slike Nou-Brot, at Bloe sto uppi Tak-Aasann utu Kjefte paa ’om og da va han seld. Han vart dengd saa de gjorde Mon og sia’ tok han Jakup og bak-ba’tt han og jaagaa han firi se ivi Aasen imot Natten. Ein Pening-Pong me nie Riksdale i, tok han ou fraa Fante og stakk i Lumma. Toulsta’n va Le’smann, veit døkk, og han fekk no ha Grei’e me Fante vi’are og Pening-Pongen flidd ou han Jakup aat Le’smanne. „Nei, no va du forr ærle, Jakup!“ sa Toulsta’n.
Men de va ein kjøle Gut, den Fanten, han gjekk og bar nie Mann-Hjerto[9] paa se, og den, som ha antell sjoug hell nie ’taa døm, skulde gaa toll-frie, va de sagt.
- ↑ Plog-Krøkje: Plog-Beite; „Spand“.
- ↑ Sinna-Ele, ’taa El: Ri’.
- ↑ Ren’le: grannt Tre, Ong-Tre.
- ↑ bytla se: fekk Henn fulle, raakaa Maakan sin.
- ↑ Ravel: Skavel, Jønn te aa skaavaa Borken ’taa Timber me.
- ↑ letst: leet som.
- ↑ trudde se, aa tru se: trur se aa ha frie Henn; lite se.
- ↑ Øygolann kallas førr i Ti’om Øygards-Grende paa Nord-Sell.
- ↑ Mann-Hjerto: Hjerto utu Folk, han ha tikji Live ’taa.