Heimvegen

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
P. T. Mallings Forlagsboghandel (s. 9-10).

 1. I Heimen der hyggjer ſeg Barnet beſt,
til Heimen vil Ungdomen ſtunda,
og Mannen, ſom ſviver i Auſt og Veſt,
vil helder paa Heimferdi ſkunda.
Um Landet var bratt,
og ſteinutt og svadt
og Mødor i Vegen var manga,
paa Heimvegen gjekk det daa helder radt,
og Milerna vardt inkje langa.

 2. Mauren kryp aldri ſo vidt i Kring
han leitar ei uppatter Tuva,
og Mannen løyp inkje ſo lang ein Sving,
han lengtar ei heim til ſi Gruva.

Um og han var glad i framande Stad,
ſo vil inkje Hugen ſeg feſta,
og Heimen med Haugar og Stein og Svad
han verder daa kjæraſt’ at gjeſta.

 3. Ja heima der baka dei Braudet beſt,
og vænaſte klippa dei Klædi,
der hava dei Klangen i Maalet meſt
og vænaſte kveda dei Kvædi.
Der ſer du ein Dag med ljoſare Lag,
og Skog med eit mildare Skygge;
og raamar ſo Sorgi deg der med eit Slag,
ſo finner du endaa eit Hygge.


PD-icon.svg Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.